Great Balls of Fire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Great Balls of Fire
Singel av Jerry Lee Lewis
B-side «You Win Again»
Utgjeve 11. november 1957
Innspelt 8. oktober 1957, Sun Studio i Memphis i Tennessee
Sjanger Rock'n'Roll, rockabilly, country[1][2]
Lengd 1:52
Selskap Sun #281
Låtskrivar(ar) Otis Blackwell, Jack Hammer[3]
Produsent Sam Phillips
Jerry Lee Lewis-kronologi
«Whole Lotta Shakin' Goin' On»

(1957)

Great Balls of Fire «You Win Again»

(1957)


«Great Balls of Fire» er ein song av Otis Blackwell og Jack Hammer frå 1957. Songen er mest kjend i Jerry Lee Lewis si utgåve frå 1957. Han vart spelt inn i Sun Studio i Memphis i Tennessee den 8. oktober 1957 og vart gjeven ut på singel på Sun i november 1957. Han nådde andreplassen på Billboard-lista, 3. plass på R&B-lista og toppen av countrylista. Han nådde òg toppen av salslistene i andre land, som Storbritannia. Songen er av Rolling Stone rangert på 96. plass av dei 500 største songane gjennom tidene..[4] Songen selde ein million eksemplar dei første ti dagane etter han kom ut i USA og selde til slutt over fem millionar eksemplar der, noko som gjer han til ein av dei bestseljande singlane nokon gong i USA.

Songen kjem frå eit amerikansk uttrykk, som enkelte kristne rekna som blasfemisk, og som referer til då Den heilage ande synte seg som eldtunger for dei tolv apostlane. I Tatt av Vinden frå 1939 uttaler Scarlett O'Hara (spelt av Vivien Leigh) fleire gonger «Great balls of fire!»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1957–1958) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[5] 30
New Zealand (RIANZ)[6] 8
UK Singles Chart (The Official Charts Company) 1
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 2

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard, 18 November 1957, p. 52
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 200. 
  3. «Jack Hammer». Rockabilly.nl. http://www.rockabilly.nl/references/messages/jack_hammer.htm. Henta 28. juli 2017. 
  4. The RS 500 Greatest Songs of All Time. Vitja 23. september 2008.
  5. "Nederlandse Top 40 – Jerry Lee Lewis search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  6. "Charts.org.nz – Jerry Lee Lewis – Great Balls of Fire)". Top 40 Singles. Hung Medien.
  7. The Newbeats, «Thou Shalt Not Steal» single release Retrieved April 25, 2015
  8. Erikkson, Cristoffer. «SONGS THAT AEROSMITH HAS COVERED». http://www.rockthisway.de/discography/uncovers.htm. Henta 28. juli 2017. 
  9. Eder, Bruce. «The Night the Lights Went On (In Long Beach) - Electric Light Orchestra : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/the-night-the-lights-went-on-in-long-beach-mw0000740163. Henta 28. juli 2017. 
  10. «Ronnie Dio's Early Years». Padavona.com. 1963-02-24. http://www.padavona.com/songlist/prophets.html. Henta 28. juli 2017. 
  11. Alex Lux released via; youtube.com produced by: Monster D - February 27th., 2015.


97:
 «Roll Over Beethoven» 
Chuck Berry
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
96

Jerry Lee Lewis – «Great Balls of Fire»

95:
 «Blue Suede Shoes» 
Carl Perkins