Maybellene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maybellene
Singel av Chuck Berry
B-side «Wee Wee Hours»
Utgjeve Juli 1955
Innspelt 21. mai 1955
Chess Records, Chicago
Sjanger Rock and Roll
Lengd 2:22
Selskap Chess
1604
Produsent Leonard Chess
Chuck Berry-kronologi
-- Maybellene «Thirty Days»
(1955)


«Maybellene» er ein song av Chuck Berry som fortel ei soge om eit hot rod-løp og eit øydelagd kjærleiksforhold. Han vart gjeven ut på singel i juli 1955Chess Records frå Chicago.[1] Dette var den første singelen Berry gav ut og den første hitten hans. «Maybellene» er rekna som ein av pioner-songane innan rock and roll og musikkmagasinet Rolling Stone har sagt at «rock and roll-gitar starta her»[2]

I 1955 gjekk songen til femteplass på Billboard-lista og til førsteplass på R&B-lista i USA. Berry var den første afroamerikanske artisten som nådde Topp 10 i USA med ein rock and roll-singel.[3]

Tittelen vert ofte feilskriven som «Maybelline», sjølv på nokre av Berry sine eigne CD-samlingar.

Medlåtskrivarar[endre | endre wikiteksten]

I 1950-åra utnemnde enkelte plateselskap radiopratarar og andre som medlåtskrivarar for at dei skulle hjelpe plata fram, ein slag «payola» ved at dei fekk honorar for salet av plata. Alan Freed, som var radioprogramleiar, fekk derfor låtskrivarstatus for «Maybellene», i lag med Russ Frato, som hadde lånt pengar til Chess, og Berry sjølv.[4] Freed og Frato vart seinare fjerna som låtskrivarar.

«Ida Red» og «Maybellene»[endre | endre wikiteksten]

I følgje enkelte kjelder vart songen opphavleg spelt inn av Bob Wills i 1938 under tittelen «Ida Red» og var skriven av Russ Frato. «Ida Red» var ein tradisjonell amerikanske felelåt med røter tilbake til 1800-talet. Han hadde vorte spelt inn mange gonger (med mange forskjellige arrangement) frå så tidleg som 1924. Wills sin versjon frå 1938 var langt meir enn ein felelåt og hadde piano, steelgitar og trommer, som då var særs uvanleg i country. Det er denne utgåva som ofte vert sitert som Berry sitt utgangspunkt for Maybellene.[5][6]

Pianisten Johnnie Johnson har fortalt at han og Berry skreiv om songen etter forslag frå Leonard Chess[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Columbia Records gav ut ein versjon med Marty Robbins mot slutten av august 1955.[8] Versjonen hans vart den 13. mest spelte på country-radio i midten av oktober.[9] og kort tid etter utropte Columbia songen som ein av «dei bestseljande folkesongane deira».[10] Andre versjonar som fanst i midten av oktober 1955 var av J. Long, J. Lowe og R. Marterie og songen var den 14. mestseljande i USA.[11]

Meir enn 70 artistar har spelt inn songen, mellom andre Elvis Presley, Everly Brothers, Paul Simon (i ein medley med «Kodachrome»), George Jones, Carl Perkins, Johnny Cash, Bubba Sparks, Foghat, Gerry & the Pacemakers, Johnny Rivers og Chubby Checker.[12]

I 1964 klatra ein coverversjon av Johnny Rivers til 12. plassen på Billboard Hot 100[13] og niandeplassen på RPM si Topp 40 liste i Canada.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dietmar Rudolph. A Collector's Guide to the Music of Chuck Berry: The Chess Era (1955-1966). Vitja 19. september 2008.
  2. Maybellene. Vitja 19. september 2008.
  3. The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time. Vitja 19. september 2008.
  4. Rober Palmer (1995) Rock & Roll: An Unruly History, s. 137-138 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  5. Bob Wills. Vitja 19. september 2008.
  6. NASHVILLE SKYLINE: Two Country Giants Get Musical Tributes. Vitja 19. september 2008.
  7. Johnnie Johnson. Vitja 19. september 2008.
  8. Billboard Aug 27, 1955. page 47
  9. Billboard, Oct. 15, 1955. p. 46.
  10. Billboard, Oct. 29, 1955. p. 32.
  11. Billboard, Oct. 15, 1955. p. 5.
  12. «Maybellene». Allmusic. Arkivert frå originalen den 3. juni 2009. https://web.archive.org/web/20090603090016/http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg. Henta 27. juni 2017. 
  13. Whitburn, Joel (2010). «Section 2: The Songs». The Billboard Book of Top 40 Hits (9th utg.). Billboard Books. s. 802. ISBN 978-0-8230-8554-5. 
  14. «Top Singles — Volume 2, No. 5, September 28, 1964» (PHP). RPM. Canada: Library and Archives Canada. October 1, 2004 [March 31, 2004]. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.4702&type=2&interval=20&PHPSESSID=m89iq841abagb37ld9c0fdc1f3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]