Trans-Europe Express

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trans-Europe Express
Studioalbum av Kraftwerk
Språk tysk
Utgjeve Mars 1977
Innspelt 1976 ved Kling Klang Studio i Düsseldorf i Tyskland
Sjanger Elektronisk
Lengd 42:45
Selskap Kling Klang
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
Radio-Activity
(1975)
Trans-Europe Express Die Mensch-Maschine
(1978)
Singlar frå Trans-Europe Express
  1. «Trans-Europe Express»
  2. «Showroom Dummies»

Trans-Europe Express (tysk Trans Europa Express) er det sjette studioalbumet av det tyske electronicabandet Kraftwerk. Det vart spelt inn i midten av 1976 i Düsseldorf i Tyskland og kom ut i mars 1977 på Kling Klang Records. Kritikarane hevdar albumet har to spesifikke tema: ei hyllest av Europa og skilnadane mellom røyndom og bilete. Musikalsk er songane på albumet noko forskjellig frå den tidlegare krautrockstilen med fokus på elektroniske mekaniserte rytmar, minimalisme og stundom manipulert vokal.

Trans-Europe Express nådde 119. plass på albumlista i USA og vart med på kritikarlista til Village Voice, Pazz & Jop i 1977. Det vart gjeve ut to singlar frå Trans-Europe Express: «Trans-Europe Express» og «Showroom Dummies». Albumet har sidan vorte gjeve ut i fleire format og vert framleis hylla av kritikarar som eit av dei beste og mest inspirasjonsrike albuma i 1970-åra.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter albumet Radio-Activity kom ut og turneen etter albumet var over, heldt Kraftwerk fram å flytte seg bort frå den tidlegare krautrock-stilen i den tidlegare improviserte instrumentalmusikken deira. No foredla dei arbeidet sitt til eit format med melodiske elektroniske songar.[harv 1] Under Radio-Activity-turneen byrja bandet å lage reglar for seg sjølv, som at dei ikkje skulle vere fulle på scenen eller på festar. Karl Bartos skreiv om desse reglane og sa at «det er ikkje lett å skru på knottane på ein synthesizer om du er full eller dopa. ... Me prøvde alltid å vere var på kva me gjorde når me var ute blant folk.»[harv 1] Under denne turneen vart tidlege melodiar som skulle utvikle seg til songen «Showroom Dummies» framført.[harv 2] Halvvegs i 1976 byrja Kraftwerk å arbeide på albumet som då vart kalla Europe Endless.[harv 3][harv 4] Paul Alessandrini foreslo at Kraftwerk skulle skrive ein song om Trans-Europe Express for å gjenspegle den elektroniske musikkstilen deira. Hütter og Schneider møtte musikarane David Bowie og Iggy Pop før dei spelte inn songen og dette påvekra teksten. Maxime Schmitt oppfordra gruppa til å spele inn ein fransk versjon av songen «Showroom Dummies», noko som førte til at bandet seinare spelte inn fleire songar på fransk. Albumet vart spelt inn i Kling Klang Studio i Düsseldorf.[harv 4] Ralf Hütter og Florian Schneider hadde sterkast kunstnarisk kontroll over musikken, medan Bartos og Wolfgang Flür medverka med sekvensert elektronisk perkusjon.[harv 5] Kraftwerk vitja togbruer for å lytte til lydane toget faktisk produserte. Gruppa fann ut at lyden toget laga ikkje var dansbar og endra han noko.[1]

Eit viktig, nytt utstyr som vart nytta på albumet var Synthanorma Sequenzer, ein spesiallaga 32-stegs 16-kanals analog sequencer laga for bandet av Matten & Wiechers. Dette gjorde at dei kunne laga sofistikerte sekvenserte synthesizerlinjer, som vert nytta mykje på spora «Europe Endless», «Franz Schubert» og «Endless Endless»,[2][harv 6] og frigjorde musikarane frå strevet med å spele dei same notane om att og om att.

Medan Radio-Activity hadde i blanding av tysk og engelsk tekst gjennom heile albumet, gjekk Trans-Europe Express lenger og det vart laga to versjonar der den eine vart sungen heilt på engelsk og den andre berre på tysk. Etter råd frå Maxime Schmitt vart det laga ein fransk versjon av songen «Showroom Dummies», kalla «Les Mannequins». «Les Mannequins» var den første songen deira på fransk og gjorde at dei valde å spele inn songar på fransk på seinare album.[harv 3] Etter innspelinga av albumet i Düsseldorf, vitja Hütter og Schneider Los Angeles for å mikse songane ved Record Plant Studio.[harv 4] Delar av miksinga som vart gjort i Los Angeles vart droppa frå albumet, mellom anna meir direkte vokal for å kunne gjere meir av miksinga i Düsseldorf og Hamburg seinare.[harv 7]

Plateomslaget til Trans-Europe Express skulle opphavleg vere eit svartkvitbilete av gruppa spegla i ei rekkje speglar. Ideen vart droppa til fordel av eit bilete av den kjende fotografen Maurice Seymour, der gruppa vart kledd for å likne mannekengar.[harv 8]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Wolfgang Flür har sagt at Kraftwerk var påverka av musikk frå Weimar-Tyskland-tida: «vi var born fødde like etter andre verdskrigen ... me hadde ikkje ein eigen musikk- eller popkultur ... det var krigen, og før krigen hadde me berre tysk folkemusikk. I 1920- og 1930-åra vart det utvikla melodiar og desse vart kulturen som me arbeidde ut frå».[3] Karl Bartos snakka òg om påverknaden i etterkrigstida sidan gruppa meinte dei «hadde denne utviklinga i 1920-åra som var særs, særs kraftig og audiovisuell. Me hadde Bauhaus-skulen før krigen og så etter krigen hadde me fantastiske folk som Karlheinz Stockhausen og utviklinga av klassisk og elektronisk klassisk. Dette var særs sterkt og det skjedde nær Düsseldorf i Köln og alle dei store komponistane på den tida kom der.»[1] Paul Alessandrini er tilskriven for å ha hjelpt til med konseptet på albumet. Alessandrini fortalte Hütter og Schneider at «med den musikken de gjer, som er som ein elektronisk blues, jernbanestasjonar og tog er viktige delar av universet, så de bør lage ein song om Trans Europe Express».[harv 9] Kraftwerk meinte kritikarane i Storbritannia og USA knytte dei til Nazi-Tyskland, med songar som «Autobahn» som vart bygde av nazistane i 1930- og 1940-åra. Samstundes ønskte bandet å gå bort frå den tyske arva si gjennom ei kjensle av ein ny europeisk identitet og følte at Trans Europ Express kunne nyttast til å symbolisere dette.[1] Allmusic omtalte Trans-Europe Express som eit konseptalbum med to forskjellige tema. Det første er skilnadane mellom røyndom og bilete, representert av songane «Hall of Mirrors» og «Showroom Dummies», og den andre er om glorfiseringa av Europa.[4] Slant Magazine skildra albumet som eit «sonisk dikt til Europa».[5]

Den musikalske stilen på Trans Europe Express vart av Allmusic skildra som melodiske tema som «vert repeterte ofte og stundom vovne saman over velovervegde, dunkande rytmar, stundom med manipulert vokal» og «minimalistiske, mekaniserte rytmar og fengande melodiar».[4] Hütter har kommentert den minimalistiske karakteren på albumet og sa at «Om me kan føre fram ein ide med ein eller to tonar, er det betre enn å spele hundre tonar».[harv 9] Den første sida av Trans-Europe Express har tre songar. Songen «Hall of Mirrors» har vorte skildra å ha uttrykkslaus tekst som spekulerer i korleis stjerner ser seg sjølv i ein spegel.[harv 3] Hütter og Schneider har skildra songen som sjølvbiografisk.[harv 3] Den tredje songen «Show Room Dummies» vart av Allmusic skildra som «sprettande melodisk på ein måte som resten av Trans-Europe Express ikkje er» og med tekstar som er «noko paranoid».[6] Ideen til songen kom då Flür og Bartos vart samanlikna med mannekengdokker i ein britisk konsertomtale. Somme versjonar av songen inneheld ein munnleg introduksjon som starta med ei nedteljing «eins zwei drei vier» som ein parodi på bandet Ramones som starta somme songar med ei rask nedteljing med «one two three four».[harv 3] Den andre sida av Trans-Europe Express er ein suite der «Trans-Europe Express» held fram gjennom «Metal on Metal» og «Franz Schubert» før det vert avslutta med ei repetering av hovudtemaet frå «Europe Endless».[7] Allmusic skildra dei musikalske elementa i suiten som eit stemningskapande tema med «ei uttrykkslaus synging av tittelen der den grunnleggande rytmen langsamt vert overlagt på same måte som den tidlegare «Autobahn» vart konstruert».[7] Teksten refererer til albumet Station to Station av Bowie og eit møte med musikarane Iggy Pop og David Bowie.[harv 10] Hütter og Schneider hadde tidlegare møtt Bowie i Tyskland og var smigra over merksemda dei fekk frå han.[harv 11] Ralf Hütter var interessert i arbeidet til Bowie sidan han hadde arbeida med Iggy Pop, som var den tidlegare frontmannen i The Stooges; ei av favorittgruppene til Hütter.[harv 12]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Trans-Europe Express kom ut første gong i mars 1977.[8] Med hjelp av Günther Fröhling laga Kraftwerk ein musikkvideo for song «Trans-Europe Express». Videoen syner gruppa i lange frakkar på ei togreise frå Düsseldorf til Duisburg i nærleiken. Bilete frå videoen vart seinare nytta på singelomslaget til «Showroom Dummies».[harv 10] Fröhling arbeidde seinare med Kraftwerk på albumet Die Mensch-Maschine og tok fotografiet på plateomslaget.[9] For å marknadsføre albumet for pressa i Frankrike, leigde EMI Records eit tog med gammaldagse vogner frå 1930-åra for ei reise frå Paris til Rheims medan songar frå albumet vart spelt over høgtalaranlegget på toget.[harv 5]

Trans-Europe Express nådde høgare på albumlista i USA enn det førre albumet til Kraftwerk, Radio-Activity, med ein 117. plass på Billboard Top LPs & Tapes-lista.[10][harv 13] «Trans-Europe Express» og «Showroom Dummies» vart gjevne ut som singlar frå albumet.[harv 14] «Trans-Europe Express» gjekk inn på Billboard Hot 100 i 1977 med ein 67. plass.[11] Trans-Europe Express gjekk inn på lista i Storbritannia i 1980-åra. I 1982 nådde albumet ein 49. plass på albumlista og låg der i sju veker. Singelen «Showroom Dummies» nådde lista den 20. februar 1982 og låg inne på lista i fem veker med ein 25. plass som høgaste plassering.[harv 15] I oktober 2009 vart det gjeve ut ei nymastra utgåve av albumet.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[4]
Robert ChristgauA−[12]
Drowned In Sound(10/10)[13]
The Independent5/5 stars[14]
Mojo5/5 stars[15]
Q4/5 stars[16]
Rolling Stone5/5 stars[17]
Slant Magazine5/5 stars[5]
Spin(9/10)[harv 16]
Uncut5/5 stars[18]

Dei første meldingane av Trans-Europe Express var positive. I nyare tid har Trans-Europe Express fått høgaste karakter hos Allmusic, Mojo, Rolling Stone og Slant Magazine.[4][5][15][17]

Trans-Europe Express har òg dukka opp på forskjellige lister. I 2001 plasserte VH1 Trans-Europe Express på 56. plass på lista si over «100 beste album gjennom tidene».[19][20] I 2002 plasserte Slant Magazine albumet på førsteplassen på lista si over dei beste elektroniske albuma på 1900-talet.[21] I 2003 plasserte Rolling Stone albumet på 253. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[22] Channel 4 plasserte albumet på ein 71. plass på lista si over dei 100 beste albuma.[23] I 2004 lista Pitchfork Media Trans-Europe Express som det sjette beste albumet frå 1970-åra og skreiv at «den dagen vil snart kome, om han ikkje alt er her, då Trans-Europe Express vert nemnt der oppe i lag med Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og Exile on Main Street som ei plate ein rett og slett ikkje kan skrive om».[24]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Original LP-utgåve

Side ein[25]
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Europe Endless»Ralf Hütter, Florian SchneiderHütter9:40
2.«The Hall of Mirrors»Hütter, Schneider, Emil SchultHütter, Schneider7:56
3.«Showroom Dummies»HütterHütter6:15
Side to
Nr.TittelTekstMusikkLengd
4.«Trans-Europe Express»Hütter, SchultHütter6:37
5.«Metal on Metal» Hütter6:52
6.«Franz Schubert» Hütter4:26
7.«Endless Endless» Hütter, Schneider0:55

2009-utgåva

Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Europe Endless ("Europa Endlos")»Ralf Hütter, Florian SchneiderHütter9:42
2.«The Hall of Mirrors ("Spiegelsaal")»Hütter, Schneider, Emil SchultHütter, Schneider7:57
3.«Showroom Dummies ("Schaufensterpuppen")»HütterHütter6:15
4.«Trans-Europe Express ("Trans Europa Express")»Hütter, SchultHütter6:36
5.«Metal on Metal ("Metall auf Metall")» Hütter2:12
6.«Abzug» Hütter4:55
7.«Franz Schubert» Hütter4:26
8.«Endless Endless ("Endlos Endlos")» Hütter, Schneider0:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Doran, John (March 11, 2009). «Karl Bartos Interviewed: Kraftwerk And The Birth Of The Modern». The Quietus. Henta October 21, 2009. 
  2. Matten, Dirk. «Synthanorma Modell 316» (PDF) (på tysk). Henta October 23, 2009. 
  3. Thompson, Dave. «Song Review: Europe Endless». Allmusic. Henta October 21, 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Huey, Steve. «Trans-Europe Express: Overview». Allmusic. Henta January 16, 2011. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Cinquemani, Sal (November 2, 2002). «Kraftwerk: Trans-Europe Express review». Slant Magazine. Henta October 20, 2009. 
  6. Mason, Stewart. «Showroom Dummies: Song review». Allmusic. Henta October 21, 2009. 
  7. 7,0 7,1 Mason, Stewart. «Song review: Trans-Europe Express». Allmusic. Henta October 21, 2009. 
  8. , Billboard Magazine, Oct. 22, 1977 issue, «Kraftwerk's Elektrisk Plant Pulsating Funky Success», s.67.
  9. «Die Mensch-Maschine: Credits». Allmusic. Henta October 21, 2009. 
  10. «Trans-Europe Express: Charts & Awards: Billboard albums». Allmusic. Henta October 22, 2009. 
  11. «Trans-Europe Express: Charts & Awards: Billboard Singles». Allmusic. Henta October 22, 2009. 
  12. Christgau, Robert. «Robert Christgau:CG:Kraftwerk». Henta October 20, 2009. 
  13. Power, Chris (October 13, 2009). «Review / Kraftwerk – Trans-Europe Express: Remastered / Releases / Releases // Drowned In Sound». Arkivert frå originalen 16. oktober 2009. Henta October 20, 2009. 
  14. Gill, Andy (October 13, 2009). «Album: Kraftwerk, Trans Europe Express (Mute)». The Independent. Henta October 22, 2009. 
  15. 15,0 15,1 Snow, Mat (2009). «Gut Vibrations». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  16. «Q». Q: 140. 1995. «4 Stars – Excellent – «...changed the face of American dance music...one of the most compelling beats of this or any other era..."»  |access-date= requires |url= (hjelp)
  17. 17,0 17,1 Blashill, Pat. «Kraftwerk: Trans-Europe Express : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. juni 2008. Henta October 20, 2009. 
  18. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk – Reissues». Uncut. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. Henta October 22, 2009. 
  19. 100 Greatest Albums of Rock & Roll, arkivert frå originalen 9. januar 2004, henta 9. januar 2004 
  20. 100 Greatest Albums, arkivert frå originalen 25. mai 2004, henta 25. mai 2004 
  21. Cinquemani, Sal (2002). «2520: The 25 Greatest Electronic Albums of the 20th Century». Slant Magazine. Henta October 22, 2009. 
  22. «253) Trans-Europe Express: Rolling Stone». Rolling Stone. November 1, 2003. Arkivert frå originalen 26. juni 2008. Henta October 22, 2009. 
  23. «Channel4–100 Greatest Albums». Channel 4. Arkivert frå originalen 29. april 2009. Henta October 22, 2009. 
  24. Leone, Dominique (June 23, 2004). «Top 100 Albums of the 1970s». Pitchfork Media. Henta October 22, 2009. 
  25. (1987) Plateomslagstekst for {{{title}}} av Kraftwerk [Compact disc]. Capitol Records (CDP 7 46473 2).
  1. 1,0 1,1 Bussy 2004, s. 82.
  2. Bussy 2004, s. 81.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Bussy 2004, s. 93.
  4. 4,0 4,1 4,2 Bussy 2004, s. 83.
  5. 5,0 5,1 Bussy 2004, s. 92.
  6. Flür 2003, s. 133–134.
  7. Bussy 2004, s. 86.
  8. Bussy 2004, s. 88.
  9. 9,0 9,1 Bussy 2004, s. 90.
  10. 10,0 10,1 Bussy 2004, s. 94.
  11. Bussy 2004, s. 84.
  12. Bussy 2004, s. 85.
  13. Bussy 2004, s. 95.
  14. Strong 1998, s. 454.
  15. Warwick 2004, s. 612–613.
  16. Weisbard 1995, s. 215.