Tresteghopparen Jonathan Edwards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonathan Edwards

Jonathan Edwards olympics 2000.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. mai 1966
Windsor i Berkshire
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, programleiar

Jonathan Edwards (fødd 10. mai 1966) er ein britisk tidlegare tresteghoppar frå London. Han vart verdsmeister i øvinga i 1995 og 2001, europameister i 1998 og olympisk meister i 2000. I tillegg vann han eitt OL-sølv, eitt VM-sølv og to VM-bronsar og ein EM-bronse. Hans personlege rekord frå 1995 på 18,29 meter er framleis verdsrekord i 2014.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Edwards vann den fyrste internasjonale medaljen då han vart nummer tre i VM 1993 i Stuttgart. To år seinare, under VM 1995 i Göteborg sette han ny verdsrekord, 18,16 m, i sitt fyrste finalehopp. Det var samstundes det aller fyrste tresteghoppet over 18 meter. 20 minuttar seinare hoppa han 18,29 meter, ein rekord som i 2014 enno er gjeldande verdsrekord.

Under sommar-OL 1996 gjorde han eit godt bestehopp, 17,88 meter, men måtte sjå seg slått av Kenny Harrison frå USA som passerte 18-metersgrensa. Også i 1997 vart det sølvmedalje på Edwards, 16 cm bak Yoelbi Quesada frå Cuba. Derimot vart det ein suveren siger i friidretts-EM 1998, der Edwards gjorde sitt nest beste finaleresultat i dei store meisterskapane, 17,99 m, og vann med over ein halv meters margin.

Etter VM-bronse i 1999 tok Edwards sitt einaste OL-gull i OL i Sydney i 2000, etter å ha fått notert 17,71 m i sluttprotokollen. Året etter vann han sin fjerde og siste internasjonale tittel under VM 2001 i Edmonton, med sterke 17,92 m vart han ein suveren vinnar. Sidan fekk han ikkje lenger opp dei heilt store lengdene, men sikra seg likevel bronsen i EM i friidrett 2002.

Edwards la opp etter 2003-sesongen, 37 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]