Hopp til innhald

Trevor Key

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trevor Key
StatsborgarskapStorbritannia
Fødd10. juli 1947(1947-07-10)
Død

6. desember 1995 (48 år)

Yrkegrafisk designar, fotograf
Språkengelsk
Nettstadabouttrevorkey.com

John Trevor Key (10. juli 19476. desember 1995)[1] var ein britisk fotograf og designer, mest kjend for arbeidet sitt med musikarar i 1970- og 1980-åra. Eit av dei mest kjende verka hans var plateomslaget for debutalbumet til Mike Oldfield, Tubular Bells frå 1973. Andre musikarar han arbeidde for var mellom andre Joy Division, Sex Pistols, Phil Collins, Roxy Music, Wham!, Can, China Crisis, System 7, Orchestral Manoeuvres in the Dark og New Order.

Key var involvert i logodesign og laga signaturlogoen til Virgin Group i lag med Ray Kyte.[2][3] Key samarbeidde òg med Peter Saville og Factory Records.

Plateomslag

[endre | endre wikiteksten]

Key laga mellom anna følgjande plateomslag:[4]