Face Value

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Face Value
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 13. februar 1981
Innspelt Juni 1980 til januar 1981
Studio
Sjanger
Lengd 47:49
Selskap Virgin
Produsent
Phil Collins-kronologi
Face Value Hello, I Must Be Going!
(1982)


Singlar frå Face Value
  1. «In the Air Tonight»
    Utgjeve: 5. januar 1981
  2. «I Missed Again»
    Utgjeve: 7. mars 1981
  3. «If Leaving Me Is Easy»
    Utgjeve: Mai 1981
  4. «Thunder and Lightning»
    Utgjeve: November 1981
    (berre Tyskland)

Face Value er debutalbumet til den engelske trommeslagaren og songaren Phil Collins som soloartist, gjeve ut 13. februar 1981 på Virgin Records. Etter det første ekteskapet hans gjekk i grus i 1979, byrja Collins å skrive songar i ein pause frå bandet sitt, Genesis, der mange av songane omhandla livet hans. Albumet vart spelt inn frå midten av 1980 til tidleg i 1981 med Collins sjølv og Hugh Padgham som produsentar. Andre medverkande på albumet var Phenix Horns, Alphonso Johnson og Eric Clapton.

Face Value vart raskt ein stor suksess og gjekk til topps på UK Albums Chart for tre veker og nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard 200. Det har sidan seld over fem millionar eksemplar i USA og 1,5 millionar i Storbritannia. Albumet fekk gode meldingar frå kritikarane. Den første singelen, «In the Air Tonight», kom ut i januar 1981 og nådde andreplassen på UK Singles Chart og vart kjend for trommearrangementet og bruken av gated reverb. I januar 2016 kom Face Value ut på ny med bonusspor og eit nytt omslag som likna på originalen men med eit nytt bilete av Collins på framsida.[4]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I 1978 hadde Phil Collins vore medlem av det engelske progrockbandet Genesis i nesten åtte år. Etter å ha vore trommisen deira i dei første fem åra, tok han motvillig over rolla som frontmann og songar i 1975, etter at den opphavlege songaren Peter Gabriel slutta. Den ni månader lange turneen til Genesis for å marknadsføre ...And Then There Were Three... (1978)[5] vart problematisk for kona til Collins, Andrea, som klaga over at han ikkje var nok heime. Om han fullførte heile turneen kom ikkje ho til å vere der når han kom heim.[6] Collins meinte at bandet var i ferd med å få det store gjennombrotet sitt og turneen kom til betale seg for framtida.[7] Mot slutten av turneen valte Andrea og dra til foreldra sine i Vancouver i Canada med dei to barna deira. I eit forsøk på å redde ekteskapet flytta Collins til Vancouver, men mislukkast og kom attende til England i april 1979 då Andrea gjekk med på å kome attende med barna.[5][8]

Då Genesis-medlemmane Tony Banks og Mike Rutherford arbeidde på sine respektive soloalbum i 1979, brukte Collins tida han hadde til over på å skrive songar. Han fortalte Modern Drummer tidleg det året: «Eg har ein ambisjon om å gjere mitt eige album med mykje variasjon. Eg skriv songaktige ting, i tillegg til noko frå Brand X-tida. Eg likar òg det [Brian] Eno gjer - som den typen filmmusikk eg alltid har vore interessert i - to eller tre minuttar med berre stemning. Albumet, når det kjem ut, vil ha mange forskjellige stilar.[9]. I heimen sin i Shalford i Surrey, kalla Old Croft, sette Collins opp ein synthesiser, eit piano, ein Roland CR-78 trommemaskin og ein åttespors lydbandopptakar på soverommet, og spelte inn ei samling med demoar med akkompagnement og tidlege tekstar.[10] Han var ikkje uroa over kvaliteten på innspelingane, sidan han mest av alt prøvde å fange kjensla i songane. Det var mange gonger Collins stoppa innspelingane tidlegare enn planlagt fordi ideane ikkje fungerte i studio.[11] Collins baserte mesteparten av Face Value på skilsmissa han nettopp hadde vore gjennom, og brukte soloalbumet for å få uttrykk for kjenslene sine.[11]

Under skrivinga av albumet danna Collins eit nært venskap med John Martyn og medverka på albumet hans, Grace and Danger (1980), som på same vis omhandla ei skilsmisse og slutten på eit forhold. Somme av songane til Collins skreiv vart framført av Genesis på Duke (1980), inkludert «Misunderstanding» som brukte det originale arrangementet til Collins.[11] Han hadde spelt «In the Air Tonight» og «If Leaving Me is Easy» for gruppa, men dei vart fjerna fordi Collins meinte dei var «for enkle for bandet».[11]

Tidlege albumtitlar var Interiors og Exposure.[11] For å gje ut albumet signerte Collins ein solokontrakt med Virgin Records for distribusjon i Storbritannia.[10] Han gjorde dette for å «forlate reiret» og sikre seg full kunstnarisk kontroll over musikken. Collins meinte òg at å gje ut albumet på Charisma Records, selskapet til Genesis, ville ha gjort albumet til ein mindre suksess på grunn av meininga folk måtte ha om bandet og selskapet på førehand.[10] Collins meinte eit nytt selskap ville gjere at albumet kunne nå ut til eit større selskap.[11]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga for Face Value fann stad i Town House i London mellom seinvinteren 1979 og tidleg i januar 1981. Demoane Collins spelte inn på åtte sporr vart overført til ein 24-sporsopptakar. I følgje Classic Albums valte Collins, som voks opp med å lytte til amerikansk R&B som barn i Chiswick, å ta med seg ei R&B-blåserekkje, og leigde Phenix Horns, som spelte for Earth, Wind & Fire. Collins hadde spurt ein kontakt som kjende gruppa om dei var interessert i å spele for han, og då dei gjekk med på dette, møtte leiaren deira, Thomas «Tom Tom 84» Washington Collins og spurte han om å syngje seksjonane der blåsarane skulle inn på eit lydband. gruppa spelte inn sine partar dagen etter.[10]

Collins produserte albumet sjølv med hjelp frå Hugh Padgham. I starten vurderte han George Clinton, Maurice White eller Phil Ramone før han forstod at han berre trengde nokon som kunne godta ideane hans.[11] Assisterande lydteknikar var Nick Launay, som Collins var imponert over med arbeidet han hadde gjort for Public Image Limited.[12] Collins var misnøgd med dei første versjonane av albumet, og skildra dei som eit Queen-album, «stort, britisk og likefram».[11] Han lytta så til fleire svarte album, som The Jacksons sine og ei samling med soulartistar i samlinga si, og merka seg at teknikaren Mike Reece hadde arbeidd på fleire av dei. Reece handsama ein versjon som Collins var nøgd med.[11]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Den enkle musikkstilen på Face Value kom av at Collins likte dei enkle melodiane til Weather Report og svart musikk.[11] Sidan Collins sjølv var trommeslagar, var det kontroversielt at han brukte trommemaskin på albumet. Collins sa han ønkte å eksperimentere med ein annan stil og var inspirert av arbeidet til den tidlegare bandkollegaen Peter Gabriel, som hadde brukte trommemaskin på det siste albumet sitt. Collins var med på dette albumet. Mange av songane vart arrangerte av Collins og Thomas «Tom Tom 84» Washington. Han brukte indisk-aktige fiolinar, spelt av L. Shankar, for ekstra tekstur.

Den siste innspelinga for Face Value var i januar 1981, før den første singelen, «In the Air Tonight», kom ut. Sjefen i Atlantic, Ahmet Ertegun, rådde Collins til å spele trommer på versa og opninga av songen, medan albumversjonen ikkje har trommer før mellomspelet.

Albumet inneheld songar innan forskjellige sjangrar. Mange av songane ligg innafor R&B med ein lett smak av funk, særskild på «I'm Not Moving», der Collins song korvokalen sin gjennom ein vocoder. «Droned» og «Hand in Hand» er meir progressive rockeinstrumentalar, der den første har ein eksotisk, afrikansk stil, medan «Hand in Hand» har element av jazz, eit barnekor frå Los Angeles som nynnar musikken og improvisert instrumentering frå Collins og Phenix Horns.[11] «The Roof Is Leaking» har element av Delta blues og country. «Behind the Lines» vart opphavleg spelt inn av Genesis for Duke som ein progrocksong. Collins arbeidde han om til ein blåsar-basert R&B/funk-song. Versjonen av The Beatles-songen «Tomorrow Never Knows» består av instrument og vokal spelt inn av baklengs av Collins. Etter songen er over kan ein høyre Collins roleg syngje «Over the Rainbow» som ein referanse til det nylege drapet på John Lennon. Denne siste songen er stort sett ikkje ført opp på plateomslaga, og var den einaste gongen Collins nytta eit løynd spor på ei av utgjevingane sine.

Fire av songane som Collins skreiv for Face Value vart ikkje nytta: «Misunderstanding» og «Please Don't Ask» som begge kom ut på Genesis-albumet Duke, «How Can You Just Sit There» (som utvikla eg til singelen «Against All Odds (Take a Look at Me Now)» i 1984), og det som vart «Don't Lose My Number», som først kom ut på det tredje albumet til Collins, No Jacket Required i 1985.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Collins rekna Face Value som eit særs personleg prosjekt, som var årsaka til at det vart valt eit nærbilete av andletet til Collins på framsida. På baksida av omslaget kan ein sjå bakhovudet til Collin. Collins skreiv sjølv all teksten på plateomlaget for hand, sjølv med til den juridiske merknaden på ytterkanten av etiketten på LP-plata. Under opplistinga av musikarane skreiv han ikkje «Phil Collins», men berre «Me».[10]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut 13. februar 1981,[13] og vart raskt ein stor suksess, og gjekk til topps på albumlistene i Storbritannia, Canada og andre europeiske land, medan det nådde sjuandeplassen i USA. «In the Air Tonight» vart den største hitten frå albumet og nådde andreplassen i Storbritannia og toppen av listene i tre andre land og topp 20 i USA. Andre songar, som «I Missed Again», nådde 14. plassen i Storbritannia og 19. plassen i USA, medan ein tredje singel, «If Leaving Me Is Easy», nådde 17. plassen i Storbritannia. Denne kom ikkje ut i Amerika. Albumet har seld over fem millionar eksemplar i USA og fått fem ganger platinplate der, og ti gonger platinaplate i Canada. Det vart ingen turné etter albumet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[14]
The Irish News4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[15]
PopMatters9/10[16]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[17]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[18]
Rolling Stone (GER)4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[19]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[20]
Scunthorpe Telegraph10/10
Uncut7/10[21]

Face Value fekk god kritikk. William Ruhlmann i AllMusic gav Face Value fire og ei halv stjerne av fem. Han sa «Collins syner seg sjølv som ein lidenskapleg songar (og markant trommeslagar) med eit talent for både kjenslemessige balladar og snerrande rockarar.»[22] Steve Pond i Rolling Stone gav albumet tre av fem stjerner. Han sa at «Collins held på den flytande vokale tonen han i seinare tid har utvikla i Genesis, men ignorerer dei oppblåste ideane deira til fordel for grunnleggjande pop og R&B.». Han kalla òg albumet «popmusikk om personleg opprør». Men sa òg «det knuste hjartet til songaren er for tydeleg på omslaget, og her er mange musikalske feilsteg».[18]

I 2013 skreiv Will Levith for Ultimate Classic Rock at albumet i dag er ein klassikar med «ein av dei beste 80-talsongane: 'In the Air Tonight', som alle på eit eller anna tidspunkt har spelt lufttrommer til». Han skildra versjonen av Beatles sin «Tomorrow Never Knows» som «absolutt frykteleg» og spurte «Kvifor Collins meinte det var naudsynt å leggje ein så stor drit på eit elles glimrande album er ikkje til å forstå.»[23] I 2016 skildra Dorian Lynskey i The Guardian Face Value som «ein fengslande debut, som vandrar mellom kunstrock og sjelfull MOR... den mest potente kvaliteten ved Face Value er den emosjonelle openheita. Som det tankefulle portrettet på omslaget adresserer songane lyttaren med urokkeleg direktheit.»[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «In the Air Tonight»    5:34
2. «This Must Be Love»    3:55
3. «Behind the Lines»  tekst av Mike Rutherford; musikk av Tony Banks, Collins og Rutherford 3:53
4. «The Roof Is Leaking»    3:16
5. «Droned»    2:49
6. «Hand in Hand»    5:20
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «I Missed Again»    3:41
8. «You Know What I Mean»    2:33
9. «Thunder and Lightning»    4:12
10. «I'm Not Moving»    2:33
11. «If Leaving Me Is Easy»    4:54
12. «Tomorrow Never Knows»  John Lennon, Paul McCartney 4:52
13. «Over the Rainbow» (ikkje oppført, utanom på ein kassettversjon frå 1981)tekst av E.Y. Harburg; musikk av Harold Arlen 0:31
47:49
Bonusplata Extra Values - plate to på luksusutgåva frå 2016[24]
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Misunderstanding» (live 2004)  4:42
2. «If Leaving Me Is Easy» (live 1985)  7:23
3. «In the Air Tonight» (live 1997)  7:51
4. «Behind the Lines» (live 1985)  3:39
5. «The Roof Is Leaking» (demo 1980)  3:12
6. «Hand in Hand» (live 1997)  9:47
7. «I Missed Again» (live 2004)  4:22
8. «...And So to F...» (live 1982)  6:22
9. «This Must Be Love» (demo 1980)  3:44
10. «Please Don't Ask» (demo 1980)  4:01
11. «Misunderstanding» (demo 1980)  2:53
12. «Against All Odds» (demo 1980)  2:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Phil Collins – vokal, trommer (1, 3, 6, 7, 9–12), Roland VP-330 vocoder (1, 6, 10), CR-78 trommemaskin (1, 6, 12), Prophet-5 synthesizer (1, 2, 5–7, 10–12), Fender Rhodes (1, 2, 9, 11), perkusjon (2, 10), piano (4–8, 10), klapping (5, 9), conga (5), marimba (6), akustisk gitar (13)
  • Daryl Stuermer – gitarar (1, 2, 3, 6, 7, 9, 11, 12), banjo (4), 12-strengsgitar (5)
  • John Giblin – bassgitar (1, 9, 10, 12)
  • L. Shankar – fiolin (1, 5, 7, 12), tamboura (5), «vokale trommer» (5)
  • Alphonso Johnson – bass (2, 3, 6, 7, 11)
  • J. Peter RobinsonProphet-5 (3)
  • Joe Partridge – slidegitar (4)
  • Stephen Bishop – korvokal (2)
  • Eric Clapton – gitar (4, 11)
  • Arif Mardin – strykearrangement (8, 11)
  • EWF Horns – blåsarar
  • Ronnie Scott – tenorsaksofon (7)
  • Musikkhandsaming – Maurice Spears
  • Anna korvokal på spor 6 og 12 av fleire barnekor i Los Angeles
  • Strykararr på spor 8 og 11 dirigerte av Martyn Ford
  • Fiolinar – Gavyn Wright (leiar), Bill Benhem, Bruce Dukov, David Woodcock, Liz Edwards, Irvine Arditti, Ken Sillitoe, Peter Oxen og Richard Studt
  • Bratsj – Roger Best, Brian Hawkins og Simon Whistler
  • Cello – Tony Pleeth, Clive Anstee og Nigel Warren-Green
  • Kontrabass – Chris Lawrence

Produksjon

  • Phil Collins – produsent
  • Hugh Padgham – assisterande produsent, lydteknikar
  • Nick Launay – assisterande lydteknikar (London)
  • Karen Siegel – assisterande lydteknikar (Los Angeles)
  • Trevor Key – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste
UK
[25]
US
[26]
CAN
[27][26]
AUS
[28]
NZ
[29]
GER
[30]
AUT
[31]
NOR
[32]
SPN
[33]
SWE
[34]
SWI
[35]
1981 1 7 1 2 4 2 3 5 7 1 2
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista eller vart utgjeven.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Liste
UK
[25]
US
[36]
US Rock
[37]
CAN
[26][27]
AUS
[28]
NZ
[29]
GER
[38]
NL Top 100
[39]
NL Top 40
[40]
AUT
[31]
FRA
[41]
IRE
[42]
NOR
[32]
SPN
[43]
SWE
[34]
SWI
[35]
1981 «In the Air Tonight» 2 19 2 2 3 6 1 2 1 1 1 2 4 7 1 1
«I Missed Again» 14 19 8 6 88 35 23 28 12
«If Leaving Me Is Easy» 17 61 25
«Behind the Lines» 58
«Thunder and Lightning»
1988–89 «In the Air Tonight ('88 Remix)» 4 47 3 17 23 4 20 6 2
2007–08 «In the Air Tonight» (nyutgjeving) 14 1 32
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista eller kom ut.

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[44] Platina 60 000x
Austerrike (IFPI Austerrike)[45] Platina 50 000x
Canada (Music Canada)[46] Diamant 1 000 000^
Frankrike (SNEP)[47] 2× Platina 600 000*
Tyskland (BVMI)[48] 7× Gull 1 750 000^
Nederland (NVPI)[49] 2× Platina 200 000^
Spania(PROMUSICAE)[50] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[51] 2× Platina 100 000x
Storbritannia (BPI)[13] 5× Platina 1,542,095[52]
USA (RIAA)[53] 5× Platina 5 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sendra, Tim. «Face Value – Phil Collins». AllMusic. Henta 17. mars 2020. 
  2. Galluccci, Michael (9. februar 2016). «35 Years Ago: Phil Collins Releases His First Solo Album, 'Face Value,' About His Crumbling Marriage». Ultimate Classic Rock. Henta 22. august 2016. 
  3. 3,0 3,1 Lynskey, Dorian (11. februar 2016). «Phil Collins returns: 'I got letters from nurses saying, «That's it, I'm not buying your records»'». The Guardian (London). Henta 17. mars 2020. 
  4. Reed, Ryan (2. september 2015). «Phil Collins Details 'Face Value,' 'Both Sides' Reissues». Rolling Stone. Henta 17. mars 2020. 
  5. 5,0 5,1 Fielder, Hugh (27 Oktober 1979). «The return of... Getting it together in the Country». Sounds. Henta 11. mars 2020. 
  6. Bowler & Dray 1992, s. 151.
  7. Bowler & Dray 1992, s. 154.
  8. Taylor, Steve (10. november 1979). «Hard working for a living». Melody Maker. s. 27. Henta 17. mars 2020. 
  9. Alexander, Susan. «Phil Collins On the Move». Modern Drummer. Mars 1979.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Fielder, Hugh (7. februar 1981). «Phil Collins: «Why I had to leave the nest»»: 22–23. Henta 12. mars 2020. 
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 Barber, Lynden (7. februar 1981). «Facing up to new values». Melody Maker. Henta 12. mars 2020. 
  12. Mills, Gary (26. mai 2010). «No Flak Jacket Required: In Defence Of Phil Collins». The Quietus. Henta 17. mars 2020. 
  13. 13,0 13,1 «BPI > Certified Awards > Search results for Phil Collins (page 2)». British Phonographic Industry. Henta 17. mars 2020. 
  14. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  15. Whiting, Kate (29. januar 2016). «Phil Collins: Face Value / Both Sides». The Irish News. Henta 17. mars 2020. 
  16. Sawdey, Evan (12. mai 2016). «Phil Collins: 2016 Rhino Reissues (Part One)». PopMatters. Henta 17. mars 2020. 
  17. Blake, Mark (Desember 2015). «Phil Collins: Face Value / Both Sides». Q (353): 118. 
  18. 18,0 18,1 Pond, Steve (20. august 1981). «Face Value». Rolling Stone. Henta 17. mars 2020. 
  19. Niasseri, Sassan (27. januar 2016). «Phil Collins: Face Value». Rolling Stone (på tysk). Henta 17. mars 2020. 
  20. Considine, J. D. (2004). «Phil Collins». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 181–82. ISBN 0-7432-0169-8. 
  21. O'Connell, Sharon (Desember 2015). «Phil Collins: Face Value / Both Sides». Uncut (223): 91. 
  22. Ruhlmann, William. Face ValueAllmusic. Henta 17. mars 2020.
  23. Levith, Will (17. august 2013). «Phil Collins, 'Tomorrow Never Knows' – Terrible Classic Rock Covers». Ultimate Classic Rock. Henta 17. mars 2020. 
  24. Sinclair, Paul. «Phil Collins / Face Value and Both Sides deluxe reissue details». Super Deluxe Edition. Henta 17. mars 2020. 
  25. 25,0 25,1 «UK Charts > Phil Collins». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 15. juni 2011. Henta 17. mars 2020. 
  26. 26,0 26,1 26,2 «Phil Collins > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic, Macrovision. Henta 17. mars 2020. 
  27. 27,0 27,1 «RPM Magazine Archives > Top Albums > Phil Collins». RPM. Arkivert frå originalen 13 Oktober 2012. Henta 5. april 2010. 
  28. 28,0 28,1 Australian chart peaks:
  29. 29,0 29,1 «charts.nz – Diskografi Phil Collins». charts.nz Hung Medien. Henta 17. mars 2020. 
  30. «Chartverfolgung / Collins, Phil / Longplay». musicline.de PhonoNet. Arkivert frå originalen 9 Oktober 2012. Henta 1. september 2009. 
  31. 31,0 31,1 «Austrian Charts > Phil Collins». austriancharts.at Hung Medien. Henta 17. mars 2020. 
  32. 32,0 32,1 «Norwegian Charts > Phil Collins». norwegiancharts.com Hung Medien. Henta 1. september 2009. 
  33. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  34. 34,0 34,1 «Swedish Charts > Phil Collins». swedishcharts.com Hung Medien. Henta 17. mars 2020. 
  35. 35,0 35,1 «Swiss Charts > Phil Collins». swisscharts.com Hung Medien. Henta 17. mars 2020. 
  36. «Phil Collins Chart History: Hot 100». Billboard. Henta 17. mars 2020. 
  37. «Phil Collins Chart History: Mainstream Rock». Billboard. Henta 17. mars 2020. 
  38. «Chartvefolgung / Collins, Phil / Single». musicline.de PhonoNet. Arkivert frå originalen 9 Oktober 2012. Henta 2. september 2009. 
  39. «dutchcharts.nl > Phil Collins». dutchcharts.nl Hung Medien. Henta 17. mars 2020. 
  40. «Nederlandsk Topp 40 > Phil Collins» (på nederlandsk). Stichting Nederlandse Top 40. Henta 29. april 2010. [daud lenkje]
  41. «Les Charts > Phil Collins». lescharts.com Hung Medien. Henta 17. mars 2020. 
  42. «Irish Charts > Phil Collins». irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 2. juni 2009. Henta 1. september 2009. 
  43. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos:año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  44. «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 5. november 2012. 
  45. «Austrian album salstrofé – Phil Collins – Face Value» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 5. november 2012.  Enter Phil Collins in the field Interpret. Enter Face Value in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  46. «Canadian album salstrofé – Phil Collins – Face Value». Music Canada. Henta 5. november 2012. 
  47. «French album salstrofé – Phil Collins – Face Value» (på fransk). InfoDisc. Henta 5. november 2012.  Select PHIL COLLINS and click OK
  48. «Gold-/Platin-Datenbank (Phil Collins; 'Face Value')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 5. november 2012. 
  49. «Dutch album salstrofé – Phil Collins – Face Value» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 5 Oktober 2012. 
  50. «Spanish album salstrofé – Phil Collins – Face Value» (PDF) (på spansk). Productores de Música de España. Henta 5. november 2012. 
  51. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Phil Collins; 'Face Value')». Hung Medien. Henta 5. november 2012. 
  52. Jones, Alan (5. februar 2016). «Official Charts Analysis: Bowie scores consecutive nr.1 albums». Music Week. Intent Media. Henta 7. februar 2016. 
  53. «American album salstrofé – Phil Collins – Face Value». Recording Industry Association of America. Henta 5. november 2012.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH