Platinum av Mike Oldfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Platinum
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 23. november 1979
Innspelt 1979
Studio Blue Rock Studio
Electric Lady Studios
(New York City)
Througham Slad Manor
(Bisley i Surrey)
The Manor
(Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire)
Sjanger Progressiv rock, disco
Lengd 37:35
Selskap Virgin
Produsent Tom Newman
Mike Oldfield-kronologi
Exposed
(1979)
Platinum QE2
(1980)


Singlar frå Platinum
  1. «Blue Peter»inkludert «Woodhenge»
    Utgjeve: 30. november 1979
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Smash Hits7/10[2]

Platinum er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 23. november 1979 på Virgin Records. Det var det første albumet til Oldfield med kortare songar og musikk skriven av andre. Ei endra utgåve av albumet kom ut i USA og Canada med tittelen Airborn.

Albumet vart marknadsført med konsertar frå april til desember 1980. I Tyskland nådde albumet 11. plassen. Albumet har sidan kome ut på ny med bonusspor.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Den første sida inneheld det 19 minuttar lange tittelsporet delt inn fire delar: «Airborne», «Platinum», «Charleston» og «North Star/Platinum Finale». Dei to første delane er basert på melodi som hovudsakleg er framført på elektrisk gitar; den første er langsam med mange endringar, medan den andre har ein enkel rytme og er meir gjentakande. «Airborne» var kjenningsmelodien for barne-TV-showet First Class på BBC i 1980-åra.[3] «Charleston» er eit komisk stykke med ein enkel rytme og ein svingande melodi med blåsarar. Ein kvinneleg vokalist legg til vokalisering, medan Oldfield bidrag med scat-synging i ein kviskrande tone. «North Star/Platinum Finale» inneheld utdrag frå Philip Glass-komposisjonen «North Star» frå 1977. Hovudmelodien er ikkje lånt frå Glass, men korpartiet er. Den konstante basstromma og oktavbassen startar seksjonen og gitaren, som spelar melodien, kjem inn seinare. Eit funky gitarriff og kor kjem så inn og sologitaren held fram å spele melodien over dette. Lydteknikaren på plata, Kurt Munkacsi, samarbeidde òg ofte med Glass.

Side to[endre | endre wikiteksten]

«Woodhenge» er ein instrumental kalla opp etter Woodhenge, eit steinaldermonument nær Stonehenge. På Airborn, alternative versjonen av Platinum i Nord-Amerika, var sporet erstatta av den discoaktige «Guilty».[4]

«Sally» er ein song skriven og sungen av Oldfield og Nico Ramsden som ei hyllest til Sally Cooper, kjærasten til Oldfield på den tida, som spelar røyrbjøller på albumet.[5] Kort tid etter albumet kom ut, vart «Sally» erstatta av ein annan song, «Into Wonderland», sungen av Wendy Roberts.[5] Dei tidlegaste utgåvene av LP-plata og kassetten syner framleis feilaktig «Sally» i omslaget.[6] Seinare utgåver av Platinum har korrekt ført opp «Into Wonderland».[7]

Delar av songen har overlevd på den andre versjonen av albumet, då dei første 50 sekunda av «Punkadiddle» i røynda er siste del av «Sally». Denne kjappe delen, med same melodi som refrenget i songen, var ei musikalsk bru over til «Punkadiddle», og vart derfor teke med. Ein kan ofte finne «Sally» på piratkopiutgåve av albumet.[8]

Oldfield skreiv «Punkadiddle» som ein parodi på punkrocken. På scenen framførte han og bandet ofte denne songen i bar overkropp.

«I Got Rhythm» er ein coverversjon av ein song av George og Ira Gershwin, med arrangement av Oldfield.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Platinum Part One: Airborne»5:05
2.«Platinum Part Two: Platinum»6:06
3.«Platinum Part Three: Charleston»3:17
4.«Platinum Part Four: North Star/Platinum Finale»4:49
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Woodhenge»4:05
6.«Into Wonderland» (opphavleg «Sally»)3:46
7.«Punkadiddle»5:46
8.«I Got Rhythm»4:44

Airborn[endre | endre wikiteksten]

Airborn er ei alternativ utgåve av Platinum av Mike Oldfield, gjeve ut i Nord-Amerika i 1980. Den einaste skilnaden er at «Woodhenge» er byta ut med «Guilty». Somme spor verka å vere trykt i eit noko høgare tempo enn originalutgåva av Platinum og sporet Platinum Part Two: Platinum er fkorta med eit minutt, og er berre 5:04 på Airborn i staden for 6:06.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Platinum Part One: Airborne»4:59
2.«Platinum Part Two: Platinum»4:36
3.«Platinum Part Three: Charleston»3:11
4.«Platinum Part Four: North Star/Platinum Finale»4:36
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Guilty»3:48
6.«Into Wonderland»3:36
7.«Punkadiddle»5:39
8.«I Got Rhythm»4:35

Dobbel LP-utgåve[endre | endre wikiteksten]

Det finst òg ei dobbel LP-utgåve der den første plata er ein versjon av Platinum og den andre er eit alternativt konsertopptak av Tubular Bells side ein frå same turné som gav Exposed, og ei blanding av studio- og konsertelement av Incantations og Tubular Bells på side 2. Denne utgåva kom òg på kassett i 1980 i ei avgrensa opplag.

Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Tubular Bells (Part 1)» (konsertopptak frå mars-april 1979)23:40
Side fire
Nr.TittelLengd
2.«Incantations» (blanding av studio- og konsertopptak mars-april 1979)19:26

Nytgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut att på ny på Mercury Records den 30. juli 2012, igjen med «Into Wonderland» i staden for «Sally». Den første plata inneheld originalinnspelinga med bonusspor, og den andreplata (av luksusutgåva) er eit konsertopptak spelt inn under to konertar på Wembley Arena i London i 1980. Nyutgjevinga nådde 100. plassen på UK Albums Chart den 5. august 2012.

2012-utgåva - Plate 1
Nr.TittelLengd
1.«Platinum {Part One}: Airborne»5:06
2.«Platinum {Part Two}: Platinum»6:06
3.«Platinum {Part Three}: Charleston»3:17
4.«Platinum {Part Four}: North Star/Platinum Finale»4:44
5.«Woodhenge»4:05
6.«Into Wonderland»3:46
7.«Punkadiddle»5:46
8.«I Got Rhythm»4:50
9.«Platinum» (live)5:12
10.«North Star» (steroemiks frå 2012)8:07
11.«Blue Peter»2:06
2012-utgåva - Plate 2 - Live at Wembley Arena, Mai 1980
Nr.TittelLengd
1.«Platinum»20:43
2.«Punkadiddle»5:17
3.«I Got Rhythm»4:59
4.«Polka»3:42
5.«Incantations»22:14
6.«Tubular Bells {Part Two}»8:53
7.«Guilty/Tubular Bells {Part One} Finale»5:45
8.«Blue Peter/Portsmouth»3:38
9.«William Tell»2:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Coversjonar og remiksar[endre | endre wikiteksten]

Röyksopp tilpassa og miksa to delar av Platinum - «Platinum Part Three» og «Platinum Part Four», sistnemnde kalla «Meatball» - på Back to Mine: Röyksopp.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[9] 17
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[10] 14
Franske album (SNEP)[11] 17
Tyske album (Media Control)[12] 11
Norske album (VG-lista)[13] 24
Spanske album (PROMUSICAE)[14] 39
Britiske album (OCC)[15] 24

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[16] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[17] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[18] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Platinum review». Allmusic. Henta 7. april 2013. 
  2. Starr, Red. «Albums». Smash Hits (December 13–26, 1979): 29. 
  3. «First Class». UKGameshows. Henta 30. juni 2011. 
  4. «Mike Oldfield - Guilty». discogs.com. Henta 28. juni 2020. 
  5. 5,0 5,1 «Platinum». tubular.net. Henta 28. juni 2020. 
  6. «Mike Oldfield - Platinum, LP, B-1 or B-2 matrix». discogs.com. Henta 28. juni 2020. 
  7. «Mike Oldfield - Platinum, B-3 and later pressings». discogs.com. Henta 28. juni 2020. 
  8. «Unreleased». mikeoldfield.net. Henta 28. juni 2020. 
  9. "Mike Oldfield - Platinum" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  10. "Mike Oldfield – Platinum" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  11. "Mike Oldfield – Platinum". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  12. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 28. juni 2020.
  13. "Mike Oldfield – Platinum". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  14. "Mike Oldfield – Platinum". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  15. januar 1980 "12. januar 1980 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 28. juni 2020.
  16. «Gold-/Platin-Datenbank (Mike Oldfield; 'Platinum')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 12. mai 2019. 
  17. Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk), Iberautor Promociones Culturales, ISBN 8480486392, henta 2. mai 2019 
  18. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Platinum». British Phonographic Industry. Henta 12. mai 2019.  Enter Platinum in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go