…But Seriously

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ...But Seriously)
Hopp til navigering Hopp til søk
...But Seriously
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 6. november 1989
Innspelt April til oktober 1989
Studio
Sjanger Poprock
Lengd
  • 59:42 (CD)
  • 54:25 (LP)
Selskap
Produsent
Phil Collins-kronologi
12"ers
(1987)
...But Seriously Serious Hits... Live!
(1990)


Singlar frå '
  1. «Another Day in Paradise»
    Utgjeve: 7 Oktober 1989
  2. «I Wish It Would Rain Down»
    Utgjeve: 15. januar 1990
  3. «Something Happened on the Way to Heaven»
    Utgjeve: 28. april 1990
  4. «That's Just the Way It Is»
    Utgjeve: 28. juli 1990
  5. «Hang in Long Enough»
    Utgjeve: 16. september 1990

...But Seriously er det fjerde studioalbumet til den engelske trommeslagaren og songaren Phil Collins, gjeve ut den 6. november 1989 i USA på Atlantic Records og 20. november 1989 i Storbritannia på Virgin Records. Etter at Genesis tok ein pause i 1987, fortsette Collins på solokarrieren sin. Han spelte først i filmen Buster før han skreiv og spelte inn ...But Seriously. Albumet hadde ein meir seriøs tone enn det førre albumet hans, No Jacket Required, og fleire av songane hadde eit samfunnsøkonomisk eller politisk tema.

...But Seriously vart ein stor salssuksess verda over og gjekk til topps i Storbritannia og USA i høvesvis 15 og fire veker. Det vart det bestseljande albumet i Storbritannia i 1990 og selde til 2,75 millionar eksemplar er og fire millionar i USA. Den første singelen, «Another Day in Paradise», vann Grammyprisen for årets singel. Collins la ut på verdsturné i 1990. I 2016 vart albumet ommastra og gjeve ut på ny med bonusspor.[1][2]

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Medan mykje av albumet følgjer den same formelen som det førre albumet til Collins, No Jacket Required (1985), flytta han seg òg mot ein meir organisk produksjon der han valte å bruke ekte trommer i staden for trommemaskinane som vart mykje brukt på No Jacket Required. Han brukte òg mykje klaverinstrument og elektrisk piano, men mindre synthesizer. Albumet har òg eit instrumentalspor, «Saturday Night and Sunday Morning», som er meir jazzprega.

«Another Day in Paradise» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og vart ein stor internasjonal hit. Songen gjev eit sympatisk blikk på heimlause.[3] Colins vart inspirert til å skrive songen etter å ha vitja Washington, D.C. Der vart han slått over kor mange fattige og heimlause folk som budde der. Han vart òg slått av kor forlatne desse menneska og kor sjølvtilfreds byen verka, trass i at han var hovudstaden i landet.

Ein annan politisk ladd song på albumet er «Colours», der Collins fordømmer segregering og undertrykking av svarte og farga folk i Sør-Afrika under apartheid. Songen er den mest progrockprega songen på albumet (som bandet hans Genesis var kjend for), og var lite kommersiell med ei lengd på nesten ni minutt. Det politiske temaet går òg att i den andre songen på albumet, «That's Just the Way It Is», som omhandlar The TroublesNord-Irland. Dette vart ein mindre hit sommaren 1990 og i teksten refererer Collins til den fastlåste situasjonen i dei sekteriske skilnadene i Ulster, mellom anna med linja «If we'd agree that we can disagree, we could stop all of this today.»

Albumet har ein dramatisk gospel-aktig song, «I Wish It Would Rain Down», med Eric Clapton på gitar. Det vart ein av dei største hittane frå albumet. «Father to Son» er ein song der Collins utforskar forholdet til sonen, Simon.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

...But Seriously kom ut 6. november 1989 i USA på Atlantic Records og den 20. november 1989 i Storbritanna på Virgin Records.[4]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Seks singlar vart gjeve ut frå ...But Seriously og alle hamna på topp 40 i Storbritannia og USA. I form av talet på hitsinglar er dette det mest suksessrike albumet til Phil Collins.

  • «Another Day in Paradise» – USA nr. 1, Storbritannia nr. 2 (1989)[3]
  • «I Wish It Would Rain Down» – USA nr. 3, Storbritannia nr. 7 (1990)
  • «Something Happened on the Way to Heaven» – US nr. 4, Storbritannia nr. 15 (1990)
  • «Do You Remember?» – USA nr. 4 (1990)
  • «That's Just The Way It Is» – Storbritannia nr. 26 (1990)
  • «Hang in Long Enough» – USA nr. 23, Storbritannia nr. 34 (1990)

I Canada nådde «Another Day in Paradise», «I Wish It Would Rain Down», «Do You Remember?» og «Something Happened on the Way to Heaven» alle toppen av lista, alle i 1990.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]

Atlantic Records sette opphavleg eit klistremerke på CD-versjonen der det stod «To bonusspor», noko Collins var usamd i og meinte det var «ekstra» songar. Klistremerke vart så endra.[7]

«Another Day in Paradise» vann Grammyprisen for årets singel. ...But Seriously vart nominert til årets album, årets produsent og beste lydteknikar. «Another Day in Paradise» var òg nominert til årets song, beste mannlege popsong, medan instrumentalstykket «Saturday Night and Sunday Morning» vart nominert til beste popinstrumental.

...But Seriously fekk to American Music Awards for beste pop/rock-album og beste pop/rockartist.

Under Brit Awards i 1990 fekk «Another Day in Paradise» prisen for årets britiske singel, medan Collins vart nominert til årets britiske artist,[8] noko han òg vart i 1991.[9]

I Storbritannia låg ...But Seriously 15 ikkje-samanhengande veker på toppen av lista, mellom anna over heile jula, og vart mot slutten av 1989 det tredje mest selde albumet det året, etter berre seks veker i sal. Det vart bestseljande albumet i Storbritannia i 1990. Albumet gjekk òg til topps i USA, der det låg i fire veker[10] og vart det nest bestseljande albumet i 1990 i USA, i følgje Billboard. Det vart det siste albumet som låg på toppen av lista i 1980-åra og det første i 1990-åra i både Storbritannia og USA.

I vart albumet det nest bestseljande albumet i historia så lenge den tyske albumlista har eksistert og det bestseljande albumet av ein utanlandsk artist.

Turné[endre | endre wikiteksten]

Collins la ut på ein verdsturné for å marknadsføre albumet, kalla Seriously, Live! World Tour. I alt heldt han 113 konsertar på tre kontinent. Både eit konsertalbum og ei video med opptak frå turneen vart sidan gjeven ut som Serious Hits... Live!.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hang in Long Enough» 4:44
2.«That's Just the Way It Is» 5:20
3.«Do You Remember?» 4:36
4.«Something Happened on the Way to Heaven»tekst: Collins; musikk: Collins, Daryl Stuermer4:52
5.«Colours» 8:51
6.«I Wish It Would Rain Down» 5:28
7.«Another Day in Paradise» 5:22
8.«Heat on the Street» 3:51
9.«All of My Life» 5:36
10.«Saturday Night and Sunday Morning»Collins, Thomas Washington1:26
11.«Father to Son» 3:28
12.«Find a Way to My Heart» 6:08

LP[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Hang in Long Enough»4:44
2.«That's Just the Way It Is»5:20
3.«Find a Way to My Heart»6:08
4.«Colours»8:51
5.«Father to Son»3:28
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Another Day in Paradise»5:22
2.«All of My Life»5:36
3.«Something Happened on the Way to Heaven»4:52
4.«Do You Remember?»4:36
5.«I Wish It Would Rain Down»5:28

Bonusspor på 2016-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Hang in Long Enough (live 1997)»4:52
2.«Something Happened on the Way to Heaven (live 2004)»5:26
3.«Colours (live 1990)»11:20
4.«Saturday Night and Sunday Morning (live 1990)»1:54
5.«Always (live 1990)»4:30
6.«Find a Way to My Heart (live 1997)»5:40
7.«That's How I Feel (B-side)»5:05
8.«You've Been in Love (That Little Bit Too Long) (B-side)»4:49
9.«Another Day in Paradise (demo)»5:21
10.«That's Just the Way It Is (demo)»4:54
11.«I Wish It Would Rain Down (demo)»5:30
12.«Hang in Long Enough (demo)»4:34
13.«Do You Remember? (demo)»4:43

B-sider[endre | endre wikiteksten]

  1. «That's How I Feel»
  2. «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»
  3. «Around the World in 80 Presets»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[11]

Musikarar

Produksjon

  • Phil Collins – produsent, miksing
  • Hugh Padgham – produsent, miksing, lydteknikar
  • Ed Goodreau – assisterande lydteknikar (Los Angeles)
  • Simon Osbourne – assisterande lydteknikar
  • Tom Tom 84 – blåsearrangement
  • Maurice Spears – musikalsk handsaming
  • Trevor Key – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989–2016) Plassering
Den australske albumlista[12] 1
Den austerrikske albumlista[13] 1
Den kanadiske albumlista[14] 1
Den danske albumlista[15] 1
Den nederlandske albumlista[16] 1
Den finske albumlista[17] 1
Den franske albumlista[18] 1
Den tyske albumlista[19] 1
Den newzealandske albumlista[20] 1
VG-lista[21] 1
Den spanske albumlista[22] 1
Den svenske albumlista[23] 1
Den sveitsiske albumlista[24] 1
UK Albums Chart[25] 1
US Billboard 200[26] 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[27] 3× Platina 180 000x
Australia (ARIA)[28] 5× Platina 350 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[29] 2× Platina 100 000x
Brasil (ABPD)[30] Gull 100 000*
Canada (Music Canada)[31] 7× Platina 700 000^
Finland (Musiikkituottajat)[32] Platina 74,715
Frankrike (SNEP)[33] Diamant 1,711,100[34]
Tyskland (BVMI)[35] 6× Platina 3 000 000^
Hong Kong (IFPI Hong Kong)[36] Platina 15,000*
Japan (RIAJ)[37] Platina 200,000^
Nederland (NVPI)[38] 2× Platina 200 000^
New Zealand (RMNZ)[39] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[40] 7× Platina 700 000^
Sverige (GLF)[41] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[42] 5× Platina 250 000x
Storbritannia (BPI)[43] 9× Platina 2,750,000[44]
USA (RIAA)[45] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hang In Long Enough: «…But Seriously,» Revised «Going Back» Complete Phil Collins Reissue Campaign». Henta 23. mars 2020. 
  2. «Phil Collins – Take A Look At Me Now». Genesis News. Henta 23. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 60. ISBN 0-87586-207-1. 
  4. «BPI > Certified Awards > Search results for Phil Collins (page 1)». British Phonographic Industry. Henta 21. mars 2020. 
  5. Geoff Orens. «...But Seriously». allmusic. Henta 23. mars 2020. 
  6. J.D. Considine (11. januar 1990). «But Seriously». Rolling Stone. Henta 23. mars 2020. 
  7. Smith, Giles (Mars 1990). ««It beats working...»: Why Phil Collins never clocks off». Q: 56–62. Henta 23. mars 2020. 
  8. «History». Brit Awards. Henta 23. mars 2020. 
  9. «History». Brit Awards. Henta 23. mars 2020. 
  10. «magasinet Billboard January 27 1990» (PDF). Billboard Magazine. 27. januar 1990. 
  11. ...But Seriously (booklet). Atlantic. 1989. 
  12. Steffen Hung. «Australian charts portal». australian-charts.com. Arkivert frå originalen 27. mai 2008. Henta 23. mars 2020. 
  13. Steffen Hung. «Austria Top 40 – Hitparade Österreich». austriancharts.at. Arkivert frå originalen 1 Desember 2008. Henta 23. mars 2020. 
  14. «Bienvenue au site Web BIBLIOTHÈQUE ET ARCHIVES CANADA | Welcome to the LIBRARY AND ARCHIVES CANADA website». Collectionscanada.gc.ca. Henta 23. mars 2020. 
  15. «Phil Collins – ...But Seriously». IFPI Danmark. Henta 23. mars 2020. 
  16. Steffen Hung. «Phil Collins – ...But Seriously». dutchcharts.nl. Henta 23. mars 2020. 
  17. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  18. French chart run 1 (76 weeks): «Le Détail des Albums de chaque Artiste» (på fransk). InfoDisc.fr. Henta 23. mars 2020. , French chart run 2 (1 week): «Phil Collins – ...But Seriously» (på fransk). Steffen Hung. Henta 23. mars 2020. 
  19. «Charts-Surfer». Charts-surfer.de. Henta 23. mars 2020. 
  20. Steffen Hung. «New Zealand charts portal». charts.nz. Henta 23. mars 2020. 
  21. Steffen Hung (15. juni 2006). «Norwegian charts portal». norwegiancharts.com. Henta 23. mars 2020. 
  22. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  23. Steffen Hung (3. februar 2012). «Swedish Charts Portal». swedishcharts.com. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 23. mars 2020. 
  24. Steffen Hung. «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». swisscharts.com. Henta 23. mars 2020. 
  25. «UK Singles & Albums Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 23. mars 2020. 
  26. «Music News, Reviews, Articles, Information, News Online & Free Music». Billboard. Henta 23. mars 2020. 
  27. «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 5 Oktober 2012. 
  28. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  29. «Austrian album salstrofé – Phil Collins – But Seriously .........» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 19. mars 2020.  Enter Phil Collins in the field Interpret. Enter But Seriously ......... in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  30. «Brazilian album salstrofé – Phil Collins – But Seriously» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. Henta 19. mars 2020. 
  31. «Canadian album salstrofé – Phil Collins – ...But Seriously». Music Canada. Henta 19. mars 2020. 
  32. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  33. «French album salstrofé – Phil Collins – But Seriously» (på fransk). InfoDisc.  Select PHIL COLLINS and click OK
  34. «Les Albums Diamant :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 5 Oktober 2012. 
  35. «Gold-/Platin-Datenbank (Phil Collins; 'But Seriously')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 19. mars 2020. 
  36. «IFPIHK Gold Disc Award − 1990». IFPI Hong Kong. Henta 5 Oktober 2012. 
  37. «Japanese album salstrofé – Phil Collins – ...But Seriously» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. Henta 25. juli 2012. 
  38. «Dutch album salstrofé – Phil Collins – But Seriously» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 19. mars 2020. 
  39. «New Zealand album salstrofé – Phil Collins – But Seriously». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 19. mars 2020. 
  40. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 927. ISBN 84-8048-639-2. Henta 12. september 2019. 
  41. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 19. mars 2020. 
  42. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Phil Collins; '... But Seriously')». Hung Medien. Henta 19. mars 2020. 
  43. «British album salstrofé – Phil Collins – But Seriously». British Phonographic Industry. Henta 19. mars 2020.  Enter But Seriously in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  44. Copsey, Rob (20. mars 2020). «The UK's Top 40 biggest studio albums of time». Official Charts Company. Henta 20. mars 2020. 
  45. «American album salstrofé – Phil Collins – But Seriously». Recording Industry Association of America. Henta 19. mars 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH