Trond Einar Elden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trond Einar Elden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1970
Namdalseid
Idrett kombinert, langrenn
Yrke langrennsløpar, kombinertløpar

Trond Einar Elden (fødd 21. februar 1970) er ein norsk tidlegare kombinert- og langrennsløpar frå Namdalseid som representerte Strindheim Idrettslag. Under VM på ski i Lahti i 1989 vart han den yngste verdsmeister i kombinert nokon gong, to dagar før han fylte 19 år. I same meisterskapen vann han også VM-gull i øvinga for lag. Elden tok bronsemedaljen i kombinert under VM i 1993, og fekk elles med seg eitt OL-sølv for lag i 1992, og to VM-sølv i same (1993 og 1999). Han vart norsk meister i kombinert same året som han vart verdsmeister, sidan vann han fem sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i kombinert-NM.

Elden hadde sin store styrke i langrennsløypa, og dei siste åra som aktiv idrettsutøvar satsa han på sprinttevlingane i langrenn. Bård Jørgen Elden er ein eldre bror.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Elden debuterte i verdscupen i kombinert i Svenska skidspelen i Falun på tampen av 1988-sesongen, og vart nummer ni. På nyåret 1989 fekk han sitt gjennombrot då han kom på tredjeplass i Schonach, berre slått av Hippolyt Kempf frå Sveits og Sovjetunionens Andrej Dundukov. Ei veke seinare vart han nummer fire i eit nytt verdscuprenn i Reit im Winkl. Den 17. februar overraska Elden stort og vart verdsmeister på suverent vis, han kom i mål heile 2 minuttar og 39 sekundar føre sølvvinnaren Dundukov. Dagen etter gjekk Elden fyrsteetappen for Noregs gullvinnande lag i lagtevlinga, Trond Arne Bredesen gjekk andreetappen, medan Bård Jørgen Elden gjekk den avsluttande tredjeetappen. Etter VM-triumfane heldt Trond Einar Elden fram med å imponere. I mars månad vann han kombinertøvinga i både Holmenkollen og Lahti, før han avslutta sesongen med å verte juniorverdsmeister på Vang på Hedmark.

Frå 1990-sesongen tok den såkalla V-stilen over i skihoppinga, ein stil som Elden ikkje klarte å tileigne seg like bra som mange andre skihoppar. Etter å ha mislukkast i ski-VM 1991 i Val di Fiemme, var Elden i storform i mars månad 1991. Han vann tre strake sigrar i høvesvis Lahti, Falun og Holmenkollen. I 1992 vart han nummer ni i vinter-OL, og fekk ein sølvmedalje i lagtevlinga. Under ski-VM 1993 i Falun kom Elden på bronseplass i den individuelle øvinga, og fekk ein ny sølvmedalje i lagtevlinga.

Elden tok ein åttandeplass i kombinert under vinterleikaneLillehammer i 1994, men fekk ikkje plass på Noregs lag som gjekk inn til OL-sølv i lagtevlinga. I OL-sesongen hadde han elles to tredjeplassar i verdscuprenn som sine beste resultat. Året etter vart Elden nummer ni individuelt i ski-VM i Thunder Bay, men gjekk ikkje på Noregs lag som for fjerde gong på rad måtte nøye seg med sølv i lagtevlinga. Ein tredjeplass i Bad Goisern var hans største prestasjon i 1995-sesongen.

Frå og med 1996-sesongen sleit Elden med å kome med i Noregs tropp til dei store meisterskapane. Han deltok korkje i ski-VM 1997 i Trondheim, eller i vinter-OL 1998 i Nagano. Derimot fekk han plass i troppen til ski-VM i Ramsau i 1999. Der vart han nummer ti i normaløvinga i kombinert, før han gjekk fyrsteetappen på Noregs lag som vann sølvmedaljen i lagtevlinga.

Elden slutta med nordisk kombinert etter 2000-sesongen.

Sprint-langrenn[endre | endre wikiteksten]

Sesongane 2001-04 deltok i sprint-langrenn i verdscupen. To gongar kom han på andreplassen i verdscuprenn, det fyrste i februar 2001 i Nove Mesto og det andre i romjula same året i Salzburg. Begge gongane vart han slått av landsmenn; høvesvis Morten Brørs og Håvard Bjerkeli. Elden representerte Noreg på sprinten under VM i Val di Fiemme 2003, der han vart nr 24.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Elden vart tildelt Olavstatuetten i 1989. I 1991 vart han tildelt Holmenkollmedaljen i lag med Vegard Ulvang, Ernst Vettori og Jens Weissflog. Han fekk i 2004 Egebergs ærespris for sine prestasjonar i kombinert og langrenn, samt friidrett. I friidrett tevla han særleg i terrengløp.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

# Dato Stad
1 3. mars 1989 Flag of Norway.svg Noreg Holmenkollen
2 11. mars 1989 Flag of Sweden.svg Sverige Falun
3 2. mars 1991 Flag of Finland.svg Finland Lahti
4 8. mars 1991 Flag of Sweden.svg Sverige Falun
5 15. mars 1991 Flag of Norway.svg Noreg Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Gullmedalje på Geilo
  • 1990: Sølvmedalje på Gjøvik
  • 1991: Sølvmedalje i Misvær
  • 1992: Sølvmedalje i Trondheim
  • 1994: Sølvmedalje i Vegårshei
  • 1995: Sølvmedalje i Oslo
  • 1996: Bronsemedalje i Stryn
  • 1997: Nr 4 i Mo i Rana
  • 1998: Bronsemedalje i Berkåk
  • 1999: Bronsemedalje på Raufoss
  • 2000: Nr 7 i kombinert-sprint og nr 8 i kombinert-normal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]