Turteldue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turteldue

Status i verda: LC Livskraftig

Turteldue i Israel Foto: Wikimedia-brukar Yuvalr
Turteldue i Israel
Foto: Wikimedia-brukar Yuvalr
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Columbiformes
Familie: Columbidae
Slekt: Streptopelia
Art: S. turtur
Namn på andre språk
  • Engelsk: European Turtle-Dove
  • Vitskapleg namn
    Streptopelia turtur

    Turteldue (Streptopelia turtur) er ei lita due som hekkar i det meste av Europa og overvintrar i Afrika.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Turteldua er mindre og slankare enn mange andre duer, ho måler 27-29 centimeter i kroppslengd[1], har vengespenn på 47-53 cm[2] og ho veg 85-170 gram.[1] Denne duearten kan kjennast på den brunare farga og svart-kvitt-stripa mønstra område på sidene av halsen. Halen syner ei iaugefallande teikning når fuglen flyg frå observatøren; oversida av halen har eit mørkt senter med kvite kantar.

    Hos vaksne fuglar har hovud, nakke, kroppsside og overgump blågrå farge, og vengene er kanelfarga av skjelforma fjører marmorert med brune kantar og svart fyll. Brystet er vinraudt, buken og undersida av haledekkarane er kvite. Nebbet er svart, bein og augelokkrender er raude. Hos ungfuglar er flekken på halsen fråverande og fjørdrakta er generelt brunare og meir uklår, dessutan er beina brune.

    Turteldua er ein av dei seinaste trekkfuglane, og er sjeldan å sjå i Nord-Europa innan utgangen av april, dei returnerer sørover til Afrika igjen i september.

    Dette er ein fugl som føretrekk opne stader, ofte ser ein turteldua på bakken. Somme tider vil ho hekke i store hagar, men ho er vanlegvis ekstremt skjerr, sannsynlegvis på grunn av det tunge jakttrykket dei møter under trekket til Europa. Flyginga til turteldua er ofte skildra som lett, fjærande,[2] men ho er ikkje merkverdig snøgg. Kurtiseflyginga liknar ringdua si,[treng kjelde] der hannfuglen stig snøgt, nesten loddrett for å gli ned i bogar på stive venger.

    Tilkoma om våren blir innleidd med ein purrande song, ein ganske djup, vibrerande 'turrr, turrr, turrr', eit læte som òg har gjeve namn på arten.

    Utbreiing og status[endre | endre wikiteksten]

    Denne duearten er ein trekkfugl med eit sørleg palearktisk utbreiingsområde som dekker det meste av Europa og Midt-Austen, Tyrkia og Nord-Afrika, sjølv om ho er sjeldan i nordlege Skandinavia og Russland. Arten overvintrar i Afrika sør for Sahara, i eit belte frå omtrent Senegal og Guinea-Bissau tvers over kontinentet til Sør-Sudan og Etiopia.[3]

    Ifølgje rapportering av observasjonar i Europa i 2007, hadde populasjonen av turteldue i Europa falle med 62 % i dei siste åra.[4] Miljøorganisasjonar har sagt at dette delvis kan forklarast av endra praksis i landbruket tyda at ugrasfrø og skot som dei vanlegvis beitar på, spesielt av Fumaria-plantar i jordrøykfamilien har blitt meir sjeldne, og dels på grunn av jakt på fuglar i middelhavslanda. Ifølgje ein studie frå 2001, sitert av europakommisjonen, er mellom to og fire millionar fuglar skotne årleg på Malta, Kypros, i Frankrike, Italia, Spania og Hellas.[5][6] Miljøvernarar har skildra vårjakt på Malta som spesielt problematisk ettersom det er det einaste landet med eit EU-unntak frå jaktforbod under vårtrekket til hekkeområda.[7]

    Ifølgje ein studie gjort av europakommisjonen i 2007, er dei funne fire potensielle truslar mot turtelduer. Desse er (1) tap av habitat / modifikasjon, middels til låg effekt, (2) tørke og klimaendringar, for det meste ukjent, men truleg låg effekt, (3) jakt, delvis ukjent, men samla medium effekt, og (4) konkurranse med tyrkardue, ukjend effekt.[8]

    I Noreg[endre | endre wikiteksten]

    Turteldua er ein sjeldan gjest i Noreg, det er ikkje kjent at ho har hekka i landet. Næraste hekkeplassar er i det sørlege Finnland[9] og sørlege Danmark.[3] Statistikk frå Artsobervasjoner syner at det etter 1970 er rapportert meir enn 1000 ulike observasjonar i Noreg, endatil ein på Jan Mayen, og ein ved Hopen, Svalbard og til saman ca. 120 einskilde observasjonar i Nord-Noreg.[10]

    I kulturen[endre | endre wikiteksten]

    «Turteldue» av Sophie Gengembre Anderson

    Kanskje på grunn av bibelske referansar, spesielt velkjente vers frå Høgsongen, den sørgmodige stemmen og det faktumet at arten dannar sterke parsamband, har europeiske turtelduer blitt symbol på godhuga kjærleik. I Det nye testamentet er to turtelduer nemnt å ha vorte ofra for Jesu fødsel.[11] I renessansen i Europa, vart turteldua sett på som ein godhuga partnar til «fugl fønix». Robert Chester sitt dikt Kjæleikens martyr er ei vedvarande utforsking av denne symbolikken. Diktet vart publisert saman med andre dikt om emnet, blant anna William Shakespeare sitt dikt The Phoenix og Turtle, der 'skilpadde' refererer til turtelduer.

    Turtelduer er omtalt i ei rekkje folkesongar om kjærleik og tap. Ein av desse inspirerte ein komposisjon av Ralph Vaughan Williams.[12]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Baptista et al (2013)
    2. 2,0 2,1 Hume, Rob (2002). Damms store bok om fugler i Norden og Europa. Artikkel om turteldue. N. W. Damm & Søn AS. ISBN 82-496-0599-3.
    3. 3,0 3,1 BirdLife International (2012). "Streptopelia turtur". IUCN Red List of Threatened Species. Utbreiingskart. International Union for Conservation of Nature Henta 14. juli 2015
    4. Benjamin, Alison (21 December 2007). «Study reveals severe decline of Europe's common birds». Guardian.co.uk. 
    5. «Scientists warn of impending turtle dove British extinction». Malta Today. Henta 15. juli 2015. 
    6. http://ec.europa.eu/environment/nature/conservation/wildbirds/hunting/docs/turtle_dove.pdf#22
    7. «Malta votes in referendum on controversial spring shooting of migrating birds». Daily Telegraph. Reuters. Henta 15. juli 2015. 
    8. http://ec.europa.eu/environment/nature/conservation/wildbirds/hunting/docs/turtle_dove.pdf#20
    9. NaturGate, 2015
    10. Rådata frå http://www.artsobservasjoner.no/ Nokre observasjonar gjeld meir enn eit individ, nokre individ har mange registreringar.
    11. «Meaning Of Turtle Doves». Rocketswag.com. Rocketswag.com, 2012. Web. 18 Nov. 2014.
    12. Kennedy, Michael; William, Ralph Vaughan (1992). The Works of Ralph Vaughan Williams. Oxford University Press. s. 178. ISBN 0-19-816330-4. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Turteldue