Songen Vienna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vienna
Singel av Ultravox
frå albumet Vienna
B-side
  • «Passionate Reply»
  • «Herr X» (berre 12"-singel)
Utgjeve 9. januar 1981[1]
Innspelt Februar 1980
Studio RAK Studios (London)
Sjanger Synthpop, New Romantic
Lengd
  • 4:37 (singel)
  • 4:53 (album og 12"-versjon)
Selskap Chrysalis
Låtskrivar(ar)
Produsent
Ultravox-kronologi
«Passing Strangers»
(1980)
Vienna «All Stood Still»
(1981)


«Vienna» er ein song frå 1980 av det britiske new wave-bandet Ultravox. Han kom ut som den tredje singelen frå det fjerde albumet deira, Vienna, den 9. januar 1981 på Chrysalis Records.[1] Songen låg fire veker på andreplassen på UK Singles Chart utan å nå toppen.[2] Berre John Lennon sin «Woman» den eine veka,[3] og så Joe Dolce-songen «Shaddap You Face» dei neste tre vekene låg føre.[4][5][6] «Vienna» vart rangert som den åttande bestseljande singelen i Storbritannia i 1981.[7] Singelen selte til gullplate i februar 1981[1] for eit salstal på 500 000 eksemplar i Storbritannia. Songen nådde toppen av lista i fleire europeiske land, som Nederland, Belgia og Irland.

Songen vann òg prisen for årets singel i 1981 under Brit Awards. Songen vert rekna som ein slager innan synthpopsjangeren, som vart populær tidleg i 1980-åra. Songen vart framført på Live Aid-konserten deira i 1985 på Wembley Stadium. Songen har vore signaturlåten til Ultravox og den største suksessen deira.

I 2012 vart songen kåra til favorittsingelen til britiske lyttarar på BBC Radio 2 av songar som berre nådde andreplassen.[8]

B-sida til singelen var «Passionate Reply», ein lett, popaktig synthpopsong. 12"-singelen inneheld «Herr X», ein versjon av ein Kraftwerk-aktig song på albumet kalla «Mr. X», sungen på tysk av Warren Cann.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure, utanom der andre er nemnde.

1981[endre | endre wikiteksten]

7"-vinyl
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Vienna» (singel)4:37
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Passionate Reply»4:17
12"-vinyl
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Vienna»4:53
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Passionate Reply»4:17
2.«Herr X»5:49

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Australia (Kent Music Report)[9] 11
Den austerrikske singellista[10] 8
Belgia (Flandern) (Ultratop)[11] 1
Tyskland (Media Control Charts)[12] 14
Irish Singles Chart[13] 1
Nederland (Single Top 100)[14] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[15] 1
New Zealand Singles Chart[16] 2
Den sørafrikanske singellista[17] 8
Den svenske singellista[18] 7
UK Singles Chart[2] 2
Liste (1993) Plassering
UK Singles Chart 13
Irish Singles Chart[13] 20

Vienna 92[endre | endre wikiteksten]

Vienna 92
av Ultravox
B-side Systems of Love
Utgjeve April 1992
Innspelt Berwick Street Studios, London
Sjanger
Lengd
  • 4:35 (The classic mix)
  • 7:31 (Goodnight Vienna remix)
Selskap ZYX
Låtskrivar(ar)
Produsent
  • Ultravox
  • Rod Gammons
Ultravox-kronologi
«All in One Day»
(1987)
Vienna 92 «Vienna»
(1993)


I april 1992 vart ein nyinnspelt versjon av «Vienna», av ei ny besetning av Ultravox, gjeven ut på singel i Tyskland.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Vienna 92» (Goodnight Vienna remix)7:31
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Vienna 92» (The classic mix)
  • Cann
  • Cross
  • Currie
  • Ure
4:35
2.«Systems of Love»
  • Currie
  • Rod Gammons
  • Tony Fenelle
4:31

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt av fleire andre artistar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «BPI > Certified Awards > Search results for 'Ultravox' (page 2)». British Phonographic Industry. Henta 4. september 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Official Chart Company - Ultravox». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  3. «Official Singles Chart Top 75 > 08. februar 1981 - 14. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  4. «Official Singles Chart Top 75 > 15. februar 1981 - 21. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  5. «Official Singles Chart Top 75 > 22. februar 1981 - 28. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  6. «Official Singles Chart Top 75 > 01. mars 1981 - 07. mars 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  7. «UK-Charts.Top-Source.Info > Top 100 1981». uk-charts.top-source.info. Henta 4. september 2020. 
  8. Barnes, Anthony (31. desember 2012). «Ultravox hit 'Vienna' named nation's favourite number two single». The Independent. 
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 317. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «Ultravox - Vienna - austriancharts.at» (på tysk). Henta 26. juli 2009. 
  11. «Ultratop > Ultravox - Vienna» (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 4. september 2020. 
  12. «Offizielle Deutsche Charts > Ultravox - Vienna (single)» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 4. september 2020. 
  13. 13,0 13,1 «irishcharts.ie search results». Henta 26. juli 2009. 
  14. «dutchcharts.nl - Ultravox - Vienna» (på nederlandsk). Henta 26. juli 2009. 
  15. «Nederlandse Top 40 - Week 15, 1981» (på nederlandsk). Henta 26. juli 2009. 
  16. «charts.nz > Ultravox - Vienna (song)». Hung Medien. Henta 4. september 2020. 
  17. «SA Charts 1969 - 1989 (As presented on Springbok Radio/Radio Orion) > Acts U». Sugar Music. Henta 4. september 2020. 
  18. «swedishcharts.com - Ultravox - Vienna». Henta 26. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]