Ultravox! av Ultravox!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ultravox!
Studioalbum av Ultravox!
Utgjeve 25. februar 1977
Innspelt 1976
Studio Island Studios, Hammersmith, London
Sjanger New wave, post-punk
Lengd 38:04
Selskap Island
Produsent
Ultravox!-kronologi
Ultravox! Ha!-Ha!-Ha!
(1977)


Singlar frå Ultravox!
  1. «Dangerous Rhythm»
    Utgjeve: 4. februar 1977

Ultravox! er det sjølvoppkalla debutalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox! Det vart spelt inn i Island Studios i Hammersmith i London hausten 1976[1] og produsert av Ultravox! og Steve Lillywhite med studioassistanse frå Brian Eno. Albumet kom ut 25. februar 1977 på Island.[2]

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Songane «Sat'day Night in the City of the Dead» og «Dangerous Rhythm», i tillegg til andre songar frå albumet, vart skrivne medan bandet vart kalla Tiger Lily. Den første songen vart skriven før punken slo gjennom. Den sistnemnde var inspirert av reggae og var den første singelen deira i februar 1977.[1] Bandet hadde tidleg som mål å kombinere popmusikken frå 1950- og 1960-åra med intensiteten i rock og glamrock og dette utvikla seg til lengre og meir intrikate songar som «I Want to Be a Machine».[1] Songen «My Sex» vart framført med synthesizer.[1] Tekstane på albumet omhandlar miljøet i London der bandet budde i midten av 1970-åra. Tekstforfattaren John Foxx var kraftig inspirert av J.G. Ballard.[1]«Life At Rainbow's End (For All The Tax Exiles On Main Street)» kritiserer dei då såkalla «dinosaur»-banda frå fortida, nemleg The Rolling Stones, som gav ut albumet Exile On Main Street i 1972.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Christgau's Record GuideB[4]

Ada Wilson i The Rough Guide to Rock skreiv at albumet «ikkje klarte å gjenskape energien dei hadde på scenen».[5] I ei seinare melding skreiv Dave Thompson for AllMusic at «det var Ultravox! som først synte kva slags farlege rytmar eit klaverinstrument kan skape. Kvintetten hadde heilt klart sine føregangarar – Hawkwind, Roxy Music og Kraftwerk for å nemne nokon - men det var likevel debutplata til gruppa (med produsenten Brian Eno), innpakka i herja stemningar og tekstar om kollaps og forfall, som transporterte 70-talsroccken frå dei oppblåste beitemarkene til den futuristiske dystopien punken snakka om.»[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Saturday Night in the City of the Dead»John Foxx2:35
2.«Life at Rainbow's End (For All the Tax Exiles on Main Street)»Foxx3:44
3.«Slip Away»Billy Currie, Foxx4:19
4.«I Want to Be a Machine»Currie, Foxx7:21
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Wide Boys»Foxx3:16
6.«Dangerous Rhythm»Warren Cann, Chris Cross, Currie, Foxx, Stevie Shears4:16
7.«The Lonely Hunter»Foxx3:42
8.«The Wild, The Beautiful and the Damned»Cross, Currie, Foxx5:50
9.«My Sex»Cross, Currie, Foxx3:01
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Slip Away» (live)Currie, Fox4:12
11.«Modern Love» (live)Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears2:31
12.«The Wild, The Beautiful and the Damned» (live)Cross, Currie, Foxx5:18
13.«My Sex» (live)Cross, Currie, Foxx3:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ultravox!
Teknisk
  • Terry Barham – assisterande lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ultravox! (album reissue booklet). Island. 2006. 
  2. «John Foxx Official Website Metamatic : Discography : Ultravox! : UK 12 Inch Vinyl». metamatic.com. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 30. august 2020. 
  3. 3,0 3,1 Thompson, Dave. «Ultravox! – Ultravox». AllMusic. Henta 30. august 2020. 
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: U». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 17. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  5. Wilson, Ada (2003). Buckley, Peter, red. The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 1119. ISBN 9781843531050. Henta 30. august 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]