Valle kyrkje i Setesdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°12′33.138″N 7°32′6.2736″E

Valle kyrkje i Setesdal
Valle kirke (Setesdal)
Valle kirke Aust-Agder.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal prosti
Sokn Valle og Hylestad
Fellesråd Valle
Type Krosskyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow og Anders Thorsen Syrtveit
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1. desember 1844
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Halvor Haugen
Altartavle Ca. 1650, truleg ukjend nederlandsk kunstnar etter Federigo Barocci
Orgel 22 stemmer, Orgelmakerij Steendam, 1997
Sitjeplassar 400
Wikimedia Commons: Valle kirke (Setesdal)

Valle kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Valle kommune i Aust-Agder fylke. Kyrkja står på Vaddarhaugen midt i Vallebygdi. Ho er oppført av byggmeister Anders Thorsen Syrtveit («Anders Kyrkjebyggjar») etter ei typeteikning av slottsarkitekt Linstow.

Kyrkja har om lag 400 sitjeplassar. Jubileumsboka skriv 350 plassar på golvet (for dei gifte) og 150 på galleriet (for dei ugifte). Hovedskipet er 7,6 m breidt og 13,9 m langt, tverrskipet er 14,45 m. Koret 7,6 x 6 m, våpenhuset i reisverk 4,2 x 4,15 m, medan sakristiet er 3,7 x 3,3 m. Til saman blir dette 233 m2 Spiret når 22 m over bakken. Tverrskipet har dører i kvar ende, medan hovedinngangen går gjennom våpenhuset. Benkane i kyrkje vart fordelt til husmenn og bønder, og dei bøndene med størst gard fekk velje plass først. Plassane vart merka med utskorne namn og årstall i treverket. Preikestolen står til høgre sett frå benkane, ved korskiljet på hjørnet skapt av tverrskipet. Klokkene frå den førre kyrkja hadde sprekker og det vart kjøpt ny klokke på 150 kg. Kyrkja fekk eit 50 år gamalt brukt orgel i 1934. Altertavlen vart innkjøpt omkring 1670 til den gamle kyrkja, det er ein kopi av Baroccis bilete trulet utført av ein hollandsk kunstnar.[1]

Kyrkja fotografert av Axel Lindahl kring 1890

Arbeidet med ny kyrkje byrja i november 1841 då det vart søkt om løyve til å rive den gamle og bruke materialane frå den gamle ved bygging av ny. Valle var på denne tida nær skoglaust og tømmer måtte fraktast frå Oveinang og Finndalen. Nokre stokkar frå den gamle kyrkja vart brukt mellom anna i tårnet. Byggarbeidet kom i gang våren 1843 etter "Tabel 1 Figur 3 i Udkast til Kirkebygninger paa Landet i Norge" (Linstows verk). Anders Syrtveit skulle ha 900 specidaler for oppdraget, dels oppgjort i korn. Bordkleding og måling innvending og utvendig vart gjort i 1846-1847. Bygget fekk omnar i 1893, før var det ikkje oppvarming, og desse fekk mura skorstein. Omnane vart fjerna i 1961 og skorsteinen teken ned i 1986.[1]

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Det har vore kyrkje på Vaddarhaugen sidan mellomalderen, første gong nemnt i pavelege arkiv i 1327. Det var også ei kyrkje på Nomeland vest for elva, men det er ukjent når den forsvann - det kan ha vore i samband med reformasjonen. Den førre kyrkja var ei avlang lafta bygning med våpenhus og eit lavt tårn. Tømmerveggane var kledd med bord. Simon Olaus Wolff laga ei teikning av kyrkja i 1833. Det er uklart kva stand kyrkja var i å den vart erstatta, kanskje var den for lita for kyrkjelyden. Treverk frå ei av dei tidlegare kyrkjene i Valle finst i gardsbygg på Rygnestadtunet.[1]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Homme, Knut K. (red) (1994). Kyrkja på Vaddarhaugen : Valle kyrkje i Setesdal 1844-1994. Valle: Valle sokneråd. ISBN 8299318408. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]