Sandnes kyrkje i Bygland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandnes kyrkje
kyrkje
Kyrkja sett frå sør.
Foto: Siri Johannessen
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Bygland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal
Fellesråd Bygland
Arkitekt Syrtveit etter type-
teikningar av Linstow
Material Tre
Innvigd 1844
Kart
Sandnes kyrkje i Bygland
58°55′4″ N 7°44′18″ E
Wikimedia Commons: Sandnes kirke (Bygland)

Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844 i Åraksbø i Bygland kommune i Agder. Bygget er i tre og har 200 plasser.[1]

Kyrkja vart oppført av Anders Thorsen Syrtveit etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.[2] Den vart opphavleg reist på Sandnes i Bygland og flytta til Åraksbø i 1935.

Kirken har vernestatus som automatisk listeført kirke. [3]

Sandnes kapell er ein mindre kopi av denne.

Interiør med nakne tømmerveggar sett gjennom døra.
Foto: Siri Johannessen

Strid om lokalisering[endre | endre wikiteksten]

Det budde flest menneske i Åraksbø på 1930-talet, og i januar 1935 vart det avgjort at kyrkja skulle flyttast frå Sandnes til Åraksbø. Dette var omstridt, og då biskopen innvigde den gjenoppsatte kyrkja, møtte ingen frå Frøysnes og Sandnes opp.[4] Det vart i 1940 sett opp eit kapell på den gamle tomten.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk kirkeleksikon side 468
  2. Sandnes kirke, Åraksbø i Bygland frå Kirkesøk/Kirkebyggdatabasen
  3. Sandnes kyrkjestad, Åraksbø fra Kulturminnesøk
  4. Terje Gittmark Eriksen: Bitter kirkestrid. Artikkel i Fædrelandsvennen Kultur 26. november 2009 side 9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]