Verdscupen i langrenn 1987/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i langrenn for kvinner i 1987-sesongen omfatta 17 tevlingar, av dei 11 individuelle renn og 6 stafettar. Tevlingane tok til 10. desember 1986 og vart avslutta 21. mars 1987. Dei elleve individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km, tre 20-kilometerar og ei tremil. Renna fann stad i Ramsau am Dachstein i Austerrike, Val di Sole (2) og Cogne (2) i Italia, Calgary (2) i Canada, Oberstdorf (4) i dåverande Vest-Tyskland, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige, Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen og Oslo (2) i Noreg.

Fjorårsvinnaren Marjo Matikainen frå Finland var klart best og vann FIS-pokalen med stor margin. Ho vann tre av dei individuelle renna, norske Brit Pettersen to renn. Marianne Dahlmo, Grete Ingeborg Nykkelmo, Anne Jahren og Anette Bøe, alle Noreg, samt Evi Kratzer frå Sveits og Marie-Helene Westin frå Sverige vann ei tevling kvar.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Marjo Matikainen Flag of Finland.svg Finland 127
2 Anfisa Reztsova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 97
3 Marianne Dahlmo Flag of Norway.svg Noreg 95
4 Marie-Helene Westin Flag of Sweden.svg Sverige 85
5 Brit Pettersen Flag of Norway.svg Noreg 75
6 Anette Bøe Flag of Norway.svg Noreg 61
7 Evi Kratzer Flag of Switzerland.svg Sveits 60
8 Anne Jahren Flag of Norway.svg Noreg 59
9 Grete Ingeborg Nykkelmo Flag of Norway.svg Noreg 53
10 Raisa Smetanina Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 51
11 Antonina Ordina Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 50
12 Pirkko Määttä Flag of Finland.svg Finland 49
13 Larisa Ptitsyna Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 46
14 Karin Thomas Flag of Switzerland.svg Sveits 35
15 Annika Dahlman Flag of Sweden.svg Sverige 34
16 Nina Skeime Flag of Norway.svg Noreg 33
17 Marie Johansson Flag of Sweden.svg Sverige 26
18 Susann Kuhfittig Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 21
19 Nina Koroljova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 21
20 Natalija Furlatova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 20
21 Angela Schmidt-Foster Flag of Canada (Pantone).svg Canada 20
22 Giudina Dal Sasso Flag of Italy.svg Italia 20
23 Jelena Välbe Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 19
24 Christine Brügger Flag of Switzerland.svg Sveits 18
Marcela Jebava Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]