Verdscupen i langrenn 1989/Menn
Verdscupen i langrenn for menn i 1989-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 10. desember 1988 og vart avslutta 12. mars 1989. Dei 12 individuelle renna bestod av seks tevlingar over 15 kilometer, fire over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Ramsau am Dachstein (2) i Austerrike, Bohinj i Jugoslavia, Val di Sole i Italia, Kavgolovo (2) i Sovjetunionen, Nové Město na Moravě (2) i Tsjekkoslovakia, Lahti (5) i Finland, Oslo (2) i Noreg og Falun (2) i Sverige.
Gunde Svan frå Sverige vann sin femte FIS-pokal. Norske Vegard Ulvang kom på andreplass og svenske Torgny Mogren vart tredjemann i turneringa. Svan sigra i seks av dei tolv individulle tevlingane. Ulvang vann to enkelttevlingar, medan Mogren, Vladimir Smirnov frå Sovjetunionen, Harri Kirvesniemi frå Finland og Lars Håland frå Sverige vann kvar si individuelle tevling.
Individuelt
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
1 | Gunde Svan | Sverige | 170 |
2 | Vegard Ulvang | Noreg | 154 |
3 | Torgny Mogren | Sverige | 140 |
4 | Pål Gunnar Mikkelsplass | Noreg | 134 |
5 | Vladimir Smirnov | Sovjetunionen | 74 |
6 | Lars Håland | Sverige | 67 |
7 | Holger Bauroth | Aust-Tyskland | 57 |
8 | Christer Majbäck | Sverige | 46 |
9 | Uwe Bellmann | Aust-Tyskland | 44 |
10 | Aleksej Prokurorov | Sovjetunionen | 43 |
11 | Terje Langli | Noreg | 43 |
12 | Harri Kirvesniemi | Finland | 39 |
13 | Thomas Eriksson | Sverige | 39 |
14 | Bjørn Dæhlie | Noreg | 36 |
15 | Vladimir Sakhnov | Sovjetunionen | 33 |
16 | Giachem Guidon | Sveits | 30 |
17 | Jan Ottosson | Sverige | 27 |
18 | Igor Badamsjin | Sovjetunionen | 25 |
19 | Václav Korunka | Tsjekkoslovakia | 25 |
20 | Henrik Forsberg | Sverige | 24 |
21 | Jochen Behle | Vest-Tyskland | 21 |
22 | Kari Ristanen | Finland | 19 |
23 | Martin Petrásek | Tsjekkoslovakia | 18 |
24 | Radim Nyč | Tsjekkoslovakia | 18 |
25 | Pavel Benc | Tsjekkoslovakia | 17 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1988/89» frå Wikipedia på tysk, den 25. november 2020.