Viriskogtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viriskogtrast
Viriskogtrast
Viriskogtrast
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av viriskogtrast
Utbreiinga av viriskogtrast
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Trastefamilien Turdidae
Slekt: Catharus
Art: Viriskogtrast C. fuscescens
Vitskapleg namn
Catharus fuscescens

Viriskogtrast (Catharus fuscescens) er ein liten amerikansk trastart som hekkar i nordlege USA og sørlege Canada, og overvintrar i Brasil. Han er medlem av ei gruppe nært nærskylde og liknande artar i slekta Catharus, saman med gråkinnskogtrast (C. minimus) og brunkinnskogtrast (C. ustulatus).

Det spesifikke namnet fuscescens er nylatin for «svartaktig», frå latinsk fuscus, «mørkt».[1] Det engelske namnet og første del 'viri' i det norske kan etterlikne lætet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne arten måler 17–18 cm, kroppsmassen er rundt 30 gram[2] og vengespennet er 28–29 cm.[3] Vaksne er hovudsakleg lysebrune på oversida. Undersida er kvit; øvre bryst og strupe er lyst gult med svake brunlige flekker. Dei har rosa bein og ein dårleg definert augering. Fuglar i dei austlege delane av hekkeområdet for arten er meir kanelfarga på oversida; vestlege fuglar meir olivenbrune.

Viriskogtrastar har ein luftig, nedstigande, fløyteliknande song, ofte frå ei grein lågt og skjult i eit tre. Det vanlegaste lætet er ein hard, søkkande «vi-er», som gav fuglen namnet. Andre læte inkluderer ein «skravling» og eit skarpt og kort «sjukk» mellom songstrofene.[2]

Utbreiing og habitat

Hekkehabitatet er fuktig lauvskog over nordlege USA og sørlege Canada. Hekkeområde inkluderer tette vekstar og tett undervekst nær ei vasskjelde, til dømes ein bekk. Desse fuglane trekker til det austlege Sør-Amerika utanfor hekketida. Ein har funne viriskogtrast gjennom heile Amazonas-bassenget, frå delstaten Mérida i Venezuela og øvre delar av Orinoco og sør til delstaten São Paulo i Brasil. I ei undersøking inkluderte stoppestader under trekket av fleire viriskogtrastar frå Delaware i USA kysten av Mexicogolfen og øyar i Karibia, kysten av Carolina, og i Venezuela.[4] Andre kjente stoppestader er i Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia. Dei er svært sjeldne streiffuglar til Vest-Europa, første individ til Noreg vart funne i 2021.[5]

Dei beitar på skogbotnen og vender på lauvblad for å finne insekt; dei kan flyge opp for å fange insekt i flukt. Hovudføda er insekt og bær, insekt er ei hovudnæringskjelde i hekkesesongen, medan frukt og bær kan utgjere det meste av dietten på ettersommaren og hausten.[6][2]

Hekking

Dei konstruerer reir på bakken eller nær bakken i ein busk. Reiret består av tre strukturelle lag, inkludert ytre, indre og lag. Det ytre laget består av blad og støttande greiner, medan det indre laget består av tynnare materiale vove saman. Foringa består av fleksibelt materiale som bark, røter og frø.[7] Hoa legg tre til fem grønblåe egg som kan ha brune flekker som ho rugar i 10 til 14 dagar. Begge foreldra matar ungar i reiret. Unge viriskogtrastar kan forlate reiret mellom 10 og 12 dagar etter klekking.[6]

Viriskogtrastar er sporadiske vertar for egg lagt av brunhovudtrupial (Molothrus ater). Det er observert at det er somme hannar som engasjerer seg i åtferd som liknar den polygynandrøse irokesarskogtrast ved at hannar kan mate ungar i meir enn eitt reir og det kan vere fleire hannar som kjem med mat til kvart reir.[8][9]

Truslar

Populasjonen av viriskogtrast er minkande i storleik.[10] Trugsmåla mot arten inkluderer reirparasitisme frå brunhovudtrupial, klimaendringar og endring av Amazonas låglandsskog.[6] Trendresultat frå ei hekkefuglundersøking indikerer at viriskogtrastpopulasjonane gjekk tilbake over det meste av området frå 1966 til 2013.[6] Det har vore uro for at bruk av invasive/framande plantedelar kan redusere hekkesuksessen, men negative konsekvensar er ikkje dokumenterte.[7] Andre potensielle truslar inkluderer tap av skoghabitat, åttak frå ekorn, jordekorn og rovfuglar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 167. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Heckscher, C. M., L. R. Bevier, A. F. Poole, W. Moskoff, P. Pyle, og M. A. Patten (2020). Veery (Catharus fuscescens), version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.veery.01
  3. Veery Identification, All About Birds. Cornell Lab of Ornithology, Cornell University
  4. Heckscher, Christopher M.; Taylor, Syrena M.; Fox, James W.; Afanasyev, Vsevolod (2011). «Veery ( Catharus fuscescens ) Wintering Locations, Migratory Connectivity, and a Revision of its Winter Range Using Geolocator Technology». The Auk 128 (3): 531–542. doi:10.1525/auk.2011.10280. 
  5. Bjørn Mo, Viriskogtrost – ny art for Norge Norsk Ornitologisk Forening, 22. oktober 2021, henta 31. oktober 2021
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Veery». Audubon. 13. november 2014. Henta 31. oktober 2021. 
  7. 7,0 7,1 Heckscher, Christopher M.; Taylor, Syrena M.; Sun, Catherine C. (1. januar 2014). «Veery (Catharus fuscescens) Nest Architecture and the Use of Alien Plant Parts». The American Midland Naturalist 171 (1): 157–164. ISSN 0003-0031. doi:10.1674/0003-0031-171.1.157. 
  8. Halley, Matthew R.; Heckscher, Christopher M. (1. juni 2012). «Multiple Male Feeders at Nests of the Veery». The Wilson Journal of Ornithology 124 (2): 396–399. ISSN 1559-4491. doi:10.1676/11-120.1. 
  9. Goetz, James E.; McFarland, Kent P.; Rimmer, Christopher C.; Murphy, M. T. (1. oktober 2003). «Multiple paternity and multiple male feeders in bicknell's thrush (catharus bicknelli)». The Auk 120 (4): 1044–1053. ISSN 0004-8038. doi:10.1642/0004-8038(2003)120[1044:MPAMMF]2.0.CO;2. 
  10. BirdLife International (2021) Species factsheet: Catharus fuscescens. Henta 31. oktober 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Veery
Commons har multimedium som gjeld: Viriskogtrast