Wes Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wes Brown
Brown Manchester - Old Trafford - Manchester United vs Crawley Town.jpg
Brown speler for Manchester United i 2011
Personleg informasjon
Fullt namn Wesley Michael Brown[1]
Fødselsdato 13. oktober 1979 (40 år)[2]
Fødestad Longsight i Manchester
Høgd 1,85 m[3]
Posisjon Forsvarsspelar
Ungdomsklubbar
1992–1996 Manchester United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996–2011 Manchester United 232 (3)
2011–2016 Sunderland 76 (1)
2016–2017 Blackburn Rovers 5 (1)
2017–2018 Kerala Blasters 14 (1)
Landslag
1998–2000 England U21 8 (0)
1999–2010 England 23 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. februar 2018

Wesley Michael Brown (fødd 13. oktober 1979 i Manchester) er ein engelsk fotballspelar, fødd og oppvaksen i Manchester. Brown spela for Sunderland frå 2011 til 2016, åra 1998-2011 spela han for Manchester United. Han har vore med å vinne Meisterligaen to gongar, den engelske ligaen fem gongar, FA-cupen to gongar og ligacupen ein gong.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Den 185 cm høge og 75 kg tunge Wes Brown signerte ein arbeidsavtale med favorittklubben Manchester United den 4. november 1996, 17 år gamal. 4. mai 1998 fekk han sin ligadebut, då han var innbyttar mot Leeds United. Gjennombrotet kom i 1998/99-sesongen, då han fekk fleire kampar som høgreback, og som midtstoppar i spann med Jaap Stam. Sesongen kunne ikkje ha gått betre for Brown, ettersom United vann både den engelske liagaen, FA-cupen og Meisterligaen. Sommaren 1999 vart han skadd, den fyrste av det som skulle bli ei lang rekke langvarige skadar.

Ein fin 2000/01-sesong blei følgd opp av nok ein solid 2001/02-sesong. Brown spelte då så godt at han fekk plass i Englands tropp til VM 2002. Utover i 2002/03-sesongen spela han særleg godt, men atter pådrog han seg skadar som han sette han ut av spel i lang tid.

Etter 2008 vart det mindre speletid for Brown i Manchester United. Han hadde ikkje plass i fyrsteellevaren, og spela oftast sideback. Gjennom 13 år for United spela han 383 obligatoriske kampar for klubben. Mellom 1999 og 2010 spela han 23 landskampar for England og skåra eitt mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Retained and released lists submitted by Premier League clubs». Premier League. 10 June 2016. Henta 24 February 2018. 
  2. «Wes Brown». Barry Hugman's Footballers. Henta 24 February 2018. 
  3. «Wes Brown». 11v11.com. AFS Enterprises. Henta 24 February 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]