Silk Purse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Silk Purse
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve 13. april 1970
Innspelt 5. januar 1970–4. mars 1970
Studio Capitol Recording Studio (Hollywood)
Sjanger Country
Lengd 29:14
Selskap Capitol
Produsent Elliot F. Mazer
Linda Ronstadt-kronologi
Hand Sown ... Home Grown
(1969)
Silk Purse Linda Ronstadt
(1972)


Singlar frå Silk Purse
  1. «Will You Love Me Tomorrow?»
    Utgjeve: 2. mars 1970
  2. «Long, Long Time»
    Utgjeve: 15. juni 1970

Silk Purse er det andre studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut i mars 1970, eitt år etter ho gav ut debutalbumet Hand Sown ... Home Grown.[1] Det vart spelt inn i Cinderella Sound Studio i Nashville – det einaste Ronstadt-albumet spelt inn i countryhovudstaden - og det vart produsert av Elliot Mazer, som tidlegare hadde arbeidd med Richie Havens, Gordon Lightfoot, James Cotton, Rufus Thomas, Chubby Checker og Frank Sinatra.[2] Mazer vart tilrådd til Ronstadt av Janis Joplin, som ho kjende frå lokale nattklubbar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld songar innan tradisjonell country. Ronstadt sa seinare at «Nashville Country er særs forskjellig frå California Country.» Dette albumet, som føregangaren, skilde seg òg frå stilen Ronstadt hadde spelt tidlegare med folkrockgruppa Stone Poneys.

Silk Purse inneheld tolkingar av Hank Williams-songen «Lovesick Blues», Mel Tillis-songen «Mental Revenge» og ein versjon av den tradisjonelle songen «Life Is Like A Mountain Railway». Albumet inneheld òg ein versjon av «Will You Love Me Tomorrow?» av Gerry Goffin og Carole King, som vart spelt inn av The Shirelles i 1961 – og ein harmoniduett med Gary White på Paul Siebel-balladen «Louise».

Det viktigaste bidraget til Gary White var derimot ein ballade som Ronstadt måtte overtyde plateselskapet om å ta med på albumet – «Long, Long Time», som etter kvart viste seg å bli den første singelen hennar på singellista som soloartist. Etter han var spelt inn, og trass i at Ronstadt tydeleg ønskte å ha med songen, prøvde sjefane i Capitol Records å overtyde ho frå å ta med songar som «Long, Long Time», som dei rekna for å vere altfor country. Likevel førte den lidenskapelege framføringa hennar av songen til at han vart ein hit og nådde 21. plassen i magasinet Record World, 25. plassen på Billboard Hot 100-lista og 26. plassen på Cash Box-lista. Songen gav òg Ronstadt den første Grammy-nominasjonen hennar tidleg i 1971.

Etter utgjevinga av Silk Purse sette Ronstadt saman eit turnéband som òg spelte på det neste albumet. Den nye gruppa bestod av Glenn Frey, Bernie Leadon, Randy Meisner og Don Henley. Musikarane spelte så bra i lag på scenen at dei sjølv gjekk saman å skipa bandet Eagles.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[4]
Christgau's Record GuideB[5]
Rolling Stone(middels)[6]

Tre månader etter albumet kom ut, melde Alec Dubro plata i Rolling Stone og skreiv: «Noko av materialet er ei rå etterlikning og noko er meir originalt, men ingen av songane er langt bort frå sjela til songaren. Det er røysta til Linda Ronstadt som gjer denne plata. Ho gjev songane ei kjensle som ho har synt sidan det første albumet med Stone Poneys, og ho har utvikla countrystilen sin mykje sidan det førre albumet sitt.»[6] Lester Bangs melde òg albumet i magasinet Penthouse: «Vokalstilen til Linda Ronstadt er som det fysiske nærværet hennar: full av lidenskap og sårbarheit, skjelvande, men likevel besett av ei kjerne av absolutt styrke.»[7]

Musikkritikaren Robert Christgau roste Ronstadt for songvala hennar, men skreiv at «stundom – 'Lovesick Blues' og 'Long Long Time' er begge glimrande - verkar ho å finne sjela til Kitty Wells i tillegg til sin eigen klang.»[5]

Sjølv om albumet kom ut i mars, gjekk ikkje Silk Purse inn på Billboard Top 200-lista før i oktober 1970, og låg då ti veker inne på lista, men nådde berre 103. plassen.[8] Dette skjedde etter at singelen «Long, Long Time» på sommaren hadde nådd 25. plassen på Billboard-lista.[9] Singelen vart nominert til Grammyprisen for beste moderne song av ei kvinne,, men tapte for Dionne Warwick sin «I'll Never Fall In Love Again».[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingLengd
1.«Lovesick Blues»Cliff Friend, Irving Mills15. januar 19702:07
2.«Are My Thoughts with You?»Mickey Newbury6. januar 19702:47
3.«Will You Love Me Tomorrow»Gerry Goffin, Carole King5. januar 19702:27
4.«Nobody's»Gary White4. mars 19702:56
5.«Louise»Paul Siebel30. januar 19703:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingLengd
1.«Long, Long Time»Gary White28. februar 19704:21
2.«Mental Revenge»Mel Tillis11. februar 19702:46
3.«I'm Leaving It All Up to You»Don «Sugarcane» Harris, Dewey Terry11. februar 19702:21
4.«He Dark the Sun»Gene Clark, Bernie Leadon28. januar 19702:40
5.«Life Is Like a Mountain Railway»Tradisjonell, arrangert av Elliot Mazer og Linda Ronstadt4. mars 19703:24

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970/71) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 34
USA (Billboard 200) 103

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Adam Mitchell - musikalsk leiar
  • Kenny Buttrey - arrangement og dirigent på «Lovesick Blues»
  • Elliot Mazer, Adam Mitchell - arrangement og dirigent på «Are My Thoughts with You?» og «Will You Love Me Tomorrow?»
  • Norbert Putnam, Adam Mitchell - arrangement og dirigent på «Nobody's»
  • Gary White - vokal på «Louise»
  • Norbert Putnam - arrangement og dirigent på «Long Long Time»
  • The Beechwood Rangers - akkompagnement på «Life Is Like a Mountain Railway»
  • Elliot Mazer, Fred Catero, Howard Gale, Lee Hazen, Wayne Moss - lydteknikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Linda Ronstadt Album and CD releases.
  2. «Elliot Mazer credits». Allmusic. Henta 29. november 2020. 
  3. «Archived copy». Arkivert frå originalen 29. november 2020. Henta 29. november 2020. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «Silk Purse - Linda Ronstadt». Allmusic. Henta 29. november 2020. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  6. 6,0 6,1 Dubro, Alec (25. juni 1970). «Silk Purse». Rolling Stone. Henta 29. november 2020. 
  7. Bangs, Lester (October 1972). «Silk Purse > Review». Penthouse. 
  8. Linda Ronstadt Top Pop albums.
  9. Linda Ronstadt Album and Single chart positions Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine.
  10. Linda Ronstadt Grammyprisens
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6.