Willie Weeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willie Weeks
Willie Weeks.jpg
Weeks i lag med Eric ClaptonCrossroads Guitar Festival i 2007
Foto: Philip Vaandrager
Fødd1947
FødestadSalemburg
OpphavSalemburg i North Carolina, USA
Aktiv1963 til i dag
SjangerRock, blues, jazz, country
InstrumentElektrisk bassgitar
Kjende instrument1963 Fender P-Bass
PlateselskapReprise Records, Tamla Records, Polydor Records, Epic Records, EMI Records, Warner Bros. Records, Atlantic Records, Capitol Records, Columbia Records, EMI Records, CBS Records, Elektra Records
Verka somMusikar, skodespelar

Willie Weeks (fødd 1947) er ein amerikansk bassgitarist. Han har vorte kjend gjennom å ha spelt med mange kjende musikarar innan mange sjangrar. Han har vore ein av dei mest etterspurte studiomusikarane gjennom karrieren sin. Weeks har òg turnert med mange tungvektarar innan rock gjennom karrieren sin. I 2006-2007 var han bassist for Eric Clapton på verdsturneen hans Crossroads Guitar Festival.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Weeks vart fødd i Salemburg i North Carolina og byrja å spele elektrisk bass tidleg i 1960-åra. Dei tidlegare inspirasjonskjeldene hans var country, pop og R&B han høyrte på radio. Weeks reknar bassistane Ron Carter, James Jamerson og Ray Brown som tidlege inspirasjonskjelder.

Weeks har arbeidd i studio og/eller turnert med artistar så forskjellige som Gregg Allman, David Bowie, Clarence «Gatemouth» Brown, Jimmy Buffett, Kevin Chalfant, Eric Clapton, Buddy Guy, Hank Crawford, Robert Cray, Bo Didley, The Doobie Brothers, Aretha Franklin, Vince Gill, Isaac Hayes, George Harrison, Billy Joel, Wynonna Judd, B.B. King, Lyle Lovett, Gail Davies, Michael McDonald, Don McLean, John Mayer, Bette Midler, Randy Newman, Pino Palladino, John Scofield, Carly Simon, Rod Stewart, The Rolling Stones, James Taylor, Richard and Linda Thompson, Joe Walsh, Bobby Womack, Leon Russell, Steve Winwood, Stevie Wonder, Ronnie Wood, Soulive og Eikichi Yazawa.

Weeks si speling på Donny Hathaway sitt Live (1972), med ein 3½-minutt lang bassolo på «Voices Inside (Everything Is Everything)», [1] vert av mange bassistar som noko av det beste Weeks gjorde.

Weeks spelar i filmane Blues Brothers 2000 og Lightning in a Bottle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]