Works Volume 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Works Volume 2
Studioalbum av Emerson, Lake & Palmer
Utgjeve 10. november 1977
Innspelt 1973-76
Sjanger Progressiv rock
Lengd 43:54
Selskap Atlantic
Shout! Factory
Produsent Keith Emerson, Greg Lake, Carl Palmer, Peter Sinfield
Emerson, Lake & Palmer-kronologi
Works Volume 1
(1977)
Works Volume 2 Love Beach
(1978)


Singlar frå Works Volume II
  1. «Tiger in a Spotlight»
    Utgjeve: 1977
  2. «Watching Over You»
    Utgjeve: 1978

Works Volume 2 er det sjette studioalbumet av Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut i 1977.[1][2] I motsetnad til Works Volume 1 (som bestod av tre solosider og ei bandside), var Works Volume 2 eit enkelt album og tilsynelatande eit samlealbum av spor som var til overs frå tidlegare albuminnspelingar. Mange avskreiv albumet for den tilsynelatande mangelen på fokus, medan andre meinte det synte ei anna side av bandet med blues, bluegrass og jazz som dominerande sjangrar på plata.

Den ommastra utgåva frå 2017 er ei dobbeltplate med heile Works Live, ei forlenga utgåve av albumet Emerson, Lake & Palmer in Concert.

Songar[endre | endre wikiteksten]

«When the Apple Blossoms Bloom...», «Tiger in a Spotlight» og «Brain Salad Surgery» var blitt spelt inn i 1973 under innspelinga av Brain Salad Surgery, men kom ikkje med på albumet den gongen. Keith Emerson sin versjon av «Honky Tonk Train Blues» kom ut på singel i 1976 og nådde 21. plassen på den britiske poplista.[3]

Volume 2 inneheldt òg ein enkel versjon av Greg Lake sin «I Believe in Father Christmas». Ein orkesterversjon av songen var tidlegare blitt gjeven ut som ein solosingel av Lake i Storbritannia i 1975 og vart ein standard julesong der.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Classic Rock3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Rolling Stone(negativ)[7]
The Village VoiceC+[5]
Sea of Tranquility4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[8]
Louder3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[9]

Albumet selde ikkje like godt som dei førre albuma deira og nådde 20. plassen i Storbritannia og 37. plassen i USA. Tre av spora frå albumet vart gjevne ut som singlar: «Tiger in a Spotlight», «Maple Leaf Rag» og «Watching Over You».

I ei melding av Robert Christgau i The Village Voice sa han spøkefullt at det var «nyhende» når «den mest overdrive 'progressive' gruppa i verda» lagar eit album som er «mindre pretensiøs enn tittelen», men sette spørsmålsteikn ved om det kunne kallast «rock and roll».[5] I ei seinare melding skreiv David Ross Smith i AllMusic at albumet var «særs undervurdert» og at albumet «bortsett frå korte stunder der det glepp, er det ikkje ein einaste svak melodi på denne samlinga.»[4]

Dei to Works-albuma vart marknadsførte med turnear i Nord-Amerika frå mai 1977 til februar 1978 over 120 konsertar.[10] Somme av dei tidlege konsertane i 1977 vart framførte med eit handplukka orkester og kor, men ideen vart skrinlagd etter 18 konsertar fordi det vart for dyrt.[11] Den siste konserten med orkester og kor fann stad 26. august 1977 i Olympic Stadium i Montreal føre eit publikum på kring 78 000 menneske, det største Emerson, Lake & Palmer spelte for som soloartist.[12] I følgje Lake hadde bandet tapt kring tre millionar amerikanske dollar på turneen. Lake and Palmer gav Emerson skulda, sidan det var hans ide om å ta med seg eit orkester.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tiger in a Spotlight» (singel i 1977, innspelt 1973; B-side til 'All I Want Is You, 1978)Keith Emerson, Greg Lake, Carl Palmer, Peter Sinfield4:02
2.«When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine» (B-side til «Jerusalem», 1973)Emerson, Lake, Palmer3:56
3.«Bullfrog»Ron Aspery, Colin Hodgkinson, Palmer3:49
4.«Brain Salad Surgery» (B-side til «Fanfare for the Common Man»; innspelt 1973)Emerson, Lake, Sinfield3:05
5.«Barrelhouse Shake-Down» (B-side til «Honky Tonk Train Blues»)Emerson3:55
6.«Watching Over You» (singel frå 1977)Lake, Sinfield3:54
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«So Far to Fall» (B-side til «Tiger in a Spotlight», 1977)Emerson, Lake, Sinfield4:55
2.«Maple Leaf Rag»Scott Joplin, arr. Emerson2:00
3.«I Believe in Father Christmas» (singel frå 1975)Lake, Sinfield3:20
4.«Close but Not Touching»Palmer3:18
5.«Honky Tonk Train Blues» (singel frå 1976)Meade Lux Lewis, arr. Emerson2:57
6.«Show Me the Way to Go Home»James Campbell, Reginald Connelly3:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Emerson, Lake & Palmer[endre | endre wikiteksten]

Gjestemusikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Ron Aspery - saksofon på «Bullfrog» (ikkje oppført)
  • Colin Hodgkinson - bassgitar på «Bullfrog» (ikkje oppført)
  • Graham Smith - munnspel på «Watching Over You»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Works Volume 2» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2020.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «Backstage Confessions». Beaver County (Pa.) Times. 17. oktober 1977. Henta 27. februar 2020. «Emerson, Lake & Palmer will release a new album, »Works, Volcume Two,« on Nov. 1» 
  2. Palmer, Carl. «Diskografi». Carl Palmer Official Global Web Site. Henta 27. februar 2020. 
  3. The Official UK Charts Company: Honky Tonk Train Blues
  4. 4,0 4,1 Smith, David Ross. «Works, Vol. 2 - Emerson, Lake & Palmer». AllMusic. Henta 27. februar 2020. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (30. januar 1978). «Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 27. februar 2020. 
  6. Fielder, Hugh (February 2005). «Eight by Three». Classic Rock 76. London: Future Publishing Ltd. s. 104. 
  7. Bloom, Michael (23. februar 1978). «Emerson, Lake & Palmer: Works, Vol. 2 : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. november 2007. Henta 27. februar 2020. 
  8. Pardo, Pete. «Emerson Lake & Palmer: Works Volume 2 (remastered)». Sea of Tranquility. Henta 23. februar 2020. 
  9. Sharp, Johnny. «Emerson Lake & Palmer: Works Volume 1». loudersound.com. Henta 26. februar 2019. 
  10. Macan 2006, s. 415.
  11. Charone, Barbara (September 1977). «Ladies and Gentlemen...». Gig. 
  12. Macan 2006, s. 401.