Periferieininga Xánthi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Xánthi prefektur)
Periferieininga Xánthi
Περιφερειακή ενότητα Ξάνθης
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Aust-Makedonía og Thráki
Hovudstad Xánthi
Folketal 118 195 (2021[1])
Areal 1 793 km² Rangering 37.
Folketettleik 66/km²
Kommunar 4
Postnummer 67x xx
Retningsnummer 254x0, 25540
Bilnummer AH
Heimeside www.xanthi.gr

Periferieininga Xanthi (gresk Περιφερειακή ενότητα Ξάνθης, Periferiakí enótita Xántis) er ei periferieining i Hellas i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Hovudstaden i periferieininga er Xánthi.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Xanthi er den minste periferieininga i Thráki både i folketal og areal. Xanthi grensar til Bulgaria langs Rodopifjella i nord og til Egearhavet i sør. Periferieininga Kavála ligg i vest, medan Dráma ligg i nordvest og Rodópi ligg i aust. Fjella Koúla ligg i aust og Papíkio i nordaust.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Periferieininga har hovudsaleg middelhavsklima i sørlege og sentrale område. I nord og i høgareliggande strøk har ein derimot hovudsakleg kontinentalklima med kalde vintrar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Xánthi eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Xánthi Xánthi Xánthi 671 00 25410-2 til 7
Stavroúpoli 670 52 25420-2
Tópiros Tópiros 672 00 25410-4
Mýki Mýki 671 00 25410-2 til 7
Kotýli 673 00 25540-2
Thérmes 673 00 25540-2
Sátres 673 00 25540-2
Ávdira Ávdira 670 61 25410-5
Vistonída 670 64 25410-8
Sélero 671 00 25410-2

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Xánthi Xánthi 56 122 58 748
Kimméria Xánthi 3 644 3 639
Kéntavros Mýki 2 580 2 448
Ekhínos Mýki 2 486 2 210
Sélero Ávdira 2 059 1 954
Jeniséa Ávdira 1 473 1 454
Mýki Mýki 1 313 1 347
Glávki Mýki 1 447 1 282
Évmiro Xánthi 1 272 1 232
Petinós Ávdira 1 118 1 127
Iliokéndima Tópiros 1 405 1 116
Pákhni Mýki 1 031 1 028
Ávato Tópiros 1 078 956
Soúnio Ávdira 1 018 924
Ávdira Ávdira 1 090 923

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]