You Can't Judge a Book by the Cover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You Can't Judge a Book by the Cover
Singel av Bo Diddley
frå albumet Bo Diddley
B-side «I Can Tell»
Utgjeve Juli 1962
Innspelt Chicago, 27. juni 1962
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:43
Selskap Checker (no. 1019)
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Ralph Bass

«You Can't Judge a Book by the Cover» er ein song frå 1962 av rock and roll-pioneren Bo Diddley. Han vart skriven av Willie Dixon og var den siste hitten til Diddley.[1] I motsetnad til dei meir kjende songane hans, har ikkje «You Can't Judge a Book by the Cover» ein Bo Diddley-rytme.[2] Ei rekkje andre musikarar har spelt inn songen.

Originalsongen[endre | endre wikiteksten]

«You Can't Judge a Book by the Cover» er ein 16-taktsblues som Allmusic skildra «med ein rytme som uimotståeleg og vill, men nærmar ein veldig rask gå-rytme enn den vanlege Diddley-rytmen».[2] Teksten til Willie Dixon omhandlar ei rekkje metaforar for ting du ikkje kan døme etter korleis det ser ut.[2]

«You can't judge an apple by looking at a tree
You can't judge honey by looking at the bee
You can't judge a daughter by looking at the mother

You can't judge a book by looking at the cover»

I 1962 nådde songen 21. plassen på Billboard si R&B-liste og 48. plassen på Billboard Hot 100.[1]

Seinare utgåver[endre | endre wikiteksten]

«You Can't Judge a Book by the Cover» har blitt spelt av mange andre artistar,[2] ofte med forskjellige titlar, som «You Can't Judge a Book by Its Cover» or «You Can't Judge a Book by Looking at the Cover». Ei tidleg utgåve av The Rolling Stones spelte inn ei demoinnspeling av songen i oktober 1962. I 1963 spelte The Yardbirds med Eric Clapton inn eit konsertopptak av songen ved Crawdaddy Club i London under innspelinga om vart gjeven ut på Sonny Boy Williamson and The Yardbirds. I 1964 vart songen framført på tyske Beat-Club av The Syndicats, med gitaristen Steve Howe. I 1966 spelte visesongaren Tom Rush for albumet Take a Little Walk with Me. I 1966 gav garasjebandet Shadows of Knight ut songen på debutalbumet deira, Gloria. The Monkees spelte inn ein versjon for albumet Live 1967 med vokal av Mike Nesmith. Den 26. januar 1972 spelte Jerry Garcia og Howard Wales ein kjapp versjon av songen på ein konsert i Symphony Hall i Boston.[3]

Seinare versjonar vart gjevne ut av Cactus (1970 Cactus), Long John Baldry på albumet Everything Stops for Tea i 1972, The Beat Farmers (2003 Live at the Spring Valley Inn, 1983) og The Fabulous Thunderbirds (1992 Hot Stuff). Hank Williams jr. spelte songen i ein duett med Huey Lewis i 1986 på albumet, Montana Cafe, og Roy Buchanan (med Delbert McClinton) (2011 Alligator Records 40th Anniversary Collection). The Strypes spelte ein versjon i 2012 på debut-EP-en Young Gifted & Blue. Kenny Wayne Shepherd Band' spelte songen på albumet Goin' Home i mai 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 118. ISBN 0-89820-068-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Unterberger, Ritchie. «You Can't Judge a Book by Its Cover – Song Review». AllMusic. Henta 6. oktober 2010. 
  3. «Jerry Garcia and Howard Wales, Symphony Hall, January 26, 1972». jerrygarcia.com. Jerry Garcia Family LLC. Henta 11. juli 2017.