Hopp til innhald

Hovudside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkomen til Nynorsk Wikipedia
– eit fritt oppslagsverk som alle kan redigera.
I dag er det 8. juli 2024 (oppdater)


Nynorsk Wikipedia har no 169 926 artiklar


Kapittelhuset frå Santa María de Óvila i California

Santa María de Óvila er eit tidlegare cisterciensar-kloster som blei bygd i Spania frå 1181 ved Tagus-elva nær Trillo i Guadalajara, rundt 140 km nordaust for Madrid. I dei neste fire hundreåra, under velstandstider, blei det vesle klosteret utvida og forbetra gjennom fleire ulike byggeprosjekt. Velstanden gjekk markant tilbake på 1800-talet, og i 1835 blei klosteret konfiskert av dei spanske styresmaktene og selt til private eigarar som brukte bygningane til vern for buskap.

Den amerikanske forleggjaren William Randolph Hearst kjøpte delar av klosteret i 1931 med tanke på å bruke steinane til å byggja eit stort og fantasifullt slott i Wyntoon i California, men etter at rundt 10 000 steinar var fjerna og sende, blei dei liggjande forlatne i San Francisco i tiår. Steinane er no på ulike stader rundtom i California: den gamle kyrkjeportalen blei reist ved University of San Francisco, og kapittelhuset blei sett saman att av trappistar ved Abbey of New Clairvaux i Vina. Les meir …

Førre tre vekene:

KorintBadingDuane Eddy


Dagens skandinaviske artikkel
MS «Langsund» fra 2002.

Rostein er et norsk skipsrederi etablert i 1996. I 2017 ble selskapet verdens største brønnbåtrederi, målt i lastekapasitet. Rostein utfører transport av smolt og slaktefisk. Rederiet arbeider også med sortering og telling av laks og ørret i tillegg til behandling mot lakselus. Skipene opererer hovedsakelig i Norge. Rostein hadde per 2023 hovedkontor på Harøy, og 18 brønnbåter i flåten sin. ► Les mer her.

Systerprojekt
Commons
Felles medialager
Wikinytt
Frie nyhende
Wiktionary
Ordbok og synonymordbok
Wikifrasar
Frie sitat
Wikibøker
Frie bøker
Wikikjelda
Frie kjeldetekstar
Wikispecies
Artskart
Wikiversity
Frie læremiddel
Meta-Wiki
Wikimedia
Wikidata
Fri kunnskapsbase
Wikivoyage
Fri reisehandbok
Dagen i dag
Visste du at …
... den portugisiske filosofen Uriel Acosta overtydde familien sin å konvertera attende til jødedommen frå katolisismen?
... Don Juan Pond i Antarktis er den saltaste innsjøen i verda med eit saltinnhald på 40 %, som gjer at han sjølv i temperaturar ned mot -50 ºC ikkje frys til is?
... hundedagane har fått namnet sitt frå hundestjerna, Sirius?
... Ma'loula er ein av berre tre landsbyar i verda der ein framleis talar den vestlege dialekten av arameisk, som er nærast språket Jesus nytta?
... det eldste menneskeskjelettet funne i Peru er minst ti tusen år gammalt og blei funne i Huánuco-regionen?
Tilfeldige fakta frå nokre av artiklane våre
Temasider
Om Wikipedia
Wikipedia er det største prosjektet til stiftinga Wikimedia. Oppslagsverket er fritt til å bruka her og elles. Det baserer seg i stor grad på dugnad, både når det gjeld skriving og retting, og du er velkommen til å delta. To av utgåvene er på norsk; denne nynorske wikipediaen og Wikipedia på bokmål og riksmål med meir enn 600 000 artiklar. Wikipedia finst også på nordsamisk. Wikipedia er støtta av gåver frå brukarane sine, og me tek gjerne imot bidrag.

Grunnprinsipp Spørsmål og svar Hjelp Skriva Endra Arbeidskontoret Samfunnshuset Kontakt