Aabenraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Åbenrå)
Aabenraa
Andre namn Åbenrå, sønderjysk Affenrå, tysk Apenrade
Horisonten til Aabenraa
Horisonten til Aabenraa
Byvåpenet til Aabenraa
Byvåpenet til Aabenraa

Kallenamn
«Sønderjyllands havneby»
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Syddanmark
Aabenraa kommune
Grunnlagd 1231
Borgmester Thomas Andresen (V)[1]
Geografi
Flatevidd 9,69 km²
Flatevidd
 - By

88 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
 - Byområde
 - Storbyområde

15 967[2]
15.966
60.189
Koordinatar 55°2′″N 9°26′″EKoordinatar: 55°2′″N 9°26′″E
Høgd over havet 16 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 6200
Heimeside: http://www.aabenraa.dk
Nettstad: www.aabenraa.dk
Plassering
Aabenraa is located in Danmark

Aabenraa er ein by i det søraustlege Sønderjylland, Aabenraa kommune med 15 750 (2013) innbyggjarar.[3] Han var tidlegare administrasjonssenter for Sønderjyllands amt og etter kommunereforma i 2007 for Aabenraa kommune.[4]

Byen har ei 7,5 meter djup hamn med mykje skipstrafikk. Industrien omfattar føretak som Marcussen orgelbyggeri og Callesens Maskinfabrik.

Viktige bygg i byen er St. Nikolaj kyrkje og Brundlund slott grunnlagt av dronning Margrethe I rundt 1400. Det finst også fleire restaurerte kvartal frå 1800-talet, som Slotsgade, Store og Lille Pottergade, Nygade, Nybro, Skibbrogade og Gildegade.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Åbenrå betyr opphavleg «open strand». Byen oppstod tidleg i mellomalderen rundt bispeborga Opnør Hus. I mellomalderen var byen kjent for fiskeri og framstilling av humle. Byen fekk status som kjøpstad i 1240. Åbenrå høyrte etter den danske arvedelinga i 1560 og fram til 1721 til Gottorp-hertugane. Byen hadde ei stordomstid frå 1750-talet og fram til 1864. I denne tida var skipsfarten i stor vekst her, ein dreiv handel på Middelhavet og med Kina, Sør-Amerika og Australia. Åbenrå hadde den største handelsflåten i det danske kongeriket, etter København og Flensborg. Dei fire til seks skipsverfta her var vidkjende for skipa sine. Mest berømt blei klipperen Cimber, som seglde frå Liverpool til San Francisco på 106 døgn i 1857.

Frå 1864 til 1920 var byen ein del av Prøyssen. Ved folkeavstemminga i 1920 stemte 55 % for å høyra til Tyskland, men ettersom det var stemmane til heile Sønderjylland som galdt kom byen likevel tilbake til Danmark. Framleis finst det ei stor tysk minoritetsgruppe i byen, og den tyskspråklege dagsavisa Der Nordschleswiger blir gjeve ut her.

I 1970 blei Aabenraa administrativt senter for Sønderjyllands Amt. I 2007 blei amtet slått saman med fleire andre til Region Syddanmark.

Folk frå Åbenrå[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kommunalvalg i 2013 frå Berlingske (Vitja 13. januar 2014)
  2. 2,0 2,1 http://www.statbank.dk/BY1.
  3. Danmarks Statistik: BEF44 (Vitja 13. januar 2014)
  4. Aabenraa frå Den Store Danske (Vitja 13. januar 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aabenraa