Île Saint-Paul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Saint-Paul øya

Koordinatar: 38°43′S 77°31′E Île Saint-Paul er ei lita franskstyrt øy i Det indiske havet som ikkje er permanent folkesett. Saint-Paul er 8  km² stor og ligg rundt 85 km sør for Île Amsterdam (38° S, 77°32 E). Saman utgjer desse øyane det franske distriktet Saint-Paul-et-Amsterdam, og blir styrt frå Réunion.

Saint-Paul er ei vulkanøy med ein aktiv vulkan som sist hadde utbrot i 1793, og aktive varme kjelder. Ho er trekantforma med eit krater i midten. Dette blei fylt av vatn i 1780, då den tynnaste austlege veggen brast. Det høgaste punktet på øya er Crête de la Novara, som er 268 meter høgt. Det ligg to mindre øyar like ved, Ilot Nord og Rocher Quille. Det ligg eit forskingssenter her som ikkje er fast busett.

Île Saint-Paul med Rocher Quille i framgrunnen.

Île Saint-Paul blei først oppdaga av portugisiske sjøfarande, og blei seinare sett av nederlendarar. Ho kom under fransk herredøme frå 1800-talet. Frankrike tok formell besitting gjennom dekret 8. juni 1843, og 3. juli det året kom Martin Dupeyrat ombord i «L'Olympe» til øya og heiste trikoloren. Han hadde to dagar tidlegare gjort det same på Île Amsterdam Island.

I september 1874 kom ein fransk vitskapleg ekspedisjon til øya for å observera Venuspassasjen. Geologen Charles Vélain nytta det tre månader lange opphaldet til å undersøka geologien på øya grundig.

Île Saint-Paul har eit kjølig kystklima, og den vulkanske grunnen er grasdekt. Øya blir brukt av kerguelsk pelssel, sørleg elefantsel og klippehopparpingvin til å formeira seg. Tidlegare blei øya også brukt som hekkestad for ein endemisk andeart som ikkje kunne flyga, og for fleire petrellar. Innførte artar som svartrotte, husmus, kanin, gris og geiter gjorde at desse fuglane forsvann. Grisane og geitene har sidan døydd ut. Svartrotta blei utrydda frå øya i 1997 gjennom storutlegging av rottegift.

Saint-Paul er rekna som eit Important Bird Area (IBA) fordi ho dannar base for fleire sjøfuglar, mange av dei sjeldne i regionen. Fram til rotteutrydding heldt dei fleste til på den mindre øya Rocher Quille. Etter rotteutryddingar har ein del artar, som storvengjepetrell (Pterodroma macroptera) og marionkvalfugl (Pachyptila salvini), kome tilbake til hovudøya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]