Kerguelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 49°21′S 70°13′E
Kerguelen
Îles Kerguelen
øy
flagg
Oversjøisk territorium Dei franske sørterritoria
koordinatar 49°21′S 70°13′E
Hovudstad Port-aux-Français
Areal 7 215 km²
Folketal kring 70 (vinter); 110 (sommar)
Oppdaga februar 1772
 - grunnlagd 1 1944
President François Hollande
 - Administrator Christian Gaudin[1]
Kerguelen-pos.png
Kerguelen Map.png

Kerguelen (fransk Îles Kerguelen eller Archipel de Kerguelen, offisielt Archipel des Kerguelen eller Archipel Kerguelen), òg kjend som Desolation Islands, er ei øygruppe sør i Indiahavet som utgjer ein av to øyar på Kerguelenplatået. Øyane, i lag med Adélie Land, Crozetøyane og Amsterdam Island og Île Saint-Paul er ein del av Dei franske sørterritoria og vart administrert som separate distrikt. Det er ingen innfødde innbyggjarar på øyane, men 50 til 100 forskarar bur permanent på øyane.[2]

Hovudøya, Grande Terre, er 6 675 km² og er omgjeve av 300 mindre øyar og holmar, som dannar ei øygruppe på totalt 7 215 km². Klimaet er hardt og kjølig og vinden er ofte sterk året rundt. Medan sjøen kring øyane generelt er grov, er dei isfrie året rundt. Det er ingen flyplass p øyane, så all reise og transport til og frå øyane må gjerast til sjøs.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øyane vart oppdaga av den bretonsk-franske sjøfararen Yves-Joseph de Kerguelen de Trémarec den 12. februar 1772. Dagen etter gjekk Charles de Boisguehenneuc i land og gjorde krav på øya for den franske krona.[3]

Kort tid etter dei vart oppdaga vart øygruppa ofte vitja av kval- og selfangarar (hovudsakleg britiske, amerikanske og norske) som jakta på kval- og sel kring øyane til dei nær var utrydda, inkludert pelsselar på 1700-talet og elefantselar på 1800-talet. Sidan slutten av kvalfangst- og selfangsttida har bestandane på øyane auka att.[4]

I 1825–1827 forliste den britiske selfangaren John Nunn med eit mannskap på tre ved Kerguelen.[5]

Mange ekspedisjonar har vore innom øyane, inkludert ekspedisjonen til kaptein James Cook i 1776. I 1874–1875 vitja britiske, tyske og amerikanske ekspedisjonar Kerguelen for å observere Venuspassasjen.[6]

Christmas Harbour, Kerguelens Land, datert til 1811 av George Cooke.

I 1877 starta franskmennene kolgruvedrift på øyane, men dette vart nedlagd kort tid etter oppstarten.[7]

Kerguelen, i lag med øyane Amsterdam og St. Paul, og Crozetøyane, vart offisielt annektert av Frankrike i 1893, og vart stadfesta i den franske grunnlova i 1924 (i lag med det franske kravområdet i Antarktis kjend som Adélie Land).

Den tyske hjelpekryssaren «Atlantis» la til ved Kerguelen i desember 1940. Under opphaldet gjorde mannskapet reparasjonar på skipet og etterfylte med vassforsyningar. Ein sjømann ombord mista livet då han fall ned under målinga av skorsteinen. Han vart gravlagd i det som stundom vert kalla «den sørlegaste tyske krigsgrava» i andre verdskrigen.

Kerguelen har vore permanent busett sidan 1950 av forskarar og 50 til 100 menneske held til på øya til ei kvar tid.[2] Det ligg òg ein fransk satellitt-bakkestasjon på øya.

Fram til 1955 var Kerguelen ein del av den franske kolonien Madagaskar. Same året vart dei i lag kalla Les Terres australes et antarctiques françaises (Dei franske sørterritoria) og vart administrativt ein del av franske Départment d`outre-mer de la Réunion. I 2004 vart dei omgjort til ei eiga administrativ eining (med same namn).

Grande Terre[endre | endre wikiteksten]

Monts des Deux Frères

Hovudøya i øygruppa er La Grande Terre. Ho er 150 km frå aust til vest og 120 km frå nord til sør.

Hovudbasen, den såkalla «hovudstaden» på øyane, ligg langs austsida av Gulf of Morbihan på La Grande Terre ved 49°21′S 70°13′E, og vert kalla Port-aux-Français. Her finn ein vitskaplege forskingsbygg, ein bakkestasjon for satellittar, sovesalar, eit sjukehus, eit bibliotek, eit gymnas, ein pub og kappelet Notre-Dame des Vents.

Det høgaste punktet på øya er Galliéni Massif (Pic du Grand-Ross), som ligg langs sørkysten av øya med ei høgd på 1850 meter over havet. Cookbreen, den største breen i Frankrike med eit areal på kring 403 km², ligg vest i sentrale delar av øya. I alt dekkjer isbreane på Kerguelen like over 500 km². Grande Terre har mange bukter, viker og fjordar, samt mange halvøyar og nes. Dei viktigaste av desse er:

Kjende stader[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire stader på La Grande Terre som er verdt å merka seg:

  • Anse Betsy [Betsyvika] (ein tidlegare geomagnetisk stasjon ved 49°10′S 70°13′E), ved Baie Accessible [Tilkomstvika], på nordkysten av Courbethalvøya. På denne staden vart det reist eit astronomisk og geomagnetisk observatorium den 26. oktober 1874 av ein tysk forskingsekspedisjon leia av Georg Gustav Freiherr von Schleinitz. Hovudmålet med stasjon en var å observere Venuspassasjen i 1874.
  • Armor (Base Armor), vart oppretta i 1983, 40 km vest for Port-aux-Françaer inst i Morbihan Gulf, for akklimatisering av laks for Kerugelen.[8]
  • Baie de l'Observatoire [Observatoriebukta] (ein tidlegare geomagnetisk observatorium ved 49°21′S 70°12′E), like vest for Port-Aux-Français, aust på Sentralplatået, langs nordsida av Golfe du Morbihan.

For Venuspassasjen i 1874 organiserte og utstyrte George Biddell Airy ved Royal Observatory i Storbritannia fem ekspedisjonar til forskjellige stader i verda. Tre av desse vart sendte til Kerguelen. Presten Stephen Joseph Perry leia dei britiske ekspedisjonane til Kerguelen. Han sette opp hovudobservatoriet ved Observatoriebukta og to hjelpestasjonar, ein ved Thumb Peak [49°31'11,8"S, 70°10'18.1"E] leia av Sommerville Goodridge, og den andre ved Supply Bay [49°30'47.3"S, 69°46'13,2"E] leia av Cyril Corbet. Observatoriebukta vart òg nytta av den tyske antarktisekspedisjonen leia av Erich Dagobert von Drygalski i 1902–03. I januar 2007 vart det gjort arkeologiske utgravingar på denne staden.

  • Cabane Port-Raymond (forskarleir ved 49°20′S 69°49′E), inst i ein fjord som på sørsida av Courbethalvøya.
  • Cap Ratmanoff (geomagnetisk stasjon ved 49°14′S 70°34′E), det austlegaste punktet i Kerguelen.
  • La Montjoie (forskarleir ved 48°59′S 68°50′E), på sørkysten av Baie Rocheuse, langs nordvestkysten av øygruppa.
  • Molloy (Pointe Molloy), eit tidlegare observatorium ti kilometer vest for dagens Port-Aux-Français, langs sørkysten av Courbethalvøya, eller nordkysten av Golfe du Morbihan (Kerguelen), ved 49°21′38″S 70°3′50″E. Ein amerikansk ekspedisjon leia av G. P. Ryan reiste ein stasjon på denne staden den 7. september 1874. Stasjonen vart òg oppretta for å observere Venuspassasjen i 1874.
  • Port Bizet (seismografisk stasjon ved 49°31′12″S 69°54′36″E), på nordaustkysten av Île Longue. Dette er òg sauegarden på øya.
  • Port Christmas (ein tidlegare geomagnetisk stasjon ved 48°41′S 69°03′E), på Baie de l'Oiseau, heilt nordvest for Loranchethalvøya. Denne staden fekk dette namnet av kaptein James Cook, som oppdaga øyane på ny og ankra opp der juledag 1776. Dette er òg staden der Cook kalla øyane «Desolation Islands» då han såg det aude landskapet.
  • Port Couvreux (ein tidlegare kvalstasjon, eksperimentell sauegard og geomagnetisk stasjon ved 49°17′S 69°42′E), ved Baie du Hillsborough, på søraustkysten av Presqu'île Bouquet de la Grye. Frå 1912 vart det halde sau her for å skape ein økonomisk base for vidare busetjing, men forsøket mislukkast og dei siste innbyggjarane måtte evakuerast og stasjonen vart nedlagd i 1931. Hyttene står her framleis i lag med fem anonyme graver. Dette var innbyggjarar som ikkje klarte å overleve det harde miljøet.
  • Port Curieuse (ei hamn på vestkysten ovanfor Île de l'Ouest 49°22′S 68°48′E). Staden vart kalla opp etter skipet «La Curieuse», som vart nytta av Raymond Rallier du Baty då han vitja øyane for andre gong (1913–14).
  • Port Douzième (tyder Tolvte hamna, ei hytte og tidlegare geomagnetisk stasjon ved 49°31′S 70°09′E), på nordkysten av Presqu'île Ronarch, sørsida av Golfe du Morbihan.
  • Port Jeanne d'Arc (ein tidlegare kvalstasjon grunnlagd av eit norsk kvalfangstselskap i 1908, og ein tidlegare geomagnetisk stasjon ved 49°33′S 69°49′E), nordvest i Presqu'île Jeanne d'Arc, med utsyn over Buenos Aires-passasjen til Île Longue (4 km nordaust). Den fråflytta busetnaden består av fire bustadhus med treveggar og tinntak, i tillegg til ein låve. Ein av bygningane vart restaurert i 1977 og ein annan i 2007.

Frå 1968 til 1981 vart det ved 49°21′S 70°16′E like aust for Port-aux-Français sendt opp sonderakettar.[9]

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste nærliggande øyane er:

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste aktiviteten på Kerguelen er vitskapleg forsking - hovudsakleg på geovitskapar og biologi.

Ved den tidlegare sonderakettutskytingsplassen aust for Port-aux-Français 49°21′S 70°16′E står det i dag ein SuperDARN-radar.

Sidan 1992 har franske Centre National d'Études Spatiales (CNES) drive ein bakkestasjon for satellittar og rakettar som ligg fire kilometer aust for Port-aux-Français. Det var trong for ein bakkestasjon på den sørlege halvkula, og franske styresmakter kravde at han skulle ligge i fransk territorium i staden for folkesette, utanlandske stader som Australia eller New Zealand.

Jordbruksaktivitet er avgrensa til sauehald (kring 3,500 bizetsau) på Longue Island for å gje kjøt til folket på basen, samt små mengder grønsaker i drivhus i nærleiken av den franske hovudbasen. Det er òg nokre ville kaninar og sauar som kan jaktast.

Fiskebåtar eigd av fiskarar på Réunion (eit department i Frankrike som ligg 3,300 km mot nord) vert nytta til fiske kring øyane.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Forenkla geologisk kart over Kerguelen

Kerguelen utgjer ein del av det undersjøiske Kerguelenplatået, som dekkjer nær 2,2 millionar kvadratkilometer. Platået vart danna av vulkanutbrot og ligg i dag på den antarktiske plata.[10]

Størstedelen av vulkanformasjonane som er synlege på øyane er karakteristiske for utstrøymande vulkanisme, som har skapt trappeformasjonar som byrja å kome opp av havet for 35 millionar år sidan. Akkumleringa utgjer enorme mengder. Basaltstraumar, kvar med ein tjukkleik på tre til ti meter, ligg lag på lag oppå kvarandre, stundom ned til ei djupne på 1200 meter. Denne forma for vulkanisme skapar eit monumentalt relieff forma som trapper i pyramidar.

Andre former for vulkanisme finst lokalt, slik som den strombolske vulkanen Mont Ross, og vulkankomplekset Rallier du Baty-halvøya. Forskjellige årer og utsprøyting av lava som trakyttar, trakyfonolittar og fonolittar er vanlege over øyane.

Det er ikkje registrert noko utbrot her i historisk tid, men det er nokre fumaroler som framleis er aktive sørvest på Grande-Terre.

Nokre lag med lignitt fanga i basaltstraumar, inneheld fossilert araukaria, datert til å vere 14 millionar år gamle.

Isbrear har danna buktene på nord og austsida av øygruppa. Erosjon av isbrear og elvar har grave ut dalar og fjordar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimadata for Port aux Français, Kerguelen
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 22.3 22.3 20.6 23 16.8 14.5 13.4 14.4 15.8 19.1 21.3 21.6 23
Normal maks. temp. °C 11.1 11.5 10.5 9 6.7 5.2 4.7 4.6 5.3 7 8.6 10.1 7,8
Døgnmiddeltemp. °C 7.8 8.2 7.3 6.1 4.2 2.8 2.2 2.1 2.5 3.9 5.3 6.8 4,9
Normal min. temp. °C 4.4 4.7 4.1 3.2 1.5 0.4 -0.3 -0.4 -0.2 0.7 2 3.4 1,9
Kulderekord °C -1.5 -1 -0.9 -2.7 -5.9 -8.3 -8 -7.3 -7.7 -5 -3.7 -1.2 -8,3
Nedbør (mm) 72.2 49.5 57.5 59.6 59.9 75.9 62.9 63.4 62.3 59.3 51.9 55.1
relativ fukt 78 79 82 86 88 89 89 87 84 80 75 77 82,8
Kjelde: MeteoStats[11]

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Øyane er ein del av økoregionen tundraen på øyane i det sørlege Indiahavet som omfattar fleire subantarktiske øyar. I dette kalde klimaet er vegetasjonen hovudsakleg avgrensa til gras, mosar og lav, sjølv om øyane er kjend for den endemiske kerguelenkålen, som var ei god kjelde til C-vitamin for sjøfolk i området. Denne vart ofte servert i lag med corned beef. Dei naturlege dyreartane på øyane er insekt og store bestandar av sjøfuglar, selar og pingvinar.[12]

Dyrelivet er særleg sårbar for innførte artar og kattar har særleg vore eit problem. På hovudøya er det i dag ein bestand med villkatt som nedstammar frå skipskattar.[13] Dei lever på sjøfugl og dei innførte kaninane. Her finst òg villsau og ville reinsdyr, som begge er innførte på øya.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kerguelen