Ōkami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ōkami
Utviklar(ar) Clover Studio
Utgjevar(ar) Capcom
Sjanger Action-eventyrspel
Spelmodus Enkeltspelar
Utgjeving PlayStation 2:
JP 20. april 2006
NA 19. september 2006
EU 9. februar 2007
Wii:
NA 15. april 2008
EU 13. juni 2008
JP 15. oktober 2009
PlayStation 3:
JP 1. november 2012
NA 30. oktober 2012
EU 31. oktober 2012
Aldersgrense PEGI: 12+
CERO: A
ESRB: T

Ōkami (大神 bokstaveleg «store gud», «store ånd» eller «ulv» dersom det er skrive som [1]) er eit action-eventyrspel utvikla av Clover Studio og utgjeve av Capcom. Det vart gjeve ut på spelkonsollen PlayStation 2 i 2006 i Japan og Nord-Amerika, og i 2007 i Europa. Sjølv om Clover Studio stengde nokre få månader etter den fyrste utgjevinga av spelet, vart det utvikla ein versjon for Wii av spelstudioet Ready at Dawn, Tose og Capcom, som vart gjeven ut i Nord-Amerika i april 2008, i Europa i juni 2008 og i Japan i oktober 2009. Ei utgåve for PlayStation 3 kom ut i 2012.

Spelet går føre seg i Japan, og blandar fleire japanske mytar og legendar for å fortelje soga om korleis landet vart berga frå mørket av Amaterasu, solgudinna i shintoismen, som tok forma til ein kvit ulv. Det har ein særmerkt grafisk stil som er inspirert av japansk målekunst og lèt ein kontrollere ein målekost der spelaren kan gjere fleire ymse gestar for å få til mirakel i spelet.

Ōkami var eit av dei siste PlayStation 2-spela som vart gjevne ut i forkant av lanseringa av PlayStation 3. Sjølv om spelet ikkje selde særleg, hausta det svært gode kritikkar, og fekk prisen for «årets spel» i 2006 av IGN.[2] Wii-utgåva fekk liknande vellæte, sjølv om rørlsekontrollane fekk blanda mottaking. Ein oppfylgjar titulert Ōkamiden vart gjeven ut på Nintendo DS i Japan i september 2010 og i Nord-Amerika og Europa i mars 2011.

Spelmekanikkar[endre | endre wikiteksten]

I Ōkami styrer spelaren solgudinna Amaterasu lekamleggjort som ein kvit ulv.

I Ōkami kontrollerer spelaren hovudpersonen, Amaterasu, i eit miljø med ein stil som liknar vassfarge og tresnitt ved hjelp av cel-shading, som ser ut som animert japansk illustrasjon i blekk. Spelet blandar element frå ulike sjangrar som action, plattform og gåteløysing, og har frå fleire hald vorte samanlikna med speloppbygnaden til The Legend of Zelda,[3] som Hideki Kamiya, direktøren av Ōkami har innrømt har påverka utforminga av spelet.[4] Handlinga er i hovudsak lineær, sjølv om fleire sideoppgåver og valfrie aktivitetar lèt spelaren utforske verda i spelet og ta fatt på handlinga i sitt eige tempo.[5] Ved å gjere ulike oppgåver og andre aktivitetar ferdige, som å få tre til å blomstre eller mate ville dyr, får Amaterasu lønn i form av godhug, som ein kan bruke til å betre statistikkane hennar, mellom anna helse og forrådet av måling som ein kan bruke til teknikkane med målekosten.[6]

Slag mot fiendar går føre seg i ein avgrensa arena, og Amaterasu kan slåst mot fiendar ved å bruke ein kombinasjon av våpen, kampteknikkar og gestar med målekosten for å nedkjempe fiendane.[7] Etter eit endt slag får Amaterasu pengar, som yen, med eventuelle tillegg dersom ho klarar slaget snøgt og utan å ta skade. Pengane kan ein bruke på diverse utstyr frå kjøpmenn kring om i landet, mellom betre våpen, verktøy og viktige saker for å fullføre oppgåver. Pengane kan også brukast til å kjøpe nye kampteknikkar i dojoar.[8]

Målekost[endre | endre wikiteksten]

Eit særmerkt element i Ōkami er målekosten til Amaterasu, som lèt spelaren stogge spelet og kalle fram eit lerret der spelaren kan måle på skjermen, anten ved å bruke den venstre analoge stikka på PlayStation 2-kontrollen eller ved å peike med Wii-fjernkontrollen.[9] Denne funksjonen er både brukt i kamp og til å løyse gåter.[10] Til dømes kan spelaren lage ein sterk vind ved å teikne ei sløyfe, skjere fiendar ved å teikne ei rett line gjennom dei eller lage bruer ved å teikne ei. Desse teknikkane vert lært gjennom spelet ved å fullføre stjernebilete av målekost-gudar for å frigjere dei frå gøymestadene sine. Det er råd om å oppgradere eller endre enkelte målekost-teknikkar seinare i spelet. Til dømes kan ein oppgradere teknikken «Inferno» til å gjere det mogeleg å lage flammar utan å vere bunden til faklar og andre tente gjenstandar. Blekket som er brukt til å måle er avgrensa til mengda som er tilgjengeleg i spesielle blekkhus, noko som hindrar spelaren i å kunne nedkjempe fiendar utelukkande ved hjelp av målekosten. Blekk vert fylt opp att i blekkhusa når målekosten ikkje er i bruk.[11]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Spelet går føre seg i eit Nippon basert på klassisk japansk historie, og byrjar med eit tilbakeblikk til hendingane 100 år før notida i spelet. Forteljaren der skildrar korleis Shiranui, ein ulv kvit i pelsen, og fektaren Nagi saman slåst mot den åttehovuda demonen Orochi for å berge landsbyen Kamiki og jomfrua Nami, som er kjærasten hans Nagi. Shiranui og Nagi er ikkje i stand til å nedkjempe Orochi, men klarar å forsegle demonen vekk.

I notida i spelet bryt Susano, ein etterkomar av Nagi, seglet som held på Orochi sidan han ikkje trur på legenda og vil prøve å vise at ho er usann. Orochi slepp ut og forbannar landet, og syg med det livskrafta ut av alle individ. Vettet Sakuya, som vaker over landsbyen Kamiki, kallar på solgudinna Amaterasu, kjent mellom innbyggjarane i landsbyen som reinkarnasjonen av den kvite ulven Shiranui, og bed henne om å frelse landet på forbanninga. Saman med kunstnaren Issun, ein knøttliten skapning kjent i spelet som ein «poncle», klarar Amaterasu å attereise landet til sin tidlegare fagerdom.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jane Pickard (16 September 2005). «Previews: Ōkami». http://www.1up.com/previews/okami_6. Henta 18 October 2007. 
  2. Roper, Chris. «IGN.com Presents the Best of 2006 - Overall Game of the Year». IGN. http://bestof.ign.com/2006/overall/39.html. Henta 9 August 2007. 
  3. Totilo, Stephen (10 October 2006). «GameFile: 'Ōkami' Goes Green; Official Wii Word; 'Idol' Launch And More». MTV. http://www.mtv.com/news/articles/1542741/20070131/index.jhtml. Henta 10 August 2007. 
  4. Mielke, James (18 August 2006). «The Kamiya Touch: An Interview with Clover's Hideki Kamiya». 1up. http://www.1up.com/features/the-kamiya-touch. Henta 10 August 2007. 
  5. Capcom Entertainment, Inc., ed (2006). Ōkami instruction manual. Capcom. ss. 13–14. 
  6. Capcom Entertainment, Inc., ed (2006). Ōkami instruction manual. Capcom. ss. 25–26. 
  7. Capcom Entertainment, Inc., ed (2006). Ōkami instruction manual. Capcom. ss. 19–20. 
  8. Capcom Entertainment, Inc., ed (2006). Ōkami instruction manual. Capcom. s. 30. 
  9. «Hands-on Ōkami». IGN Wii. IGN Entertainment. 15 February 2008. http://wii.ign.com/articles/852/852530p1.html. Henta 18 February 2008. 
  10. Capcom Entertainment, Inc., ed (2006). Ōkami instruction manual. Capcom. ss. 16–18. 
  11. Roper, Chris (16 September 2006). «Ōkami Review». IGN PS2. IGN Entertainment. http://ps2.ign.com/articles/733/733122p1.html. Henta 9 August 2007. 
  12. Smith, Steve (27 February 2007). «Ōkami - Review». Play.tm. http://play.tm/story/9446. Henta 10 August 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ōkami