Aksumriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aksumriket og sørlege Arabia mot slutten av styret til GDRT på 200-talet.

Aksumriket (ge'ez አክሱም) var eit rike nord i Aust-Afrika som hadde ei stordomstid på 200-500-talet. Det låg nord i dagens Etiopia, der ein finn den gamle hovudstaden Aksum. Aksum var eit viktig handelsrike med kontroll over store delar av Raudehavet. Det sende handelsfolk så langt nord som til Alexandria, og hadde handelssamband både med Romarriket og med oldtidsrika i India. Herskarane i Aksum tilrettela handelen ved å prega sine eigne myntar. Riket brukte namnet «Etiopia» så tidleg som på 300-talet.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinar i Aksum.

Aksumriket voks medan kongeriket Kusj var i tilbakegang. Det fekk også politisk innflyting over fleire riker på Den arabiske halvøya, og erobra Himjarriket, eit sørarabisk kongedøme i dagens Jemen.

Ifølgje lokal tru er den jødiske Paktarken no i Aksum. Kebra Nagast fortel korleis arken kom til Etiopia i følgjet til Menelik I, sonen til dronninga av Saba og kong Salomo.[3]

Aksum er nemnd i den greske oldtidsteksten Periplus Maris Erythraei frå det første hundreåret som ein viktig handelsstad for elfenbein. Ifølgje denne teksten var den dåverande herskaren av Aksum Zoskales, som også kontrollerte to hamner mot Raudehavet: Adulis (nær Massawa) og Avalites (Assab), no i Eritrea. Det blir også sagt at Zoskales var kjend med gresk litteratur.[4] Profeten Mani på 200-talet kalla det eitt av fire store statsmakter i hans tid, saman med Persia, Roma og Kina.

Mynt prega i Aksum. Riket var eitt av dei første i verda til å bruka kristne symbol på myntane sine.

Landet hadde nære band til Austromariket. Under Ezana blei Aksum det første betydelege riket som konverterte til kristendommen i 333.[5]

På 600-talet søkte muslimar som opphavleg var samla i Mekka tilflukt i Aksum for å unngå forfølgingar frå Qureisjstammen (stammen til profeten Muhammed). I muslimsk historie er dette kjend som første hijra.

Aksum tapte gradvis posisjon i løpet av 500-talet, då Persarriket invaderte Sør-Arabia og gjorde slutt på herredømet deira der. I løpet av 600- og 700-talet overtok arabarar kontrollen over handel med Middelhavet. Etter Aksum voks det fram eit nytt rike i Etiopia, Abyssinia.

Kulturell innverknad[endre | endre wikiteksten]

Aksumriket utvikla eit eige skriftspråk, fidel, for språket sitt ge'ez. Skrifta blir framleis brukt til å skriva moderne etiopiske språk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aksumriket

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Munro-Hay, Stuart (1991): Aksum: An African Civilization of Late Antiquity. Edinburgh: University Press, s. 57.
  2. Henze, Paul B. (2005): Layers of Time: A History of Ethiopia
  3. Paul Raffaele, «Keepers of the Lost Ark?», Smithsonian magazine, December 2007
  4. Periplus of the Erythreaean Sea, kapitla 4 og 5.
  5. Aksum - historie i Store Norske Leksikon
  • Aksum (2011), Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.