Alfredo Di Stéfano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfredo Di Stéfano

Alfredo Di Stéfano (fødd 4. juli 1926) er ein tidlegare fotballspelar. Di Stéfano voks opp i Argentina, men vart seinare spansk statsborgar. Han vert rekna som ein av dei beste fotballspelarane gjennom tidene. Somme meiner til og med at han høyrer heime i same klasse som Pelé og Maradona. Han vart kåra til beste spelaren i Europa i 1957 og 1959.

Di Stéfano starta si fotballkarriere i River Plate i heimbyen Buenos Aires. Han debuterte for klubben sitt førstelag i 1945, og vart fast på laget i 1947, same året vart han argentinsk seriemeister, og toppscorar i serien med 27 mål.

I 1949 førte ein streik i argentinsk fotball til at mange av spelarane i ligaen, deriblant Di Stéfano, drog utanlands. Di Stéfano signerte for den colombianske klubben Millonarios. Her var han med på å vinne tre ligameisterskap, og vart toppscorar i ligaen to gongar. Sommaren 1953 vart han signert av den spanske storklubben Real Madrid.

Di Stéfano spelte 11 sesongar for Real Madrid, og vart spansk seriemeister ikkje mindre enn åtte gongar. Fem gongar vart han toppscorar i den spanske ligaen, og han vart også kåra til årets spelar i Spania fem gongar. Mellom 1956 og 1960 var Di Stéfano med på å vinne fem Europacup-titlar på rad. Di Stéfano scora i alle dei fem finalane, og vert nok aller best hugsa for innsatsen i 1960-finalen, der han sette inn tre av måla i Real Madrid sin 7-3-triumf over Eintracht Frankfurt, og vart den andre spelaren nokon gong som scora hat-trick i ein Europacupfinale. Enkelte hevder likevel at Di Stéfano var misnøgd med eigen innsats fordi han kom i skuggen av lagkamerat Ferenc Puskás, som scora dei resterande fire måla.

Totalt scora Di Stéfano 219 ligamål for Real Madrid, og er med det klubben sin mestscorande spelar gjennom tidene. Han var også lenge klubben sin mestscorande spelar i Europacupen, men denne rekorden vart slegen av Raúl i 2004.

Di Stéfano avslutta si spelarkarriere med to sesongar i Espanyol, og la støvlane på hylla i 1966. Han var seinare trenar i ein rekke klubber, men vert best hugsa for sin trenarinnsats i Valencia, som han leda til ligameisterskap i 1971 og siger i Cupvinnarcupen i 1980.

På landslagsnivå scora Di Stéfano seks mål på seks landskampar for Argentina. Alle desse kampane vart spela før han forlèt heimlandet i 1949, og han representerte aldri Argentina etter dette. Han vart seinare spansk statsborger, og representerte Spania i 31 landskampar, der han scora til saman 23 mål. Han fekk aldri teke del i VM. I 1958 klarte ikkje Spania å kvalifisere seg, og i 1962 vart han skada like før sluttspelet.

I dag er Di Stéfano ærespresident i Real Madrid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia på bokmål.