André-Hercule de Fleury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
André-Hercule de Fleury

Fødd22. juni 1653
Lodève
Død29. januar 1743
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdesjelesorg, statsforvaltning, politikk
Yrkepolitikar, katolsk prest, forkynnar, minister, katolsk biskop
Alma materLycée Louis-le-Grand
MedlemAcadémie française
Det franske vitskapsakademiet
Académie des inscriptions et belles-lettres
Accademia della Crusca

André-Hercule de Fleury (fødd 22. juni 1653 i Lodéve i Frankrike, død 29. januar 1743 i Issy nær Paris) var ein av kardinalane i den katolske kyrkja og ein statsmann under kong Ludvig XV.

Han vart biskop av Fréjus i 1698, ei stilling han hadde til 1715. Kort før han døydde i 1715 utnemnde Ludvig XIV han til ein som skulle ta seg av oldesonen hans, den komande Ludvig XV.

Barnekongen gjorde Fleury, som da var 73 år, til sin leiande minister i juni 1726,[1] men han bar aldri tittelen førsteminister (premier ministre). Han vart utnemnd til kardinal 11. september same år av pave Benedikt XIII.

Han ville bringe økonomien i landet på fote igjen blant anna ved å føre ein konsekvent fredspolitikk med England. I utanrikspolitikken var ønsket hans å oppretthalde freden, noko han delte med sir Robert Walpole, og dei to gamle fiendane avstod frå krig i løpet av den tida Fleury virka.

Frankrike vart dradd inn i den austerrikske arvefølgjekrigen, blant anna som ei følgje av den omsynslause agitasjonen til brørne Belle-Isle. Belle-Isle inngjekk ein allianse med Preussen i 1741 og gjekk inn i krigen mot Austerrike. Fleury døydde medan krigen pågjekk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «André Hercule de Fleury». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 26. februar 2020.