Kura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 39°19′32″N 49°20′07″E
Kura
Mt'k'vari, Kür, Kyros
elv
none  Kura ved Mtskheta i Georgia
Kura ved Mtskheta i Georgia
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia, Flag of Georgia.svg Georgia Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
Region Kaukasus
Tilløp
 - venstre Iori, Alazani
 - høgre Khrami, Tartartsjay, Aras
Byar Khashuri, Gori, Tblisi, Rustavi, Mingacevir, Zardab, Sabirabad, Neftçala
Kjelde Vesle Kaukasus
 - stad Nær Kartsakhisjøen, Kars, Tyrkia
 - høgd 2 740 moh
 - koordinatar 40°40′31″N 42°44′32″E
Munning Kaspihavet
 - stad Neftçala, Neftchala rajon, Aserbajdsjan
 - høgd
 - koordinatar 39°19′32″N 49°20′07″E
Lengd 1 515 km
Nedslagsfelt 198 300 km²
Vassføring for like nedanfor samløpet med Aras
 - middel 443 /s
 - maks 2 250 /s
 - min 206 /s
Kart over nedslagsfeltet til Kura
Kart over nedslagsfeltet til Kura

Kura (georgisk მტკვარი - Mtkvari, aserbajdsjansk Kür) er ei elv i Kaukasus, som renn frå Tyrkia via Georgia til Aserbajdsjan, der ho møter elva Aras før ho renn ut i Kaspihavet. Den totale lengde hennar er 1 364 km.

Namnet Kura kjem av namnet Kurosh, som er persisk uttale av namnet på den persiske kongen Kyros den store. I eldgamle vestlege dokument vart elva kalla Cyrus. Det georgiske namnet på elva er Mtkvari, som tyder «saktegåande». Namnet Kura vart først brukte av russarane og seinare av europeiske kartografar.

Tidlegare var det mogeleg å segle på elva heilt opp til Tbilisi i Georgia, men ho er no mykje grunnare og saktegåande, sidan mykje av vatnet vert brukt til straumproduksjon. Elva er forholdsvis forureina på grunn av store industrisenter som Tbilisi og Rustavi i Georgia.

Det finst to andre elver med liknande namn, Kur nær Kursk i Russland, og ei anna Kur nær Khabarovsk, som òg ligg i Russland.

Kür i Aserbajdsjan[endre | endre wikiteksten]

Kür og Aras er dei største elvene i Aserbadsjan, og dei renn gjennom låglandet Küra-Arax. Elvene som renn direkte ut i Kaspihavet kjem frå dei nordaustlege fjellsidene i Store Kauaksus og Talysh-fjella, og renn over låglanda Samur-Devechi og Lenkeran.

Kür (Mtkvari) sitt nedslagsfelt (86 000 km²) før ho renn i saman med Aras, er mindre enn Aras sitt nedslagsfelt (101 937 km²). Elva vert likevel framleis kalla Kura etter dei renn i hop fordi vassnivået i Kura er dobbelt så høgt som Aras sitt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]