Asteroidemånen Petit-Prince
| Oppdaging | |
|---|---|
| Oppdaga av | W, J, Merline L, M, Close C, Dumas C, R, Chapman F, Roddier F, Menard D, C, Slater G, Duvert J, C, Shelton T, Morgan |
| Oppdagingsdato | 1. november 1998 |
| Banedata | |
| Store halvakse(a) | 1184 ± 12 km[1] |
| Eksentrisitet (e) | 0,0100 ± 0,0002 |
| Omløpsperiode (P) | 4,766 ± 0,001 d |
| Banehelling(i) | 8,0 ± 0,1° (i forhold til Eugenias ekvator) |
| Satellitt av | 45 Eugenia |
| Fysiske eigenskapar | |
| Dimensjonar | ~ 13 km (estimat) [2] |
| Masse | ~ 1,2×1015 kg (estimat) [3] |
| Ekvatorialunnsleppingsfart | ~ 5 m/s (estimat) |
| Absolutt storleiksklasse | 13,6 [4] |
(45) Eugenia I Petit-Prince er ein asteroidemåne i krinslaup rundt 45 Eugenia. Den vart oppdaga i 1998 av astronomar ved Canada-Frankrike-Hawaii-teleskopet på Mauna Kea, Hawaii. Den fekk mellombelsnamnet S/1998 (45) 1.
Petit-Prince vart namnsett i 2003 etter Antoine de Saint-Exupérys rollefigur Den vesle prinsen, som bur på ein asteroide kalla B612 som igjen var basert på keisarprins Eugène Bonaparte, son av keisarinne Eugénie de Montijo.
Petit-Prince er 13 km i diameter mot 45 Eugenia sine 214. Satellitten bruker fem dagar på eit krinslaup rundt Eugenia.
Petit-Prince er den første asteroidemånen som har blitt oppdaga ved hjelp av ei bakketeleskop. Før oppdaginga av Petit-Prince kjende ein berre til éin asteroidemåne, Dactyl, som vart oppdaga av Galileo-sonden då den passerte 243 Ida.
Sjå òg [endre]
- 2578 Saint-Exupéry
- 46610 Besixdouze – namnet er B-seks-12 på fransk og nummeret utgjer 0xB612
- 612 Veronika
Fotnotar [endre]
- ↑ Kombinering av fleire observasjonar, F. Marchis.
- ↑ Forutsatt den same albedoen som Eugenia, så brukt forskjellen i absolutt magnitude
- ↑ Forutsatt den same tettleiken og albedoen som Eugenia
- ↑ «Discovery of a moon orbiting the asteroid 45 Eugenia» Nature vol. 401 s. 565 (1999)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Petit-Prince (moon) frå Engelsk Wikipedia .
| Smålekamar i solsystemet |
|---|
|
Vulkanusasteroidar · nærjordsasteroidar · hovudbeltet · jupitertrojanar · kentaurar · damokloidar ·neptuntrojanar ·kometar · transneptunske objekt (Kuiperbeltet • den spreidde skiva • Oortskya)
For andre objekt og regionar, sjå asteroidekategoriar, binærasteroidar, asteroidemånar, meteoroidar og solsystemet. |