August Macke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1906
Mariakyrkja i Bonn med hus og skorstein, 1911
Kairouan, 1914

August Macke (3. januar 188726. september 1914) var ein tysk målar, ein av dei leiande medlemene i den ekspresjonistiske målargruppa Der Blaue Reiter. Han utvikla seg som målar i ei særleg nyskapande tid for tysk kunst, mellom anna for den breie ekspresjonist-rørsla, samt framveksten av ulike avantgarde-rørsler som vart danna over det meste av Europa. Til liks med andre store kunstnarar i samtida, viste han å ta opp i seg dei avantgardistiske elementa som han fann særleg interessante.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Macke var fødd i Merschede i Westfalen, der faren var byggmeister. I 1900 flytta familien til Bonn, der Macke jamnast budde resten av livet. Han fekk si kunstutdanning ved Kunstakademie Düsseldorf i 1904-06. I 1907 reiste han til Paris fyrste gongen, og såg impresjonist-bilete. Særleg beundra han verk av Georges Seurat og Henri Matisse og deira bruka av fargar. Kort etter fór han til Berlin og gjekk i lære hos Lovis Corinth nokre få månader i 1907/08. Stilen hans var i den tid prega av fransk impresjonisme og postimpresjonisme, med ei kort periode med fauvisme. Han gifta seg i 1910 med Elisabeth Gerhardt.

Gjennom vennskapen med Franz Marc vart han kjend med Vasilij Kandinskij. Desse tre målarane skipa gruppa Der Blaue Reiter i München i 1911. Ei tid framover fylgde Macke dei nonfigurative, estetiske og mystiske og symbolistiske målsettingane til Blaue Reiter.

I 1912 besøkte Macke og Marc den franske målaren Robert Delaunay i Paris. Delaunay si kromatiske kubisme, kalla orfisme av Guillaume Apollinaire, vart som ei openberring for Macke. Mackes verk Butikkvindauge kan reknast som ei personleg tolking av biletet Vindauge av Delaunay, med impulsar også frå italiensk futurisme.

Våren 1914 reiste Macke saman med Paul Klee og Louis Moilliet til Tunis. Den eksotiske atmosfæren i Tunisia var avgjerande for å skape den tilnærminga til lys han viste i si siste tid, då han laga ei rad verk som no vert rekna for meisterverk. Hans siste måleri er prega av det same lyset som Klee snakka om.

Macke vart innkalla til krigsteneste i fyrste verdskrigen. Han fall på slagmark i Champagne, få veker etter krigshandlingane braut ut. Det siste måleriet hans, Farvel, skildrar det tungsinnet som breidde seg etter krigen var eit faktum.

August Mackes samla verk kan reknast som ekspresjonisme og dels som ein del av fauvismen. Måleria er særleg opptekne av å uttrykke kjensler og stemningar, meir enn å gjengi den faktiske røyndomen, oftast vrengjer dei på former og fargar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: August Macke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]