Aun den gamle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aun den gamle, Åne den gamle eller Auchun, var ein konge av Ynglingeætta, rekna for å ha vorte uhorveleg gamal. Han er far til Egil Vendilkråke og son av Jorund, den eine av Yngvesønene.

Snorre Sturlason fortel korleis Aun kom i strid med skjoldungane, og særleg sønene av Frode den fredsame, Halvdan og Fridleiv. Aun laut rømme for dei og fann skjul i Västergötland, etter å ha vore konge i Uppsala i 25 vetrar. Han sat i Gautland i 25 vetrar til, medan Halvdan rådde for Uppsala.

Sidan vart han driven ut av Uppsala av ein kong Åle den frøkne, son av Fridleiv. Han laut då rømme til Gautland ein gong til, og budde der i 25 vetrar (han hadde då rådd 60 år i mellomtida). Åle vart drepen av Starkad den gamle, og Aun kom attende til Uppsala og rådde 25 nye vetrar der.

Aun var rekna som meir av ein blotmann enn ein stridsmann, og etter han kom attende, blota han sønene sine for langt liv, og vann seg ti nye år for kvar son. Med tida vart han så gamal at han ikkje kunne gå, og etter kvart låg han i ein seng og saup drikke som eit spedbarn. Då gjorde sveane opprør, og den yngste av dei ti sønene hans vart spard. Dette var Egil Vendilkråke. Aun døydde av alderdom, og til då hadde slikt vore lite kjend. Skaldane kalla sidan alderdomen for "Ånesott", fortel Snorre.

Tjodolv frå Kvine seier i Ynglingatal:

Endeleg kunde
i Uppsalir
Åne-sott
Aun få kjenna,
og seigliva
skulde han få
andre gongen
unge-bragd,
og den smale
odden av kvasse
verjo til stuten
vende han åt seg.
Han som frendar
farga med blod,
av lange stutehorn
liggjande drakk.
Ukse-sverde
orka kje gråhærd
auster-kongen
uppe halda.

Den eldste Noregshistoria[endre | endre wikiteksten]

Historia Norvegiæ fortel at Aun eller Auchun var so alderdomsveik at han låg i ni år utan å ta til seg fast føde. Halvdan Koht er inne på at namnet kan vera ein variant av Audun.

Kommentar[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga til Snorre er i røynda prega av oppatt-taking. Aun lyt rømme landet to gonger, og er borte like lenge båe gonger (25 år). Dette gjev ein peikepinn om at Snorre har to variantar av same soge, om ein konge som laut gå i utlægd ei tid, for så å koma attende. Namnet Åle finn ein seinare att i forteljinga om Adils, der Åle/Onela i nokre kjelder er bror av Ottar Vendilkråke. Det samla talet på år Aun skal ha levd, er hjå Snorre oppe i over 200, med noggranne tilvisingar: 25 vetrar i Uppsala, 25 i Gautland, 60 vetrar i Uppsala, nye 25 i Gautland, 25 vetrar i Uppsala att, og så hundre år på overtid på grunn av søneblot til Odin - i alt 260 år. Soga om kong Aun har eit mytisk preg berre på grunn av alderen. Andre kjelder minst berre at han vart eldre enn vanleg var på den tida (opp mot hundre år).