Gerhard Munthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Krohg:Gerhard Munthe, 1885
Nevlunghavn, 1880

Gerhard Peter Franz Wilhelm Munthe (19. juli 184915. januar 1929) var ein norsk kunstmålar, teiknar, illustratør og tekstilkunstnar. Han var fødd i Heradsbygd i Elverum, der faren var distriktslege. Forfattaren Margrethe Munthe var ei yngre syster.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

I 1870 tok Munthe til som elev hos Johan Fredrik Eckersberg i Kristiania, sidan denne døydde med Knud Bergslien. Frå 1874 til 1876 gjekk han i lære hos landskapsmålaren, supaslektningen Ludvig Munthe i Düsseldorf. Perioden frå 1877 til 1882 verka han for det meste i München, men var og innom Paris.

Munthe debuterte på Høstutstillingen i 1882. Han var i desse åra mest oppteken av landskapsmåleri. Meir enn andre målarar forstod han at norsk målarkunst måtte byggjast på innleving i norsk natur og kjennskap til folkelivet. Verka er ofte prega av mørke fargetonar, motiva fann han gjerne i Hedmarksnaturen. I løpet av siste halvdel av 1880-åra vann han seg ry som mellom dei fremste norske kunstmålarane. Særleg Aften i Eggedal frå 1888 fall i smak hos kunstpublikum.

I 1890-åra måla han oftast akvarellar, mange med motiv frå høgfjellet, særprega av ei lett kantet penselføring. Ein penselbruk han hadde utvikla før, og som han skulle bruke i seinare måleri og. Fargebruken er noko den same som i oljemåleria, akvarellene er likevel bleikare.

Tittelfrise til Ynglingesaga
Åsmund Frægdargjeva rid heim med prinsessa, 1902-04

Munthe byrja å arbeide med biletvev i 1888 og under et sjukeleie hausten 1890 med ornamentikk. Han var sentral i utforminga av nyutgåva av Snorre Sturlasons kongesoger (1896-99). Munthe hadde hand om utforminga av boka, val av skrifttypar og trykk. Illustrasjonsbidraga til Heimskringla gjaldt vignettar, og teikningar til Yngelingesagen. Stilen er rytmisk og poetisk, skulle vekke lesaaren sin fantasi framfor å gje ei korrekt gjengiving av den historiske framstillinga. I 1904 kom den illustrerte utgåva av Draumkvæde, prega av den same poetisk-rytmiske stilen.

Skrifttypane han designa til Heimskringla vart prøvd vidareutvikla rundt 1910 ved et tysk støyperi (Gebr) under namnnet «Muntheschrift»

Munthe henta ofte motiv frå norrøn historie, og har sidan vorte assosiert med nasjonalromantikken. Arbeida hans vart stilt ut fleire stader utanlands, mellom anna i Stockholm, Paris, New York og Chicago. Nasjonalgalleriet kjøpte inn 72 av arbeida hans.

Gerhard Munthe var 1886-1919 gift med Sigrun Sandberg. Dei budde fleire stader, mellom anna på Stabekk, på Lysaker og etter kvart til Morskogen i Eidsvoll. Sigrun Munthe vov biletvevnader etter fleire av mannen sine teikningar.

Munthe døydde i Bærum.


Draumkvæde, 1904
Budeia, 1890

Måleri (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Folk som rydder Nyland (Høstlandskab), 1876
  • Epletreet, 1877, Nasjonalgalleriet
  • Efter Regn. Motiv fra Eidsvold, 1883, Statens Museum for Kunst, København
  • Aften i Eggedal, 1888, Nasjonalgalleriet
  • Bondehaven, 1889, Nasjonalgalleriet
  • Blåveis, 1891

Dekorative arbeid[endre | endre wikiteksten]

  • «Elleve fantasier om norske eventyr» (Sort-Hvitt-utstillingen, Kristiania), 1893
  • Illustrasjonar til Snorres Kongesagaer, 1896-99
  • Dekorasjon av «Eventyrværelset» på Holmenkollen Turisthotell, 1897
  • Illustrasjon og handteikna tekst til Draumkvedet, 1904
  • Utsmykking med fresker, biletvev og møblar til Håkonshallen i Bergen, 1910-16 (øydelagt 1944)
  • Bærum Rådhus sitt «Muntherom» hyser sju eventyrmåleri, 1916

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gerhard Munthe:Minder og meninger fra 1850-aarene til nu, 1919 (artikkelsamling)
  • Jens Thiis: Gerhard Munthe. En studie, 1903
  • Jan Kokkin:Gerhard Munthe (1849-1929), 1944

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet
  • Bokmålswikipedia
  • Norsk biografisk leksikon