Toppnivådomene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alle domenenamnInternett består av nokre namn delt med punktum, og det siste namnet vert kalla for toppnivådomenet (engelsk: top-level domain eller TLD). For eksempel i domenenamnet eksempel.com er com eit toppnivådomene (TLD).

TLD-ar vert fyrst og fremst brukt til DNS-protokollen, som avbildar domenenamn over til IP-adresser. Dei kan delast i to hovudgrupper: nasjonale toppnivådomene (country code TLDs (ccTLDs)) eller generiske TLD-r (gTLD-ar). Nasjonale toppnivådomene (ccTLD) er alltid på to bokstavar, mens dei generiske (gTLD) er alltid lengre enn to bokstavar.

Sjå òg: Liste over toppnivådomene.

Nasjonale toppnivådomene (ccTLD)[endre | endre wikiteksten]

Eit nasjonalt toppnivådomene (eller ccTLD) er eit toppnivådomene grunnlagt for bruk for eit land eller eit uavhengig område (f.eks. NO for Noreg, eller JP for Japan). Reglane for kven som kan gjere rett på domene under dei enkelte nasjonale toppnivådomena vert vedlikehalde av eit styringsorgan, som er ansvarleg for drifta av domenet. Organisasjonen Norid er ansvarleg for det norske toppnivådomenet NO.

I nokre tilfelle kan kven som helst få eit domene under ein ccTLD, som er tilfelle for Armenia (.am), Kokosøyene (.cc), Niue (.nu), Samoa (.ws), Tonga (.to), Turkmenistan (.tm), Tuvalu (.tv), Tyskland (.de) og Austerrike (.at). Dette gjer det mogleg å registrere namn som I.am, start.at og go.to.

I andre tilfelle kan bere innbyggjarar i det aktuelle landet eller uavhengige område ha eit domene i det, som for Canada (.ca) og Mongolia (.mn).

Det finst over 240 ccTLD-ar: sjå liste over toppnivådomene og [1]. Dei fleste stammar frå ISO 3166-1 sine to-bokstavars landskodar, skjønt fleire forskjellar finst, som forklart nedanfor.

ISO 3166-1-kodane EH og KP har aldri vorte tekne i bruk og eksisterer ikkje i DNS, sjølv om dei teoretisk sett er tilgjengelege som ccTLD-ar for Vest-Sahara og Nord-Korea. I tillegg er ISO 3166-1-kodane TL (for Aust-Timor), CS (for Serbia og Montenegro) og AX (for Åland) ikkje tekne i bruk som ccTLD-ar.

På den andre sida er åtte ccTLD-ar for tida i bruk til tross for at dei ikkje er ISO 3166-1 to-bokstavkader, nemleg AC (Ascension Island norsk?), GG (Guernsey), IM (Man-øyane), JE (Jersey), SU (Sovjetunionen), TP (Aust-Timor), UK (Storbritannia) og YU (Serbia og Montenegro). TP er den tidlegare ISO 3166-1-koden for Aust-Timor og YU er den tidlegare ISO 3166-1-koden for Serbia og Montenegro (som Jugoslavia). SU er ein utdatert ISO 3166-1-kode som har vorte verande i bruk som ein ccTLD i tillegg til dei nye ccTLD-ane for dei tidlegare sovjetrepublikkane. Bruken av UK som ccTLD stammar frå Internett sine tidlege fase, før ein vedtok bruken av ISO 3166-1-kodar.

Bruken av kodane AC, GG, IM og JE som ccTLD-ar oppstod etter ei avgjerd frå IANA i 1996 om å tillate bruken av kodar reservert i reservelista ISO 3166-1 alfa-2, brukt av det internasjonale postvesenet. Ein gjekk sidan attende på denne avgjersla, og berre desse fire ccTLD-ar vart tildelt under denne regelen.

25. september 2000 bestemte ICANN seg for å tillate bruken av alle to-bokstavkodar i ISO 3166-1 reservelista som er reservert for alle formål. Berre EU (for den Europeiske Union) møter for tida dette kriteriet. Etter ei avgjerd i EU sitt Råd for Telekommunikasjonsministrar i mars 2000, ser det ut til at ein EU ccTLD vil verte teken i bruk.

Enkelte ccTLD-ar (GB og SU) eksisterer i rootsona, men er ikkje på IANA si liste over ccTLD-ar [2]. Veldig få (viss nokon) nettstadar brukar GB, og ingen nye registreringar vil bli gjort for det toppnivådomenet. SU er ein av dei meir utbreidd brukte TLD-ar. Leiinga for SU-ccTLD-en (USSR) sa i 2001 at dei ville opne for nye SU-registreringar, men det er usikkert korvidt dette er kompatibelt med ICANN sine retningsliner.

ccTLD-ane for norske territoriet Bouvetøya (BV) og Svalbard (SJ) eksisterer i DNS, men ingen underdomene er vorte tildelt.

Generiske toppnivådomene (gTLD-ar)[endre | endre wikiteksten]

Generiske toppnivådomene (gTLD-ar) er (i det minste i teorien) administrert globalt og tilgjengeleg til bruk av folk i heile verda. Nokre av desse domena er likevel avgrensa til bruk i USA av historiske grunnar.

Når toppnivådomene fyrst vart implementert, i Januar 1985, fanst det 7 gTLD-ar:

  • ARPA -- (sjå lenger nede)
  • COM -- kommersiell
  • EDU -- undervisningsinstitusjonar (hovudsakleg i USA)
  • GOV -- USA si regjering
  • NET -- nettverk-infrastruktur
  • ORG -- andre organisasjonar som ikkje kunne plasserast innanfor ein av dei andre gTLD-ane.
  • MIL -- USA sitt militærvesen

gTLD-ane COM, NET og ORG kan no brukast av alle trass deira historisk ulike formål.

ARPA-TLD-en var meint å vere i mellombels bruk til å hjelpe overgangen til domenenamnsystemet. Forøvrig, å fjerne den heilt har vist seg å vere upraktisk, sidan IN-ADDR.ARPA er domene for «reverse-lookup» for IPv4-adresser. Det har såleis vorte beheldt for bruk til Internett sin infrastruktur. ARPA-TLD-en har ikkje lenger nokon samband med ARPA-internett, og er no offisielt ei forkorting for «Address and Routing Parameter Area».

Opphavleg planla ein at nye infrakstrukturdatabasar vart laga i INT (sjå lenger ned), så ein til slutt kunne slette ARPA. For øvrig, i mai 2000 vart det teke ei heilomvending, og det vart bestemt at ARPA skulle bli beheldt for dette formålet, og at INT skulle bli brukt eine og åleine for bruk av internasjonale organisasjonar. IANA anser ARPA som å vere eit infrastrukturdomene framfor eit generisk domene.

I november 1988 vart eit nytt gTLD introdusert:

Denne TLD-en vart introdusert som eit svar på NATO sin førespurnad etter eit domenenamn som tilstrekkeleg reflekterte deira karakter som ein internasjonal organisasjon -- sjå diskusjon om NATO lenger nede.

INT-gTLD-en vert primært brukt for internasjonale organisasjonar grunnlagt av internasjonale avtalar mellom regjeringar, skjønt det vert òg brukt for enkelte av internett sine infrastruktur-databasar som IP6.INT (IPv6 sin ekvivalent til IN-ADDR.ARPA).

I mai 2000 føreslo IAB å stenge INT-domenet for nye infrastruktur-databasar. Alle slike databasar skulle i framtida bli laga under ARPA, og eksisterande skulle flyttast til ARPA der det passa seg.

Ved midten av 1990-åra vart det pressa på for å introdusere fleire gTLD-ar. Leiaren for IANA, Jon Postel, tok imot søknader frå interessentar: [3] Arkivert 2007-08-17 ved Wayback Machine.

Tidleg i 1995 skapte Jon Postel "Draft Postel", ei skisse over prosedyrar for å lage nye TLD-ar. Draft Postel skapte ei rekkje mindre Ad Hoc-komitéar til godkjenning av nye TLD-ar. Grunna den økte interessa tok ei rekkje større organisasjonar over prosessen. Dette andre forsøket involverte å stifte ein mellombels organisasjon kalla den Internasjonale Ad Hoc Kommitéen (IAHC). 4. februar 1997 kom IAHC ut med ein rapport som såg vekk frå Draf Postel sine tilrådingar og gjekk heller inn for å tilføye sju nye gTLD-ar (ARTS, FIRM, INFO, NOM, REC, STORE og WEB). Dette arbeidet stansa forøvrig opp etter at styresmaktene i USA blanda seg inn, og det kom ikkje noko ut av det. I oktober 1998 vart "Internet Corporation for Assigned Names and Numbers (ICANN)" danna for å ta over oppgåva med å handtere domenenamn. Etter å ha lyst ut etter forslag (15. august 2000) og ei kortvarig offentleg høyring, annonserte ICANN 16. november 2000 sitt val av sju nye gTLD-ar:

  • AERO -- flytransportindustrien
  • BIZ -- handel og forretningsliv
  • COOP -- cooperativ
  • INFO -- information (uavgrensa bruk)
  • MUSEUM -- museum
  • NAME -- enkeltpersonar
  • PRO -- profesjonelle

Desse nye gTLD-ar byrja å bli tekne i bruk frå juni 2001, og ved slutten av det året eksisterte alle med unnatak av PRO, med BIZ, INFO og MUSEUM i full bruk. NAME og COOP vart tekne i full bruk frå januar 2002 og AERO fylgde etter seinare same år. PRO vart eit gTLD i mai 2002.

ICANN planlegg å leggje til fleire gTLD-ar, og ynskjer å starte med ei gruppe sponsa toppnivådomene (som dei noverande AERO, COOP og MUSEUM). Søknadsperioden for desse varte frå 15. desember 2003 til 16. mars 2004, og enda med ti søknader. Den mest profilerte av desse søknadene kom frå eit konsortium av selskap som Microsoft, Vodafone, Samsung, Sun Microsystems og Nokia. Målet var å danne ein gTLD for mobile einingar, noko som gjev moglegheita til å lage forenkla versjonar av eksisterande nettstader. Den fullstendige lista over føreslåtte nye TLD-ar er ASIA, CAT (eller CTL eller CATALA), JOBS, MAIL (eller TMAIL eller MTA), MOBI (eller MBL), POST, TEL, TRAVEL og XXX. To separate, urelaterte grupper søkte om TEL.

Historiske TLD-ar[endre | endre wikiteksten]

ARPANET var ein føregjengar for internett, etablert av det amerikanske DARPA (Defense Advanced Research Projects Agency). Når domenenamnsystemet (DNS) vart introdusert, vart ARPANET-vertsnamn i starten overført til domenenamn ved å leggje til .ARPA på slutten. Domenenamn på denne forma vart raskt fasa ut ved å ta i bruk domenenamn med andre, meir informative TLD-ar. Forøvrig, som forklart ovanfor, vert ARPA-TLD-et framleis brukt for andre formål enn «reverse DNS lookup» der for eksempel IP-adressa 212.30.222.56 peikar til 56.222.30.212.in-addr.arpa.

Det er få ccTLD-ar som har vorte sletta etter at den korresponderande 2-bokstavskoden vart trekt attende frå ISO 3166-1. Døme inkluderer CS (for Tsjekkoslovakia) og ZR (for Zaire). Det er vanlegvis ei betydingsfull forsenking mellom tilbaketrekkjing frå ISO 3166-1 og sletting frå DNS. For eksempel ZR forsvann som ein ISO 3166-1-kode i 1997, men ZR-ccTLD-en vart ikkje sletta før i 2001, og SU-ccTLD-en (Sovjetunionen) finst fortsatt, meir enn ti år etter at den vart fjerna frå ISO 3166-1.

Eit NATO-TLD vart lagt til på slutten av 1980-talet av NIC for bruk av NATO som meinte at ingen av dei eksisterande TLD-ane tilstrekkeleg reflekterte deira status som ein internasjonal organisasjon. Kort tid etter denne tilføyinga, skapte forøvrig NIC INT-TLD-en til bruk av internasjonale organisasjonar, og ovebeviste NATO til å bruke NATO.INT i staden for. Sjølv om NATO-TLD-en ikkje lenger var i bruk, vart det ikkje sletta før i juli 1996.

Før i tida var Internett berre eit av mange fjernnettverk. Datamaskiner som ikkje var tilkopla internett, men kopla til andre nettverk som Bitnet eller UUCP kunne normalt sett utveksle epost med Internett via e-post-portalar (gateways). Når dei vart brukt på Internett, vart adresser på desse nettverka ofte passert under pseudo-domene som .bitnet og .uucp. Desse pseudo-domena var ikkje ekte toppnivådomene og eksisterte ikkje i DNS.

Dei fleste av desse nettverka har slutta å eksistere for lenge sidan, skjønt UUCP vert framleis brukt i nemneverdig grad i delar av verda der Internett sin infrastruktur ikkje er veletablert. Det vert gradvis overført til bruk av Internett sine domenenamn, så pseudo-domene er no i hovudsak historisk.

Reserverte TLD-ar[endre | endre wikiteksten]

RFC 2606 reserverar fire toppnivådomenenamn til ulik bruk, med det formål at desse bør aldri bli faktiske TLD-ar i det globale DNS. Desse er

  • EXAMPLE -- reservert til bruk i døme
  • INVALID -- reservert til bruk for openbert ugyldige domenenamn
  • LOCALHOST -- reservert for å unngå konflikt med den tradisjonelle bruken av localhost
  • TEST -- reservert til bruk i testar

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]