Austgermanske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei austgermanske språka utgjer den eine av dei tre greinene av dei germanske språka, attåt nord- og og vestgermansk. Til skilnad frå dei to andre greinene er den austgermanske greina utdøydd.

Det best kjende austgermanske språket er gotisk, andre austgermanske språk er krimgotisk (som utvikla seg frå gotisk), vandalsk, burgundisk og langobardisk.