Nordgermanske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utbreiinga av dei nordiske språka
Blå - fastlandsnordiske språk
Grøn - øynordiske språk

Dei nordgermanske språka vert gjerne kalla dei nordiske språka. Dei nordgermanske skriftspråka som er kodifiserte og i bruk i dag, er:

Desse språka har alle sine røter i eit felles urnordisk språk, som ein trur vart tala i dei første hundreåra etter starten på vår tidsrekning. Kløyvinga i ulike språk innan gruppa har truleg begynt alt føre år 500. I mellomalderen vart forløparane til dei moderne språka (norrønt, gammaldansk, gammalsvensk) oppfatta som eitt og same språk og gjekk under nemninga ‘dansk tunge’ (dǫnsk tunga).

Dei nordiske språka utgjer saman med dei vestgermanske språka og dei utdøydde austgermanske språka gruppa germanske språk, ei av hovudgruppene innan dei indoeuropeiske språka.

I tillegg til at det finst ei rekkje dialektar i det nordgermanske språkområdet som mange vil rekna som eigne språk (t.d. gutnisk, jamska), finst det også kreolspråk nytta av romani-folket der grammatikken i stor utstrekning er av nordgermansk type, men der ein stor del av ordtilfanget er frå romanés. Nokre meiner difor at også desse språka skal reknast til den nordgermanske språkgruppa. Dei to viktigaste språka av denne typen er: