Automatic for the People
| Automatic for the People Studioalbum av R.E.M. |
||
| Utgjeve | Oktober 1992 | |
| Innspelt | 1991–1992 | |
| Sjanger | Alternativ rock | |
| Lengd | 48:52 | |
| Selskap | Warner Bros. Records | |
| Produsent | Scott Litt og R.E.M. | |
| R.E.M.-kronologi | ||
|---|---|---|
| Out of Time (1988) |
Automatic for the People | Monster (1992) |
Automatic for the People er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 1992. Albumet fører vidare elementa frå folk-musikk, countryrock og klassisk pop som vart brukte i Green og Out of Time, men med færre element frå pop-en og ein generelt dystrare stemning. Bono i U2 har kalla det «den største countryplata som aldri vart laga».[1]
Namnet på albumet viser til mottoet til etestaden «Weaver D’s Delicious Fine Foods» i Athens i Georgia. Biletet på framsida har ikkje noko med denne restauranten å gjere, det viser skiltet til eit motell i Miami, der delar av albumet vart spela inn, i gråtonar. Andre delar av albumet vart spela inn i New Orleans. John Paul Jones, bassisten i Led Zeppelin, arrangerte strenginstrumenta i «Drive», «The Sidewinder Sleeps Tonite», «Everybody Hurts» og «Nightswimming».
I 2005 gav Warner Bros. Records ut ei utgåve av Automatic for the People med to plater. Den eine var ei CD-plate, og den andre var ein lyd-DVD som inneheldt ei miksing av albumet som var gjort av Elliot Scheiner. Plata er den som er representert med flest songar (fire) på samleplata In Time: The Best of R.E.M. 1988-2003.
[endre] Innhald
Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.
- «Drive» – 4:31
- «Try Not to Breathe» – 3:50
- «The Sidewinder Sleeps Tonite» – 4:06
- «Everybody Hurts» – 5:17
- «New Orleans Instrumental No. 1» – 2:13
- «Sweetness Follows» – 4:19
- «Monty Got a Raw Deal» – 3:17
- «Ignoreland» – 4:24
- «Star Me Kitten» – 3:15
- «Man on the Moon» – 5:13
- «Nightswimming» – 4:16
- «Find the River» – 3:50