Michael Stipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Stipe
Michael Stipe by David Shankbone.jpg
Michael Stipe (Foto: David Shankbone)
Verkeleg namn John Michael Stipe
Fødd 4. januar 1960 i Decatur Georgia i USA
Instrument Vokal, akkustisk gitar, munnspel
Sjanger Alternativ rock
Aktive år 1980
Yrke Songar, låtskrivar, plateprodusent, filmprodusent, fjernsynsprodusent, sjefsprodusent
Tilknytt artistar R.E.M.
Automatic Baby

John Michael Stipe (fødd 4. januar 1960 i Decatur i Georgia i USA) er ein amerikansk songar som er vokalist i alternativ rock-bandet R.E.M.. Stipe er kjend for den «mumlande» stilen frå den tidlege karrieren sin, og for dei komplekse, surrelistiske songtekstane han har skrive, i tillegg til den sosiale og politiske aktivismen han har drive. Stipe er sjef for den visuelle utsjånaden til bandet, og er ofte den som vel ut motiv til albuma og regisserer musikkvideoane deira. Stipe arbeider også utanfor musikkbransjen, han driv mellom anna sine eigne filmselskap, C-00 og Single Cell Pictures.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Stipe vart fødd Decatur i Georgia i USA, 4. januar 1960. Far til Stipe var soldat i hæren til USA, og på grunn av dette måtte han flytte mange gonger. Dei flytta til ulike stader i barndomen hans, mellom andre Tyskland, Texas og tilbake til Georgia. I 1998, under ein konsert med R.E.M. på Grünspan Club in Hamburg i Tyskalnd, sa Stipe at «det er stort å kome heim att til heimlandet mitt. Ikkje mange veit at Stipe opphavleg er eit tysk namn. Eg trur det kjem frå ordet steiße, som tyder noko liknande som ordet shit. Uheldigvis har eg som kom frå skiten kome opp på denne høgda».[1]

Medan han gjekk på high school, budde Stipe Collinsville i Illinois. Stipe hadde det vanskeleg på skulen han gjekk på.[2] I 1976 vart han med i det fyrste bandet sitt, som varte i eitt år. Han tykte ikkje bandet var så særleg godt, men skraut over dei andre medlemmene, som hadde introdusert han for musikk som The Stooges og The Velvet Underground.[3]

Stipe gjekk ut av high school i 1978, og byrja på University of Georgia i Athens i Georgia, med hovudfag kunst, og med fotografi og måling som fag.

Arbeid for film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1987 var Stipe med på å starte C-00 Films med Jim Mckay, eit føretak som arbeider med fleire medium og som var «laga for å kanalisere grunnleggarane sine kreative talent mot laging og promotering av alternativ film».[4] Stipe har vore sjefsprodusent på filmar som Being John Malkovich, Velvet Goldmine, og Man on the Moon.[5]

Stipe har også hatt fleire roller i film og fjernsyn. Han var med i ein episode av The Adventures of Pete & Pete, ein komedieserie for ungar, som ein iskremseljar med namnet «Captain Scrummy». I tillegg har han vore med som seg sjølv med R.E.M. i barneprogrammet Sesame Street der dei spela ein omarbeidd versjon av songen «Shiny Happy People» som var kalla «Happy Furry Monsters», og i ein episode av The Simpsons som heitte «Homer the Moe», der R.E.M. vart lurte til å spele ein konsert i garasjen til rollefiguren «Homer Simpson».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For utgjevingar med R.E.M., sjå diskografien til R.E.M.
  • Med Community Trolls: «Tainted Obligation» (1983) på To Understand: The Early Recordings of Matthew Sweet (2002)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Samleplater[endre | endre wikiteksten]

  • Stay Awake: Various Interpretations of Music from Vintage Disney Films - «Opening Melody - Little April Shower» (med Natalie Merchant, Mark Bingham og The Roches)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography, Virgin, 2002. ISBN 1-85227-927-3
  • Platt, John (red.): The R.E.M. Companion: Two Decades of Commentary, Schirmer, 1998. ISBN 0-02-864935-4

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. RockpalastWDR, 2. november 1998
  2. Buckley, s. 27
  3. Platt, John: "R.E.M.". Bucketfull of Brains (Desember 1984)
  4. Buckley, s. 144-45
  5. Buckley, s. 296
R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008) | Collapse into Now (2011)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003) | Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone