Bagrationovsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bagrationovsk
Багратионовск
Byvåpenet til Bagrationovsk
Byvåpenet til Bagrationovsk


Plassering
Bagrationovsk is located in Russland
Bagrationovsk is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1325
1946
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

6 607
Koordinatar 54°23′00″N 20°38′00″EKoordinatar: 54°23′00″N 20°38′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 238420
Retningsnummer (tlf) 40156

Bagrationovsk (russisk Багратионовск, tysk Preußisch Eylau, litauisk Yluva eller Prūsų Ylava, polsk Pruska Iława eller Iławka) er ein liten by i det noverande Kaliningrad oblast i Russland, rundt 37 kilometer sør for Kaliningrad. Byen ligg rett ved grensa til Polen og har 6 607 innbyggere (2008). Byen heitte Eylau fram til 1946.

Den tyske riddarordenen bygde i 1325 ei borg på denne staden, og byen som voks opp rundt denne vart kalla Eylau.

Då Den tyske orden vart sekularisert i 1525, vart byen ein del av hertugdømet Preussen og fekk byrettar i 1585. Seinare vart området arva av Hohenzollarane og vart ein del av markgreveskapet Brandenburg i 1618. Byen vart ein del av Kongeriket Preussen i 1701 og administrert som ein del av provinsen Aust-Preussen frå 1773. Under den prøyssisk-leia tyske samlinga i 1871 vart området ein del av Det tyske keisardømet.

Det blodige slaget ved Eylau stod her 7.-8. februar 1807 mellom Napoleon sin La grande armée og dei russiske styrkane under kommando av Levin August von Bennigsen.

Under avslutninga av den andre verdskrigen rykte den raude arméen inn i byen våren 1945 og den tyske folkesetnaden som ikkje alt hadde flykta vart drive vestover. Byen vart omdøypt til dagens namn i 1946 til minne om den russiske generalen Pjotr Bagration som hadde delteke i slaget ved Eylau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]