Banansmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Banansmett

Status i verda: Livskraftig (LC)

Banansmett
Banansmett

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Coerebidae
Slekt: Coereba
Art: C. flaveola
Vitskapleg namn
Coereba flaveola
Linné, 1758

Banansmett (Coereba flaveola) er ein liten sporvefugl med ei gjennomsnittleg lengd på 11  cm. Han er monotypisk i familien Coerebidae.

Han har mørk grå overside, ei svart krone på hovudet, iaugefallande, kvite augestriper og gul underside og gump. Kjønna er like. Banansmetten har eit slankt bendt nebb som passar til å ta nektar frå blomar. Nokre gongar borar han seg inn frå sida utan å pollinere planten. Han kan ikkje stille i lufta som kolibriar og må alltid ha fotfeste når han tar maten. Frukt og insekt står òg på etesetelen, ofte vitjar desse fuglane hagar og kan bli mykje tamme. Kallenamnet sukkerfugl kjem av at dei har tilhug til å ete sukkerkorn frå fuglebrett og fat, ein metode for å trekke til seg desse fuglane på kjent frå Dei amerikanske Jomfruøyane.

Utbreiingsområdet for denne arten er frå tropiske Sør-Amerika i sør og nord til det sørlege Mexico og Karibia. Han er ein sjeldan gjest i Florida, USA.

Grenada og Saint Vincent har dei fleste banansmettar mørk fjørdrakt som skil dei frå andre populasjonar i Vestindia.

Banansmetten byggjer kuleforma reir med sideinngang, hoa legg opp til tre egg i kullet.

[endre] Klassifisering

Banansmetten vart første gong skildra av Linné i hans Systema naturæ i 1758 med namnet Certhia flaveola.[1]

I 1809 omklassifiserte Louis Jean Pierre Vieillot arten som den einaste medlemmen i slekta Coereba.[2] Familien Coerebidæ samla tidlegare fleire artar av fuglar som et nektar i tropisk Amerika, men dei andre artane er sidan flytta ut frå familien. Banansmetten kan vere nært i slekt med busksporvar, men forholdet har ikkje funne ei løysing. Ornitologar klassifiserer arten som Incertae sedis.[3]

[endre] Kjelder

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bananaquit frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
    • BirdLife International (2004). Coereba flaveola, 2006, IUCN. Innslaget verifiserer statusen Livskraftig.
  1. Linné, C (1758). Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata.. Holmiae. (Laurentii Salvii)., 119. “C. nigra, uropygio pectoreque luteo, superciliis macula alarum rectricümque apicious albis”
  2. Vieillot, Louis Jean Pierre. Histoire naturelle des oiseaux de l'Amérique septentrionale. Desray, Paris, 70.
  3. Dunn, John L. and Alderfer, Jonathan, National Geographic Field Guide to the Birds of North America, Fifth Edition" ISBN 0-7922-5314-0

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Banansmett
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk