Sitar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sitar

Klassifiseringluttinstrument med rund kropp og hals spelte med plekter
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-6
(Samansett kordofon spelt med plekter)

Sitar er eit klimpreinstrument som særleg blir brukt i hindustanimusikk og musikkformer knytt til klassisk indisk musikk. Instrumentet har også vore brukt ein del i vestleg pop- og rockemusikk, jazz og i ulike typar verdsmusikk.

Nokre velkjende sitarspelarar er Vilayat Khan, Allauddin Khan, Nikhil Banerjee, Ravi Shankar, Anoushka Shankar og Shahid Parvez. Vestlege musikarar som har lært seg sitarspel er mellom anna George Harrison, Brian Jones og Emily Robison. Sitar blei til dømes brukt på Beatles-songane «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)» og «Within You Without You» og på Rolling Stones-songen «Paint It Black».

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Mogulminiatyr som viser «korleis musikken oppstod», frå ca. 1565-70. Musikaren held ein forløpar til sitaren.

Ordet «sitar» stammar frå persisk sehtar eller sih-tar, 'tre strenger'.[1][2] Sitaren fekk namn etter det persiske instrumentet setar, men er blitt svært ulikt.

Sitaren utvikla seg frå langhalsa luttar som kom til Nord-India frå Sentral-Asia,[2] truleg også under påverknad frå det sørindiske strengeinstrumentet vina. Under Delhi-sultanatet dyrka dei persiske herskarane lokal musikk og kunst samstundes som dei innførte eigne tradisjonar. Instrumentet blei mykje brukt på 1500- og 1600-talet, og fekk si noverande form på 1700-talet under mogultida.

Delane på ein sitar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein sitar er rundt 1,2 meter lang. Sitaren får sin særskilde klang gjennom resonansstrenger, stolutforminga, ein lang hol hals og eitt eller to pæreforma resonanskammer.

Sitarar kan ha 18, 19 eller 20 metallstrenger. Seks eller sju av desse er spelestrenger som går over rundt 20 flyttbare, runda tverrband. Resten er resonansstrenger som går under tverrbanda og resonerer i lag med spelestrengen. Tverrbanda er flyttbare slik at ein kan finstemma sitaren. Spelestrengene er festa til stemmeskruar ved instrumenthovudet, medan resonansstrengene, som har svært ulik lengt, blir stemd med skruar langs instrumenthalsen.

Gandhaar-pancham er ein sitartype med seks spelestrenger som mellom anna blei brukt av Vilayat Khan og læresveinene hans. Kharaj-pancham-sitar har sju spelestrenger, og blir brukt i hindustaniskulen Maihar gharana, som Ravi Shankar tilhøyrde, og andre skular som Bishnupur gharana. Tre strenger på sistnemnde og fire på førstnemnde blir brukt til å gje borduntone, medan dei andre blir brukt til å spela melodien på. Den første strengen er mest brukt. Ein speler på strengene med eit plekter.

Raud og kvit celluloiddekorasjon på ein sitar.

Sitar har to stolar: Den store stolen (badaa goraa) for spelestrengene og den vesle stolen (chota goraa) for resonsansstrengene. Stolen er svakt bøygd, slik at strengene vibrerer mot ein skrånande overflate. Dette dyrker fram overtonedanning. Stolane er tradisjonelt laga av hjortehorn, kamelbein eller elfenbein.

Stolane er festa til eit rundt resonanskammer nedst på instrumentet. Nokre sitarar har også eit resonanskammer ved toppen av halsen. Desse kammera er tradisjonelt laga av graskar dekt av ei treplate, men kan også utformast heilt i tre. Elles bruker ein trevirke til instrumentet. Teak og Toona ciliata er mykje brukte treslag.

Sitarar kan ha lite eller ingen dekorasjon (gayaki-stil) eller vera rikt pynta med utskjeringar og inkrustering.

Spel[endre | endre wikiteksten]

Døme på sitarspel i yaman-ragaen.
Sitarspelaren Ahammed Ibrahim.


Sitaren kan stemmast ulikt ut frå stil, skule, tradisjon eller eige ønske. Den første spelestrengen er nesten alltid stemt ein kvart over grunntonen og den andre til grunntonen.

Resonansstrengen er stemt etter tonane i ragaen som blir spelt, og blir stemt opp att om ein byrjar ein ny raga.

Ein sitarspelar sit som regel på golvet eller på ein benk og kviler sitaren på bakken og høgre fot. Venstre hand blir brukt på toppen av instrumenthalsen, til å pressa strengane mot tverrbanda og flytta dei sidelengs. Den høgre blir brukt til å klimpra på spelestrengane. Eit plekter kalla mizrab blir brukt til dette. Som regel bruker utøvaren berre peike- og langfinger til å klimpra med, men nokre spelarar bruker også ringfingeren.


Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sitarar er tradisjonelt utbreidde i Nord-India, Pakistan og Bangladesh. Sitaren kan brukast som eit soloinstrument saman med strengeinstrumentet tamboura og tablatrommer, eller i større hindustanimusikkensemble og liknande. Sitar blir brukt til å akkompagnera dansedramaet kathak.

Ustad Inayat Khan (1894-1938) vidareutvikla sitarspel ved å innføra teknikk frå surbaharspel, og bidrog til å gjera det til eit indisk nasjonalinstrument. Khan var frå ein musikarfamilie, og spelte sitar ved hoffet i Mymensingh (i noverande Bangladesh). Han var også ven og samarbeidspartner med Rabindranath Tagore, ein verdskjend forfattar som var med på å dyrka fram ein moderne indisk kultur. Khan både formidla sitarmusikk og lærte opp elevar. Ei rekkje framståande seinare sitarspelarar stammar frå hans linje.

Ravi og Anoushka Shankar opptrer under Fes Sacred Music Festival i 2005.

Frå midten av 1900-talet byrja sitaren å bli kjend verda over. Sitarspelarar som Ravi Shankar og Vilayat Khan vekte merksemd på internasjonale turnéar. Lyden inspirerte ei rekkje rockemusikarar. Nokre av desse imiterte sitarspel på andre instrument, som gitar på «See My Friends» av The Kinks og «Heart Full of Soul» av The Yardbirds.

Gitarspelaren Big Jim Sullivan lærte sitarspel av Vilayat Khan og gav ut plater under artistnamnet «Lord Sitar». George Harrison lærte å spela sitar av mellom anna Ravi Shankar og Shambhu Das,[3] og brukte instrumentet på Beatles-songane «Norwegian Wood», «Within You Without You», «Love You To» og «Tomorrow Never Knows». Brian Jones lærte på eiga hand og av ustad Imrat Khan, og spelte sitar på Rolling Stones-songane «Paint It Black» og «Street Fighting Man». Ei tid var sitar svært utbreidd i populærmusikk, psykedelisk rock og avleidde sjangrar. Det blei også utvikla ein «elektrisk sitar», ein el-gitar med sitarliknande lyd.

Ravi Shankar samarbeida med ei rekkje vestlege artistar innan ulike musikkstilar, som den klassiske fiolinisten Yehudi Menuhin, samtidskomponisten Philip Glass og jazzmusikarar som John Coltrane og Bud Shank. Anoushka Shankar, dotter og eleven av Ravi, har følgd i same sporet som faren, og speler både hindustani- og annan musikk over heile verda. Av andre noverande sitarspelarar som speler i rein hindustanitradisjon kan nemnast Budhaditya Mukherjee, Shahid Parvez Khan og Shuja Hussain Khan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sitar – Definition and More from the Free Merriam-Webster Dictionary». Merriam-webster.com. 31. august 2012. Henta 17. juli 2013. 
  2. 2,0 2,1 «sitar | Definition, Description, History, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 4. desember 2020 
  3. Everett, The Beatles as Musicians: Revolver Through the Anthology, p 71.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]