Benjamin Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benjamin Thompson

Fødd26. mars 1753
Woburn
Død21. august 1814
Auteuil
NasjonalitetUSA, Kongeriket Storbritannia, Kurfyrstedømet Bayern
Områdetermofysikk, optikk
Yrkefysikar, ingeniør, klinisk ernæringsfysiolog, termisk fysiker, skribent
Alma materHarvard College
EktefelleMarie-Anne Pierrette Paulze
BarnSarah Thompson
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det bayerske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Sir Benjamin Thompson, grev Rumford, på tysk Reichsgraf von Rumford (26. mars 175321. august 1814), var ein angloamerikansk fysikar og oppfinnar. Han kjempa mot den etablerte fysikkteorien i levetida si og var ein viktig del av revolusjonen i termodynamikk på 1800-talet.

Tidleg liv i USA[endre | endre wikiteksten]

Thompson vart fødd i landlege Woburn i Massachussetts og barndomsheimen hans er i dag eit museum. Skulegangen ved landsskulen var hovudsakleg det han fekk av utdanning, men han spaserte av og til til Cambridge med den eldre Loammi Baldwin for å følgje Professor John Winthrop sine førelesningar ved Harvard College. Då han var 13 år vart han læreguten til John Appleton, ein kjøpmann i Salem, ikkje langt unna der han budde. Thompson utmerkte seg i handel, og vart samstundes påverka av mange av dei velutdanna menneska han omgjekk seg med, og fatta ei interesse i naturvitskap. Medan han var i Woburn i 1769 for å koma seg etter ein skade, leia Thompson ein del eksperiment vedrørande karakteren til varmen, og byrja å drøfte dei med blant anna Loammi Baldwin. Seinare det året jobba han i nokre månader for ein kjøpmann i Boston, og vart utan hell læregut hos ein doktor i Woburn.

Thompson sine framtidsutsikter var uklare i 1772, men dei forandra seg dust det året. Han møtte, sjarmerte og gifta seg med ein rik arving med gode samband, flytta til Portsmouth i New Hampshire, og gjennom påverknaden til kona si på guvernøren, vart han major for ein milits i New Hampshire.

den amerikanske sjølvstendekrigen byrja, var Thompson ein velhavande mann, heldt til i New England, og hadde viktige samband med den britiske regjeringa. Han allierte seg med britane, og var aktiv i rekrutteringa av lojalistar til å kjempe mot patriotane. Dette gav han naturlegvis ein del fiendskap i det populære partiet, og ein mobb gjekk til åtak på huset hans. Han forlét kona si for alltid, og flykta over til britane. Der vart han teke imot med opne armar, og delte viktig informasjon om dei amerikanske styrkane. Han vart etterkvart ein rådgjevar for både general Gage og Lord Germain. Medan han jobba med dei britiske styrkane, gjorde han ei rekkje eksperiment med krut. Resultata vart applaudert då dei vart publisert i 1781 i naturvitskapsjournalen Philosophical Transactions utgjeve av Royal Society, og han var allereie ein respektert fysikar då han flytta til London etter krigen.

Tida i Bayern[endre | endre wikiteksten]

I 1785 flytta Thompson til Bayern og vart ein adjutant for kurfyrsten Karl Theodor. Han var elleve år i Bayern, der han omorganiserte hæren og etablerte arbeidsanstaltar for dei fattige. Under arbeidet fann han opp Rumford-suppa, ei næringsrik suppe for fattige, og la grunnlaget for potetdyrking i Bayern.

Eksperiment med varme[endre | endre wikiteksten]

Benjamin Thompson sine eksperiment med skyts og eksplosiv førte til ei interesse for varme. Han fann opp ein metode å måle den spesifikke varmekapasitet til faste stoff på, men vart skuffa over at Johannes Wilcke hadde prioritet.

Det neste Thompson gjekk laus på, var ulike stoff sine evne til å varmeisolere, blant anna eksperimenterte han med pels, ull og fjør. Han fann ut at isoleringseigenskapane til desse naturlege stoffa hengde saman med at dei hindra konveksjon av luft. Deretter trekte han den noko uvørne og ukorrekte slutninga at luft, og faktisk alle gassar, var perfekte ikkje-leiarar av varme[1][2]. Han heldt fram funna sine som bevis for at Gud finst, og kjempa for at guddommeleg forsyn hadde gjeve dyra pels slik at dei skulle halda seg varme.

I 1797 utvida han påstanden om ikkje-leiande eigenskapar til å gjelde væsker[3]. Ideen førte til massive protestar frå etablert vitskap, med John Dalton[4] og John Leslie[5] i spissen.

Meir nøyaktige måleinstrument måtte til for å bevise teorien til Thompson. Igjen ser det ut til at han hadde late seg påverke av trua si[6], og det virkar som han ville gje vatn ein heilt spesiell privilegert status i styringa av menneskeleg liv[7].

Dei viktigaste vitskaplege arbeida hans fann nok stad i München, og omhandla naturen til varmen, som han kjempa for i An Experimental Enquiry Concerning the Source of the Heat which is Excited by Friction (1798). Teorien hans gjekk imot den dåverande teorien om varmestoff, og rørde seg mot rørsle som kjelda til varme. Sjølv om dette arbeidet ikkje vart så vel motteke, vart det seinare viktig i etableringa av lovar om bevaring av energi seinare på 1800-talet.

Oppfinningar[endre | endre wikiteksten]

Thompson var ein aktiv oppfinnar, og utvikla forbetringa for skorstein og peisar, dobbeltkokaren, ein kjøkkenserie, og ei kaffikanne til å lage snusmalen kaffi. Rumford-peisen er rekna som ein særs varmesparande måte å varme eit rom på. Metodar å halde varmen på er eit stadig tilbakevendande motiv i oppfinningane hans. Han blir òg kreditert for oppfinninga av superundertøy.[8] Han var òg sosialt aktiv som grunnleggar av Englischer Garten i München i 1789.

Seinare i livet[endre | endre wikiteksten]

Etter 1799 heldt han til i Frankrike og England. Saman med sir Joseph Banks skipa han i 1799 Royal Institution for vitskapsformidling og forsking. Dei valde Humphry Davy som den første forelesaren. Thompson skjenkte ein legatsum til Royal Society og American Academy of Arts and Sciences, og donerte eit professorat ved Harvard University.

I 1804 gifta han seg med Marie-Anne Lavoisier, enka etter den framifrå franske kjemikaren Antoine Lavoisier, sidan den amerikanske kona hans hadde døydd sidan emigrasjonen hans. Etter eit år gjekk dei frå kvarandre, men Thompson slo seg ned i Paris og fortsette arbeidet sitt fram til han døydde.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Statue av Thompson utanfor biblioteket i heimbyen hans, Woburn i Massachusetts. (Ein kopi av originalen i München.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rumford (1786) «New experiments upon heat», Philosophical Transactions of the Royal Society side.273
  2. Rumford (1792) «Experiments upon heat», Philosophical Transactions of the Royal Society side.48
  3. Rumford (1797) "On the propagation of heat in fluid sine" Nicholson's Journal 1 pp298-341
  4. Cardwell (1971) p.99
  5. Leslie, John (1804). An Experimental Enquiry into the Nature and Propagation of Heat. London. 
  6. Rumford (1804) "An enquiry concerning the nature of heat and the mode of it sine communication" Philosophical Transactions of the Royal Society p.77
  7. Cardwell (1971) p.102
  8. Professor Michael Fowler ved Universitetet i Virginia, forelesningsreferat: [1]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bradley, D.; Count Rumford, Van Nostran, 1967, OCLC 469035
  • Brown, G.I.; Count Rumford: The Extraordinary Life of a Scientific Genius - Scientist, Soldier, Statesman, Spy, Sutton Publishing, 2001, ISBN 0-262-02138-2
  • Brown, S.C.; Benjamin Thompson, Count Rumford, Cambridge USA, MIT Press, 1981, ISBN 0-262-02138-2
  • Cardwell, D.S.L.; From Watt to Clausius: The Rise of Thermodynamics in the Early Industrial Age, London, Heinemann, 1971, ISBN 0-435-54150-1, side 95-107
  • Larsen, E.; An American in Europe: The life of Benjamin Thompson, Count Rumford , Rider, 1953, OCLC 862595
  • Orton, V.; The Forgotten Art of Building a Good Fireplace: The Story of Sir Benjamin Thompson, Count Rumford, an American Genius & His Principles of Fireplace Design Which Have Remained Unchanged for 174 Years, Alan C. Hood and Company Inc, 2000, ISBN 0-911469-17-6
  • Sparrow, W.J.; Knight of the White Eagle: A biography of Sir Benjamin Thompson, Count Rumford, 1753-1814 , Hutchinson, 1964, OCLC 378699

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]