Bergs kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergs kommun
Berg vapen.svg
Kommunevåpenet til Bergs kommun
Len Jämtlands län
Landskap Jämtland og Härjedalen
Centralort Svenstavik
Areal 5 753 km²
Folketal 7 592
Folketettleik 1,4/km²
Kommunenummer 2326
Nettside www.berg.se
Kart
Berg Municipality in Jämtland County.png

Bergs kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor Jämtlands län til Åre kommun i nord, Östersunds kommun i nordaust, Bräcke kommun i aust og Härjedalens kommun i sør. Utanfor lenet grensar han dessutan til Ånge kommun i Västernorrlands län i aust og Tydal kommune i Noreg i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Svenstavik.

I dei vestlege delane av kommunen finn ein mykje fjellnatur, medan områda i aust omfattar ein del jordbruksbygder. Det er flest tilsette innanfor teneste- og servicenæringane. Vinterturismen har mykje å seie i så måte, særleg i områda Klövsjö og Vemdalen. Inlandsbanan går dessutan gjennom Bergs kommun.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Berg var eitt av seks sokn innanfor området til den noverande kommunen som frå 1863 av utgjorde kvar sin landskommune. I 1888 vart Åsarne landskommun skild frå Bergs landskommun, og i 1895 Storsjö landskommun frå Hede landskommun for å opprette eigne kommunar.

Ved kommunereforma i 1952 vart Övre Ljungadalens landskommun oppretta gjennom samanslåing av Storsjö, Klövsjö og Åsarne, medan Myssjö vart innlemma i Ovikens landskommun. Hackås landskommun fekk tilført Näs og Sunne, medan det ikkje vart gjort endringar i Berg og Rätan.

Den noverande Bergs kommun vart oppretta i 1971 gjennom samanslåing av dei fem tidlegare einingane. Forsamlingane Näs og Sunne vart overførde til Östersunds kommun.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På blå bakgrunn, ein oppskytande gullfarga flamme frå eit sølvfarga fjell, til venstre ei høgrevend øks, og til høgre ei børse, begge delar i sølv.[1]

Det noverande kommunevåpenet vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1988, og er basert på det eldre kommunevåpenet som Bergs landskommun tidlegare brukte. Øksa og børsa symboliserer dei gamle handverkaryrka tømmermann og børsemakar, og flammen den varden som vart tend på Hoverberget for å åtvare den lokale folkesetnaden om komande farar.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er fem tettstader i Bergs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Svenstavik 948
2. Hackås 518
3. Klövsjö 312
4. Åsarne 271
5. Myrviken 224

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I blått fält en från ett treberg av silver uppskjutande låga av guld, åtföljd till dexter av en sinistervänd yxa, och till sinister av en bössa båda av silver».