Bietar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bietar

Status i verda: LC Livskraftig

Bietar
Bietar.
Foto: Marek Szczepanek

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Meropidae
Slekt: Merops
Vitskapleg namn
Merops apiaster
Bietar
Namn på andre språk
Svensk Biätare
Dansk Biæder
Engelsk Bee-eater, European Bee-eater
Tysk Bienenfresser
Fransk Guêpier, Guêpier D'Europe
Spansk Abejaruco, abejaruco europeo
Russisk Zolotistaja sjtsjurka (Золотистая щурка)

Bietaren er ein vakkert farga fugl i bietarfamilien. Han er hovudsakleg utbreidd i Sør-Europa aust til Vesleasia, og overvintrar i Afrika sør for Sahara. Stundom, i varme og tørre somrar, trekk nokre individ lenger nord; det er mellom anna rapportert hekkingar frå Sverige og Danmark.

I Noreg vert arten sjeldan observert, men når det skjer er dette om sommaren eller hausten i Sør-Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Bietaren er på storleik med ein trost, om lag 28 cm, og veg 45 til 60 gram. Han er slankt bygd og har fine fargar: oversida er gul og raud, strupen er gul og undersida er turkisfarga. Nebbet er langt og smalt, og bøyer seg svakt nedover. Halen er òg lang, særleg den midtre halefjæra.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Namnet sitt har bietaren fått fordi han hovudsakleg et bier, humler og kvefsar. Han sit som regel på ei grein, ei telefonlinje eller liknande og speidar etter dei ved å snu hovudet i ulike retningar. Når han oppdagar dei, fer han brått ut i lufta og fangar dei i flukt. Etter å ha drepe byttet ved å slå det mot underlaget; om det er eit insekt med giftbrodd fjernar han òg denne ved å gni han mot steinen eller greina han sit på. Deretter vert dyret svelga heilt.

I hekkesesongen må ein bietar fanga tilsvarande 225 biar om dagen for å fø seg og ungane.

Forplantning[endre | endre wikiteksten]

Reirkoloni i Tyskland.

Bietarar kan hekka einskildvis, men som regel lever dei i koloniar. Desse vert som regel lagt til bratte sand- eller jordbakkar, kor dei grev ut reirgongar. Holene er som regel litt over ein meter lang med eit ovalt rugekammer inst. Hoa legg 5-7 kvite egg med to dagars mellomrom, og tek til å ruga allereie etter andre egg. Dette gjer at ungane vert fødd til ulik tid og såleis varierer valdsamt i storleik. Den eldste ungen kan ofte vega så mykje som to-tre gongar vekta til den yngste.

Mange av ungane døyr før dei vert sjølvstendige, sidan det ofte kan vera vanskeleg å fanga nok mat til dei. Somme par får hjelp av såkalla hjelparar; som regel eittårige fuglar i nær slekt med paret. Vaksne hannar i par med hjelparar gjer ikkje like stor innsats som fedrar som er åleine med hoa om ansvaret, medan hoa brukar like mykje tid som elles. Ungar frå par med hjelparar klarar seg betre enn ungar som berre har foreldra til å sørga for seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hogstad, Olav: «Bieter» i Norges dyr - fuglene 3 Cappelen 1990