Blomsterfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blomsterfuglar


Eldbukblomsterfugl, Dicaeum trigonostigmaFoto: Lip Kee Yap
Eldbukblomsterfugl, Dicaeum trigonostigma
Foto: Lip Kee Yap

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Dicaeidae
Slekter

Blomsterfuglar er ein biologisk familie, Dicaeidae, av sporvefuglar. Familien består av to slekter, Prionochilus og Dicaeum, med totalt 44 artar. Desse fuglane lever i tropiske sørlege Asia og Australasia frå India austover til Filippinane, og sørover til Australia. Familien har eit vidt spekter av habitatpreferansar, lever i ei rekkje miljø frå havnivå opp til alpint miljø. Nokre artar, som mistelteinfugl i Australia, er registrert som svært nomadisk i delar av utbreiingsområdet sitt.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det er liten variasjon mellom artane i familien. Blomsterfuglar er små, men kraftige fuglar, med kort hals og korte bein. Storleiken spenner frå 10 cm og 5,7 gram for dvergblomsterfugl til 18 cm og 12 gram for sancristobalblomsterfugl. Blomsterfuglar har kort hale, korte tjukke bøygde nebb og røyrforma tunger. Sistnemnde vitnar om tydinga av nektar i kosten for mange artar. Dei har òg fordøyingssystem som har utvikla seg til effektivt handtering av mistelteinbær.[1] Dei har ofte lite iaugefallande farger, men hos fleire artar har hannane klåre karmosinraude og eller svartglansa område i fjørdrakta.

Tungespissen har fjøraktige børstar hos mange blomsterfuglartar som Dicaeum nigrilore[2]

Nektar er ein del av føda, sjølv om dei òg tar bær, edderkoppar og insekt.[3] Det er funne 21 artar i 12 slekter av misteltein som kan gå inn i kosthaldet til blomsterfuglar, ein trur alle artar har tilpassingar til å ete desse bæra og skilje seg av med dei fort. Blomsterfuglar kan søkje føde i fleirartsflokkar med solfuglar og brillefuglar, så vel som med andre artar av blomsterfuglar.

Det finst lite kunnskap om forplantingsbiologien hos blomsterfuglar.[1] For artar der det er samla inn data finn ein at dei tilsynelatande dannar monogame par for hekking, men arbeidsdelinga varierer. Hos svarthovudblomsterfuglparet tar begge del i reirbygging, ruging og omsut for ungane, medan hofuglen hos mistelteinfugl tar dei to første oppgåvene åleine. Blomsterfuglar legg 1 til 4 egg, vanlegvis i eit veskeforma reir av plantefiber som heng ned frå eit lite tre eller ein busk.

Dei fleste blomsterfuglar er fleksible med omsyn til påverknader i miljøet, og er ikkje trua av menneskeleg aktivitet.[1] IUCN vurderer fem artar å vere nær trua, dei reknar to artar som sårbare og ein, cebublomsterfugl, som kritisk trua. Tap av habitat er årsaka til nedgangen av desse artane.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Familien har nokre gonger vore med i ein utvida solfuglfamilie, Nectariniidae. Dessutan har bærfuglar, Melanocharitidae og kongebærfuglar, Paramythiidae, vore inne i denne familien.

Blomsterfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [5]

Mistelteinfugl, Dicaeum hirundinaceum
Raudryggblomsterfugl, Dicaeum cruentatum

Slekt Prionochilus

Slekt Dicaeum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cheke, Robert; Mann, Clive (2008). «Family Dicaeidae (Flowerpeckers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. ss. 350–367. ISBN 978-84-96553-45-3. 
  2. Rand, Austin (1961). «The tongue and nest of certain flowerpeckers (aves:dicaeidae)». Fiediana Zoology 39:53. http://www.archive.org/details/tonguenestofcert3953rand. Henta 29. november 2010. 
  3. Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 205–208. ISBN 1-85391-186-0. 
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]