Boksarreke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boksarreke


Stenopus hispidus 1.jpg

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Infraorden: Stenopodidea
Familie: Stenopodidae
Slekt: Stenopus
Vitskapleg namn
Stenopus hispidus

Boksarreka eller korallreka er ein pusserekeart som lever på tropiske korallrev overalt kor dei finst. Namnet sitt har ho fått fordi ho vaggar frå side til side som ein boksar som prøver å unngå å bli treft. Ho er den mest kjende arten, og den som er mest brukt i akvarium.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Boksarreka er opptil 6 cm lang, er dekt av raude og kvite stripar og har lange, kvite antenner. Kroppen er dekt av korte piggar, som vert nytta i forsvar. Det tredje (av fem) beinparet er utvikla til relativt store klør, noko som røper at han faktisk er nærare skyld med krabbe og hummar enn med dei fleste reker. Halen peikar nedover, og kan nyttast til å symje kjapt baklengs.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Unge boksarreker (under eit år) lever åleine, men hjå eldre eksemplar er det vanleg å finna hoer og hannar i par. Hannen er mindre, og klynger seg til hoa når ho flytter seg over revet. Para er likevel særs territoriale, og forsvarar revira sine iherdig mot andre reker og små krabbar.

Boksarreka er nattaktiv.

Pussing[endre | endre wikiteksten]

Boksarreker er pussarar, det vil seie at dei lever i mutualistiske tilhøve med visse artar fisk. Sjølv om rekene teknisk sett er passande mat for fisken let denne vera å eta dei, sidan rekene plukkar parasittar og daud vev frå huda deira og såleis er med på å halda dei sunne og friske. Reka på si side får mat.

Boksarreke i akvarium

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Me veit lite om korleis boksarrekene formeirar seg. Det me veit er at hoa legg fleire tusen egg, som ho ber under bakkroppen medan dei utviklar seg, og at larvane lever planktonisk.

Boksarreke i akvarium[endre | endre wikiteksten]

Boksarreka er populær i saltvassakvarium, der ho kan leva i lag med mange korallrevsartar. Ho går derimot ikkje så godt saman med korkje andre små krepsdyr (som dei vil kjempa harde territorialkampar til dauden mot) eller med særleg aggressive fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]