Bolette C. Pavels Larsen
Bolette Christine Pavels Larsen | |
Opphavsperson: Ukjent. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. oktober 1847 Sogndal |
Død |
8. desember 1904 (57 år) |
Yrke | Forfattar, omsetjar og litteraturkritikar |
Sjanger | Dikt, noveller, forteljingar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Debut | Sognablo´, 1891. Forteljing |
Bolette C. Pavels Larsen på Commons |
Bolette Christine Pavels Larsen (18. oktober 1847–8. desember 1904) var ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende som var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Bolette Christine Pavels Larsen var den første forfattaren med utgjevingar på sogne-dialekt og soleis på landsmål i Sogn og Fjordane, men gav også ut bøker på riksmål. Ho vart fødd inn i ein embetsmannsfamilie i Sogndal, men var i dei fleste åra av sitt liv busett i Bergen.
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]Bolette C. Pavels Larsen omsette i 1888 tekstar frå skånsk til sogne-dialekt og fekk dei publisert. I 1897 gav ho ut forteljingar på sognemål. Forteljingane kom same året ut på dansk-norsk, og fem år seinare vart andre tekstar av ho gjevne ut på riksmål. Arne Garborg rosa forteljingane hennar som var skrivne på sognamål, og som kom ut i serien Små-stubbar, publisert av naustedølen Mons Litleré i 1886. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl skriv Bolette C. Pavels Larsen «med lett humor og mild ironi […]; ho snur på samfunnshierarkiet», står det i band tre av Vestlandets historie.[1]
Formidlar
[endre | endre wikiteksten]I Bergens Tidende fungerte Bolette C. Pavels Larsen som hovudkritikar frå 1884, og melde bøker frå heile Norden - med eit ekstra vake auge på dei frå Sverige. Ho var også svært interessert i litteratur på nynorsk, og fungerte som formidlar av bøker på landsmål av ukjende forfattarar. Bolette C. Pavels Larsen var ein støttespelar for Mons Litleré når det gjaldt drifta av nynorskforlaget han eigde. Bolette C. Pavels Larsen var medlem av Vestmannalaget, ein landsdekkande landsmålorganisasjon med base i Bergen.
Kontakt med kjende forfattarar
[endre | endre wikiteksten]Bolette C. Pavels Larsen hadde eit finmaska kontaktnett til andre forfattarar og litteraturkritikarar: Arne Garborg og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Verner von Heidenstam frå Sverige, Hans Seland, Jens Tvedt og dei danske brørne Edvard Brandes og Georg Brandes. Ho var i kontakt via brev med August Strindberg, verdskjend svensk dramatikar og forfattar, og fekk løyve til å omsetje og trykkje eit skodespel av han som føljetong i Bergens Tidende i mars 1883.[2]
Første husmorskulen
[endre | endre wikiteksten]I 1874 vart Bolette C. Pavels Larsen gift med Ole Johan Larsen (1845-1928) i Gloppen. Dei fekk ingen born. Heimgarden til Bolette C. Pavels Larsen i Kroken i Luster kommune vart til den første husmorskulen i dåverande Nordre Bergenhus amt etter sal i 1884. Det er reist ein minnestein over Bolette C. Pavels Larsen i Fjærland i Sogndal kommune. Ole Johan Larsen donerte bøker til Bergen Museum frå samlinga deira.
Kunstnarleg slekt
[endre | endre wikiteksten]Gjennom mora var Bolette C. Pavels Larsen i slekt med målar Gerhard Munthe (1849-1929) og lærar og forfattar Margrethe Munthe (1860-1931). Bolette C. Pavels Larsen døydde i Bergen.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1897 – Smaoe skjeldringa (Kristiania: Aschehoug forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1902 – Kløver og klunger (Kristiania: Aschehoug forlag) I fulltekst ved nb.no
Lydbøker
[endre | endre wikiteksten]- 1997 – Bolette : Sognablo´ og andre forteljingar (Sogndal: Sogndal bibliotek) [Forteljingane vert lesne av Ingrid Anne Yttri. Kassett]
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1891 – Smaastubbar : sjuande samlinga Red. Mons Litleré (Bergen: Mons Litleré) I fulltekst ved nb.no [Inneheld: Sognablo' / Bolette C. Pavels Larsen, s. 5-19]
- 1980 – Kvinner i nynorsk prosa Red. Inger Lise Breivik, Kari Bråtveit, Anne-Marie Midtbø, Aslaug Nyrnes, Idar Stegane og Helga Thorsen (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no [Inneheld: Velsignelse / Bolette C. Pavels Larsen, s. 31-39]
I tidsskrift - eit uval
[endre | endre wikiteksten]- 1892 – «[Tittel ukjent]» – Tyrihans
- 1894 – «En Dissonants» – Juleaften
- 1894?, 1895? – «Da skal bli krig no» – Syn og Segn
- 1896 – «Brorsfolk» – Syn og Segn, s. 283-284
- 1902 – «Gamle Lasse» – Syn og Segn, s. 260-263
- 1902 – «[Tittel ukjent]» – Samtiden
- 1996 – «Sognablo´» – Årbok for Sogn, nr. 42, s. 88-96
- 2008 – «Husmandsbørnene» – Kjelda, nr. 3, s. 29-30
Omsetjingar av Bolette C. Pavels Larsen
[endre | endre wikiteksten]- Henrik Wranér (1888). Staaveprat : ette´ Henrik Wraner ; fritt omarbeidd pao sognamaol ao Bolette C. Pavels Larsen. Bergen: Mons Litlerés forlag.
- Juhani Aho (1889). Skildringer fra Finland. Mons Litlerés forlag.
- Verner von Heidenstam (1890). Fra Col di Tenda til Bloksbjerg : Reiseskitser. Bergen: Beyer.
- Verner von Heidenstam, Oscar Levertin (1890). Pepitas bryllup : en litteraturanmeldelse. Bergen: Beyer.
- Birger Mørner (1893). Salig Baronessen : skuespil i tre akter. Kristiania: Aschehoug forlag. [Forord av Knut Hamsun]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Anton Aure (13. mars 2013). «Bolette C. Pavels Larsen». Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar (1916). Nynorsk kultursentrum. Henta 01.08.2014.
- Andreas Bjørkum; Jarle Bondevik (1978). Tidsskrift. Dikting og diktarar frå Sogn. Førde: Historielaget i Sogn. [Nr. 26]
- Aud Gjersdal (2013). «Velkommen, Deres Majestet, til mitt rike!». Bibliotekforum (1): 34-36.
- Sigrid Bø Grønstøl (2006). «Vestlandslitteraturen». I Knut Helle; Ottar Grepstad; Arnvid Lillehammer; Anna Elisa Yttri. Vestlandets historie. Kultur 3. Bergen: Vigmostad & Bjørke. s. 196-241.
- Idar Stegane (1983). Mons Litlerés forlag : eit pionertiltak i nynorsk forlagsdrift. Oslo: Samlaget.
- Idar Stegane (13. februar 2009). «Bolette C. Pavels Larsen». Store norske leksikon. Henta 01.08.2014.
- Idar Stegane (15. oktober 2009). «Bolette Christine Pavels Larsen». allkunne.no. Henta 01.08.2014.
Tekstar om Bolette Christine Pavels Larsen
[endre | endre wikiteksten]- Anton Aure, red. (1916). Kvinnor i den nynorske bokheimen : stutte livsskildringar. Skien: [Eige forlag]. s. 13-20.
- Andreas Bjørkum (2000). «Bolette C. Pavels Larsen og sognamålet». Dialekter och folkminnen : Hyllningsskrift till Maj Reinhammar den 17 maj 2000. Uppsala: Swedish Science Press.
- Ole Johan Larsen (1906). «Bolette C. Pavels Larsen. In memoriam». Urd.
- Bjarnhild Samland (2007). Nynorsk i Sogn og Fjordane : Smaoe Skjeldringa.
- Sogndal bibliotek (1998). Bolette Pavels Larsen. Målkvinne, kritikar og forfattar frå Sogndal. Eit undervisingsopplegg. Sogndal kommune: Sogndal.
- Idar Stegane (1980). «Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904)». I Inger Lise Breivik, Kari Bråtveit, Anne-Marie Midtbø, Aslaug Nyrnes, Helga Thorsen og Idar Stegane (red.). Kvinner i nynorsk prosa. Oslo: Samlaget. s. 31-33.
- Idar Stegane (1997). Bolette Christine Pavels Larsen: Artiklar, kritikk, forteljingar og brev. Bergen: Eide forlag.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Brev frå Bolette C. Pavels Larsen til Ivar Aasen. Bolette C. Pavels Larsen sendte boka Staaveprat til Ivar Aasen 21. november 1888 for å få synspunkt på utgjevinga. Den var omsett av Bolette C. Pavels Larsen frå svensk
- Om Boletter C. Pavels Larsen i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Manuskriptliste: Nr. 1 -2063. Oversikt over manuskript av Bolette C. Pavels Larsen ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
- Ulike syn på August Strindberg. Brevveksling mellom Bolette C. Pavels Larsen og August Strindberg.
- Gravminner